JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Eit drivande anker i farens stund

Stortingets omdømme er svekt. Det omframme straummøtet vil ikkje fylla magasinet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stortinget med løve i solnedgang.

Stortinget med løve i solnedgang.

Foto: Berit Roald / NTB

Stortinget med løve i solnedgang.

Stortinget med løve i solnedgang.

Foto: Berit Roald / NTB

5583
20220909
5583
20220909

hompland@online.no

Stortinget har ein symbolsk helteplass i mytologien om folkestyre og demokratisk nasjonsbygging – mot den konstitusjonelt klåfingra unionskongen Karl Johan, mot amalgamasjon med Sverige, mot embetsmannsstat og vetorett, for bondeting og parlamentarisme.

Henrik Wergeland (1808–1845) kjempa mot stortingsfleirtalet om jødeparagrafen, men tok lovprisinga av «Norges kårne» heilt ut i eit hyllingsdikt:

Norges høitidsstund er kommen,

åpnet har sig tingets hal.

Høit og lydt i helligdommen

røster nu hver Norges dal.

Herredag av odelsbårne

samles atter i ditt ly.

Den var den gong, men ikkje nå. Stortingets makt, omdømme og kraft har veksla gjennom tidene, men i sum er magasinet av tillit blitt tommare.

ANTIPARLAMENTARISKE straumdrag frå venstre og høgre var sterke for hundre år sidan. Svake mindretalsregjeringar kom og gjekk, og Stortinget var på sidelina i kampen mot krise og dyrtid.

Arbeidarpartiet hadde ein revolusjonær raptus og ville ha arbeidarråd. Fædrelandslaget ville bygga ein nasjonalsinna einskapsfront mot sosialismen. Ei borgarleg samlingsregjering skulle ha utvida handlingsrom, Stortinget skulle få mindre makt, ha kortare sesjonar og bli billigare i drift. Då dei forsøkte seg med Fridtjof Nansen som upolitisk og samlande hovding, skal Carl Joakim Hambro (Høire) ha sagt: «Man kan ikke gjøre en hvilken som helst ski­løber til statsminister.»

Etter at Nansen døydde i 1930, skrumpa Fe-laget inn og blei meir høgreautoritært og endå meir fiendtleg til parlamentarisme og partistyre. Ein av dei fremste agitatorane og slåstkjempene deira var Anders Lange.

STORTINGET KOM DÅRLEG frå krigen. I aprildagane oppmoda presidentskapet Kongen til å abdisera, og dei godkjende ikkje lenger regjeringa Nygaarsvold i London. Fleire representantar lefla med okkupanten under krigen, og somme melde overgang til NS. Då Stortinget grunnstøytte, var det Kongen som redda nasjonen med sitt doble nei.

Etter krigen slo ein granskingskommisjon fast at på grunn av presidentskapets handlemåte «var ikke Stortinget blitt noe nødanker i farens stund». Presidentskapet blei samrøystes kritisert av Odelstinget i 1948, men unngjekk riksrettstiltale.

BYRÅSJEFEN BLIR ALDRI lei det seipske ordtaket om at Stortinget var i indre eksil mellom Krigen og Kings Bay. I Gerhardsens stordomstid var det ingen politisk situasjon i Stortinget, for Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakta og reint fleirtal til 1961, då SF kom på vippen med to mandat.

Så kom gruveulykka på Svalbard og granskingsrapporten frå Tønseth-kommisjonen. Stortinget utsette den høgtidelege oppløysinga, og då dei møttest 20. august 1963, tre heile dagar til ende med den første TV-overførte debatten, fekk regjeringa mistillit og måtte gå av. John Lyngs regjering av fire borgarlege parti varte berre tre veker, men markerte slutten på eittpartistaten i etterkrigstida.

MINDRETALSREGJERINGAR gir Stortinget større rom til å manøvrera og påverka. Det blei brukt under pandemien, og det er ført vidare fordi Støre-regjeringa har vore bakpå og fått strekk i laget under straumpriskrisa.

Dei høglydte opposisjonspartia kravde at Stortinget måtte møtast og rydda opp i nølinga. Arbeidarpartiet og Høgre gav etter for trykket om å kalla inn til ekstramøte 19. september. Ingen våga å ha på seg at dei ville ha den tre månader lange sommartørken i fred, same kor komisk det er å kalla inn til haste­møte med fire vekers varsel. Det styrker heller ikkje tilliten til seriøsiteten at Stortinget så vidt blir vedtaksført til å vedlegga statsrådens utgreiing protokollen, for næringskomiteen er bortreist på dagen for å støtta norsk industri i Sør-Amerika, og andre komitear har andre utflukter.

OPPOSISJONEN FÅR eit godt kringkasta høve til åtak på regjeringa frå høgre og venstre, og ansvarlege statsrådar kjem til å svara med velkjende talepunkt. Det blir reprise på forslag om makspris, kablar, prosentar, fyllingsgrad og meir prinsipielle innspel om systemendring. Dei blir i beste fall sende ende over til komiteen, mens me ventar på energikommisjonen. Om nokon vil briska seg med mistillitsforslag, blir dei røysta ned.

Stortinget kjem til å syna seg som eit drivanker utan fast feste i straumkrisa, ein talarstol for partimarkeringar, med demonstrasjonar ved løveføtene på bakken utanfor. Sakleg sett blir det ein reprise av partileiardebatten med Fredrik Solvang på demokratiets dansegolv.

Å BYGGA OPP til tru på at Stortinget kan ordna opp i det regjeringa har rota til, er risikosport for ein institusjon som slit med omdømmet. Tillit er ein knapp ressurs som treng stadig påfyll og tilsig, og ekstramøtet bidrar ikkje til det. Mange små­løver har haussa seg opp på illusjonar, men for Stortinget som institusjon blir det ned som ein skinnfell.

Det har tært på den oppmagasinerte tilliten med garasje, pensjon og etterlønn, juks med reiserekningar og tvilsame manøvrar om pendlarhyblar og skatt. Dei sakene har så langt ført to representantar i fengsel og felt to presidentar, to direktørar, ein statsråd og ein partinestleiar. Det kan enda med parlamentarisk forlis.

DEI ALLER FLESTE på Stortinget er heiderlege, arbeidsame og overordentleg ordentlege, men det finst dårlege skatteråd og brotne kar i alle parti. Med politisk sekularisering og Stortingets statusfall er det tvilsamt om Wergelands siste strofe står seg:

Tidens guder er dens menn.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Småløvene har haussa seg opp, men det kan bli ned som ein skinnfell.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis