Sideblikk

Endå eit partilandsmøte i helvete

Venstre har ei stor og ærerik fortid, ei splitta samtid og ei usikker framtid i det blå.

Trine Skei Grande ser inn i framtida til Venstre saman med dei to andre i leiartrioen, Terje Breivik (t.v.) og Ola Elvestuen, på pressekonferansen før landsmøtet til helga.
Trine Skei Grande ser inn i framtida til Venstre saman med dei to andre i leiartrioen, Terje Breivik (t.v.) og Ola Elvestuen, på pressekonferansen før landsmøtet til helga.
Publisert

Restane av Rest-Venstre har landsmøte i helga. Der skal dei leita seg fram eller tilbake til dei liberale prinsippa. Aktiv dødshjelp er ei kampsak for Unge Venstre. Møtet blir halde på Hell, der Trøndelag Ap var samla rundt Giske for ei veke sidan. Det må vera ein passande stad for eit parti som har fast bustad i skjærselden, har sett eittalet på meiningsmålingar og vippar på avgrunnen til den andre sida av sperregrensa.

VENSTRE HAR VORE eit restparti omtrent sidan det blei skipa i 1884. Då hadde dei reint fleirtal og innførte parlamentarismen med Johan Sverdrup som statsminister.

Etter få år braut dei lekmannskristne og moderate ut. Geografisk og sosioøkonomisk openberra dei seg att i 1933 og skipa Kristeleg Folkeparti etter ein tapt nominasjonskamp i Hordaland.

I åra rundt 1905 fall liberale avskalingar på plass i det høgreorienterte Samlingspartiet. I 1908 blei stortingsgruppa oppløyst etter indre strid. Éi fløy skipa Frisinnede Venstre, som hadde mange hovdingar, men få indianarar. Dei stilte felleslister med Høire, fraterniserte med Fedrelandslaget og forsvann ut or soga. Venstrefløya med Johan Castberg blei Arbeiderdemokratene. Ved valet i 1912 var det konsoliderte Venstre igjen det største partiet, Gunnar Knudsen skipa regjering og styrte etter mottoet: Om Venstre skal samarbeida med andre parti, må det alltid vera til venstre. Då forsvann bøndene.

I mellomkrigstida ville ikkje Venstre vera med på borgarleg samling, så Johan Ludwig Mowinckel var statsminister i tre spinkle mindretalsregjeringar. I 1935 forlikte Bondepartiet seg med Arbeiderpartiet for å berga landbruket gjennom krisa, men i åra fram til krigen var Venstre fast støtteparti for Nygaardsvolds regjering.

ETTER KRIGEN hangla og gjekk det i indre og ytre opposisjon, og i posisjon i Per Bortens ikkje-sosialistiske firepartiregjering. Til det small i EF-striden og Venstre sprakk på landsmøtet på Røros i 1972. Dei sosialliberale ja-utbrytarane med Helge Seip i spissen ville kalla seg Folkepartiet Nye Venstre, men måtte nøye seg med Det liberale folkepartiet. Det visna snart bort, og restane fann heim att i 1988.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement