JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ein statsminister «i bevegelse»

Før valet tok Støre eit steg til venstre, eit halvt ut i distrikta og eit halvt inn i det grøne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ap-leiar Jonas Gahr Støre skjerma seg då han som statsministerkandidat ringde rundt til potensielle statsrådar.

Foto: Lise Åserud / NTB

5465
20211015
5465
20211015

hompland@online.no

Eg har kjent Jonas i 35 år. På slutten av 1980-talet var me med og laga «Scenarier for Norge mot år 2000: Omsorg, Forvitring, Fornyelse». Me har også hatt laupande seminar i hundrevis av kilometer i godt brosteinslag, men aldri på ski, for der er han for Heming-god og veit alt om blå Swix.

STØRE KOM FRÅ Ris på Oslo vest og eit eliteuniversitet i Paris og var langt frå heimekjend i heile Noreg. Han kom, såg seg rundt, lytta og lærte, og snart var han den av oss som såg lengst og vidast og formulerte seg best. Det var han me sende til viktige presentasjonar av prosjektet, som på statsministerens kontor. Der regjerte Gro Harlem Brundtland, mor til ein av dei konservative vennene hans frå oppveksten.

Eg gjer krav på ein liten flik av æra for at han ikkje blei gruppesekretær i Høgre og koffertberar for Willoch. Då han fekk tilbodet og spurde eit par av oss til råds, sa me at det måtte han aldri finna på – ikkje fordi det var Høgre, men fordi han måtte halda seg unna partipolitikk. Han burde bli den perfekte toppembetsmannen i norsk forvaltning og ta sikte på å leia store og viktige internasjonale organisasjonar.

SOM SPALTIST har eg følgt Støre på respektfull distanse i åra etter. For å kompensera for mistankar om biased viewpoint har eg vore meir kritisk til han enn til dei fleste andre samfunnstoppar. Då han blei leiar for sosialdemokratiet, tenkte eg at det av habilitetsgrunnar ville vera best å la vera å skriva meir om han. Det burde eg ikkje, meinte han, men bad meg slutta å bruka den trøblete akillesen hans som metafor for at han med sin klassebakgrunn var sårbar i Arbeidarpartiet. Det lova eg, av sportslege grunnar, men har funne andre sideblikk på det å vera framandkulturell innvandrar i arbeidarrørsla.

EG HAR VORE MED og markert hans 30, 40, 50 og 60 år på ulike vis. Då han fylte 50, talte eg over sjølvvalt tema: «Ein pilegrims vandring». (Støres bok om «veivalg for det 21. århundre» heiter I bevegelse. Refleksjonsboka frå då han var utanriksminister og leverte fotnotar til Dag Solstads roman Armand V, hadde tittelen Å gjøre en forskjell.)

Eg lærte noko nytt der eg stod saman med biskop Stålsett og 500 andre og venta på at Støre skulle dukka opp til overraskande mottaking på 7. juni-plassen utanfor UD.

Eg fann det litt underleg at Støre skulle vera der, når han etter programmet heldt foredrag på Fafo. Då mælte Stålsett: «Nu skuffer du meg, Andreas. Er du ikke bekjent med ubikviteten?» Og så fekk eg ei teologisk utgreiing om realpresens i nattverdsmysteriet: at Kristi lekam og blod faktisk er til stades i brødet og vinen. Og at Jesus etter oppstoda kunne vera kvar som helst og fleire stader samstundes.

På engelsk heiter det ubiquity og er eit relativt vanleg bruksord for det dansk-norske alle­stedsnærværenhet, som blir synonymt forklart slik på nynorsk: allstad(nær)verande, iherdig, utrøytteleg, trottig, flittig – ein som alltid dukkar opp, er overalt, viser seg alle stader, er støtt på farten.

Omnipresens er eit anna omgrep for det same, men omnipotens er noko anna. Det blir brukt i psykiatrien om ein person som har ei urealistisk førestilling om sin eigen styrke, som trur han er allmektig og kan meistra alle situasjonar. Der er ikkje Støre, verken i eige parti eller i mindretalstospann med Senterpartiet.

NÅ ER DET NOK, meiner Byråsjefen. Spaltisten forfell til irrelevant pludring og innser ikkje at han på grunn av kjennskap og vennskap er susande inhabil. Og det er jo ofte slik at dei inhabile pukkar på sin høge integritet.

Byråsjefen er meir kjølig observerande. Han er imponert over at Støre overlevde attentatforsøka i eige parti, kom seg ut av kvalfiskens buk og førte Arbeidarpartiet inn i smulare farvatn.

Før valet var han taktisk og retorisk dyktig. Han snakka partiet eit steg til venstre, eit halvt steg ut på bygda og eit halvt steg inn i det grøne skiftet. Men etter valet er det slutt på leitinga; nå er det eitt steg tilbake mot det fossile sentrum. Sjølv vil han vel kalla det verken til høgre eller til venstre, men rett fram med stø, sosialdemokratisk kurs.

VERTINNA ER SAMD. Ho trur Støre kan bli ein ålreit statsminister, for han ser sympatisk ut og er god til å tala runde ord som høyrest gjennomtenkte ut. Å venta og vurdera er ikkje det same som å vingla; det kan også vera visleg – ikkje minst når ein har med Vedum å gjera.

Men Støre er ikkje Vertinnas mann. Han har to i seg til å bli respektert, men ikkje folkekjær. Han er ein framandkar for bygdemenneske og arbeidsfolk flest. Ho ser ikkje for seg at ho kunne sitja og småprata med han ved ein jøtulomn. Hennar favorittar som statsminister er Odvar Nordli (1976–1981) og Per Borten (1965–1971). Dei kom då det var vanlege folks tur.

SPALTISTEN VEIT om eigen inhabilitet, men han likar det ikkje. Han tykkjer det er urettvist når det rammar han sjølv, for i eigne auge har han høg integritet og ser seg som ein engasjert tilskodar med kritisk avstand til ein politikar «i bevegelse». Han kjende Jonas, men kjenner ikkje statsminister Støre.

Men når dette kjem frå Hjelpeskrivarane, har han ikkje anna å gjera enn å ta til seg ein klassisk steingrunn frå Dag og Tid, som han elles plar pynta seg med: «Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for».

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den inhabile pukkar gjerne på sin eigen integritet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis