JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Embetsverket mistenkt for juks

Den konspiratoriske flasketuten peikar indirekte mot den slumsete Erna Solberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg på Statsministerens kontor i 2020.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

5637
20231208
5637
20231208

hompland@online.no

Byråsjefen er djupt såra og vonbroten. Han er den særde fordi tilliten til Forvaltninga har fått stygge stikk under Ernagate. Som talsmann for eit fagleg truverdig og politisk uavhengig embetsverk i den norske demokratimodellen er han skuffa over at landets fremste embetshaldarar kan mistenkast for å ha slumsa – eventuelt drive med «umedvite juks», om det er noko som heiter det.

Kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse ved det opphøgde Statsministerens kontor (SMK) seier dette til møkkagravarane i E24: «I denne saken har vi oppdaget at inn- og utgående saksdokumenter, som skulle vært journalført, i stedet har blitt arkivert som organinterne dokumenter.»

AT STYREMAKTENE skal gje innsyn i kva dei driv på med, er grunnleggande i eit ope, oppegåande og opplyst samfunn. Det må Forvaltninga ta til vitende, sjølv om dei skulle meina at det berre er mistenksame, masete og plagsame journalistar som grev i postjournalane. Då fleire mediehus bad SMK om innsyn i Sindresaka, blei dei avviste, for det var ikkje arkivert noko å gje innsyn i.

STORTINGETS kontroll- og konstitusjonskomité har studert dokumentasjon, halde høyring og lese fleire dokument. Dei var i ferd med å sortera ut Erna Solbergs inhabilitet fordi det finnes ein personverna Sindre som bak hennar rygg dreiv «løpende aksjehandel» og spekulerte i finansielle instrument som ville gje gevinst om norsk økonomi gjekk i dass. Det ville truleg ha passert med nokre striper å brenna inn i stjernelakken post festum. Men etter at meir er grave fram frå arkivskuffene på SMK, er saka nå til forlengd observasjon.

«DET ER UBEGRIPELIG at det har skjedd så mange glipper; det er rett og slett ikke til å bli klok på», seier Hans Petter Graver, ein klegg av ein professor i forvaltningsrett.

Korleis kunne kremen av toppbyråkratar gjera slike systematiske tabbar i ti år? «For­glemmelse», «inkurie» og «glipp» høyrest merkeleg ut.

Som alle oss andre, og i andre etatar, kan dei ha for dårleg grep om statusen til e-postar og tekstmeldingar. Men det er inga unnskyldning. Dersom SMK var i villreie om tolkinga av lov og arkivforskrifter, skulle dei ha skaffa seg nødvendig kunnskap, eventuelt etter råd frå den høgnasa lovavdelinga i Justisdepartementet, for ingen er meir ansvarlege enn SMK for korrekt forvaltningspraksis. Tommelfingerregelen er at det alltid er betre å vera opnare enn det som er pålagt; det er betre å arkivera for mykje enn for lite.

FLASKETUTEN PEIKAR indirekte mot den avgåtte statsministeren, som ikkje heldt styr på grensa mellom privat, ekteskapeleg og offentleg. Om ho var uvitande om kommunikasjonen mellom ektemannen og embetsverket ved SMK, var ho uansett formelt ansvarleg for praksisen.

Det er sjølvsagt ikkje spora munnleg eller skriftleg instruks frå Erna om at korrespondansen mellom SMK og Sindre skulle gøymast bort i eit usystematisert og organinternt papiraktiv. Men same kor profesjonelle dei er på kontoret, har Forvaltninga også røynsle i å vera instinktivt forsvarande, tolka signal og «fornemma» det dei trur er dei politisk føresette sin vilje – utan å seia «Javel, fru statsminister». I så fall oppfører dei seg ikkje som konstitusjonelle vaktbikkjer, men som personleg og politisk kringvern.

Slikt skal ein rekna med frå staben av spinndokterar med bakgrunn frå Unge Høgre og NRK, men ikkje av forvaltnings­eliten på SMK. Ekspedisjonssjefen med ansvar for administrativ og konstitusjonell avdeling, som ikkje var ukjend med aksjehandel, blei forfremma til departementsråd i Justisdepartementet. Regjeringsråden, som også var kanslar for Den Kongelige Norske St. Olav Orden, blei utnemnd til kommandør med stjerne for innsatsen i embetsverket.

I STRAFFERUNDEN om kva som skulle skje dersom Erna kjem tilbake i statsministerbustaden med den hobbyspekulerande gemalen på lasset, sa ho at då skulle ein vera føre var og setta opp eit strengt kontrollregime. Ho antyda at det kunne vera ei passande oppgåve for SMK. Det må ha vore ein reinsande lette der i garden då dei under eit nytt regime kunne avvisa det kort og direkte. Det hjelpte dei ut av Ernas garn.

VERTINNA HAR ALLTID meint at den stridige Byråsjefen idealiserer si eiga rolle og idylliserer Forvaltninga. Ho er ikkje overraska over det som har ramla ut av skåpa på SMK, om årsaka er slums eller sinnelag. Ho har hatt så mange kontroversar med anonyme, sjølvrettferdige, ugilde og firkanta byråkratar på alle nivå at ho veit at dei ikkje er uhilda, men utkropne.

Ho kjem tilbake til den satiriske romanen Arbeidsfolk av Alexander Kielland. Der hadde Anders Mo formelt ei underordna stilling som departementsbod, men han var viktig for statsråden fordi han kjende alle løyndomar og krokvegar. Hovudoppgåva var å syta for at ubehagelege brev, klager, uvelkomne søknader og petisjonar blei løynde i det såkalla «kaos», nedst i bunken hos ein ekstraskrivar.

Då den opposisjonelle pressa tok til å grava etter skandalar, slo den kommunikasjonsansvarlege tilbake mot «de Halvdannedes indgroede Had til Overlegenhed og Autoritet» – i eit kraftfullt forsvar av «den stærke Ring af intelligente, begavede Statsmænd og Embedsmænd, der saa længe har holdt vort Samfund oppe».

STORTINGET KJENNER berre til sitjande statsrådar. Embetshaldarar er uavsettelege utan etter lov og dom, men dei kan jo flyttast til eit anna departement eller ein utpost i Forvaltninga.

Byråsjefen ventar i spenning på om det blir ein skikkeleg oppvask når ko-ko-komiteen kjem med si utsette innstilling på nyåret.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis