Sideblikk

Ein meiningslaus hovudstraum

Basis for samfunnskontrakten mellom stat og presse er eit differensiert mangfald.

Ikkje alle trivst med aviser på nettbrett. Somme vil framleis ha trykksverte på fingrane.
Ikkje alle trivst med aviser på nettbrett. Somme vil framleis ha trykksverte på fingrane.
Publisert

Byråsjefen er ein papirmann. Han mistrivst med aviser på nett. Der må han må bla gjennom pinlege saker om store penisar og leita seg fram til der det står kommentarar, analysar og anna meiningsfylt stoff, og det er ikkje lett, for det er gøymt bak krunglete lenker og betalingsmurar.

Det plagar ikkje Byråsjefen til dagleg, for han er ein livs­løgnar som held den rituelle morgonrytmen sin høgt: Han slår på kaffitraktaren før han dreg frisk luft, går til «aviskiosken» og kjøper laussalsavisene og tar med abonnementsavisene frå postkassa. Så blar han gjennom dei i ro og fred til morgonkaffien. Han veit kvar han finn det han er ute etter, for det står der det skal stå. Han tar til med Aftenposten bakfrå og kommentarane i Dagbladet og VG framanfrå.

FOR BYRÅSJEFEN har dette vore starten på dagen i heile hans mannsalder. Den grundige lesinga tar han på toget til jobb, så det er alltid saker å snakka om i lunsj- og kaffipausar. I heimekontorets isolasjon har han forlengt avisstunda, men det gjer ikkje same nytte: Han har liksom ikkje brukt avisene før innhaldet er delt med andre.

Byråsjefen høyrer til ein faren tradisjon. Han veit det og liker det ikkje, men har lagt seg i trening for eit tristare liv – fordi papiravisene ikkje finst lenger, eller fordi mediehusa har tvinga han over på nettet.

HER OM DAGEN fann Byrå­sjefen fram til ein kommentar av John Olav Egeland i Dagbladet på nettet. Han var utstyrt med denne åtvaringa: «Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.»

«Kva faen er dette?», tenkte Byråsjefen. Kan den tidlegare redaktøren, som må oppfattast som ein verdifull merg i dagbladtradisjonen, radikal og til venstre i sosiale, økonomiske, kulturelle og nasjonale spørsmål, vera sett på indeks av det danske Aller-konsernet? Presentert som ein hvilken-som-helst innsendar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement