JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ein må vera to for å dansa tango

Høgre og Fræmspartiet må syna avstand, men ikkje meir enn at dei kan finna saman att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Siv Jensen var nøgd den dagen ho kunngjorde at ho tok Frp ut av regjeringa. Statsminister Erna Solberg (t.h.) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) ventar på å ta del i Dagsnytt 18 på NRK.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

5418
20200221
5418
20200221

hompland@online.no

Framstegspartiet, der Siv Jensen manøvrerer for å halda taumane, arbeider med forteljinga om seg sjølv som regjeringsparti. Ho minner om Diana, Princess of Wales, som sa at ekteskapet med Charles etter kvart blei «too crowded».

Framstegspartiets forteljing er at samlivet med Høgre rett nok ikkje var eit teselskap eller kaffislabberas, men likevel lykkeleg og produktivt så lenge det berre var dei to. Etter at Siv og Trine var på jentetur med grøn skattejakt i Canada, gjekk det også på eit vis med Venstre like utanfor og så litt innanfor regjeringa, inkludert den veslevaksne Rotevatn og den uvørdne Raja. Men då Erna ville integrera begge dei små og kranglevorne tullepartia i det grå og kjedelege kabinettet, var det slutt. Frp braut ut av det fornuftsekteskapelege fengselet for å finna att seg sjølv.

Nå som dei trivst og legg på seg i fridom, er dei både letta og litt bitre. Somme tar heilt av, flørtar i mange retningar, ser regjeringsmakt som rota til alt vondt, meiner at brotet er definitivt, og at partiet er sterkast når det står aleine.

Men etter seks og eit halvt år i fengsel har den lauslatne fangen store problem med å tilpassa seg eit normalt kvardagsliv. Faren for tilbakefall er stor, for mykje saftig kriminalitet er pønska ut innanfor murane. Utan aktiv kriminalomsorg kan den frisette koma saman med låke vener og ta opp att sitt gamle liv.

ANDRE PRØVER å vega sine ord, for dei har ei von om å bli saman med Erna att etter halvt­anna år i separasjon, dersom ho lovar å ha ein familiepolitikk utan polygami. Derfor prøver Siv Jensen å kombinera å vera hard i klypa, tung på labben og lett på foten. Som parlamentarisk førar for dei mest regjeringshuga frontar den tidlegare finansministeren pirkinga på statsministeren med tidlegare samferdselsminister Dale som hjelpesmann. Dei skuldar henne for å vera økonomisk uansvarleg og lova sterkare klimamål utan å greia ut utgiftene. Det er eit retorisk og strategisk grep for å stagga høgrøysta klimafornektarar, gjedder i sivet og utsleppte høner og bøller på listhaugane.

STATSMINISTEREN er med på dansen, for it takes two to tango, og ho har ikkje gitt opp draumen om den opne dørs regjering. Forholdet mellom dei nyskilde må ikkje bli verre enn at dei kan regjera saman att om dei skulle få fleirtal. Høgres klassiske devise frå John Lyngs tid, at Høgres veg til makt går gjennom sentrum, er revidert i takt med at sentrum har gått til venstre eller bleikna og visna bort.

Solberg seier det ikkje på den måten; ho held tann for tunge og bit i seg harde ord og Høgre-arroganse. Ho minner heller om dei utvegane Fræmspartiet fann då dei var med og styrte landet, for ho ser ingen veg til makt etter 2021 utan at Fræmspartiet er med på lasset. Høgre var utan statsminister i 22 år mellom Jan P. Syse og Erna Solberg. Siv Jensen, som førte partiet inn i det lova landet etter at Carl I. Hagen hadde leia flokken sin rundt i ørkenen i 40 år, ser ikkje lyst på 40 nye år som Moses på politisk ørkenvandring.

Siv og Erna utfører for tida ein pas de deux, ein ballett for to med innstuderte rørsler der dei svingar seg rundt kvarandre i avstand og nærleik og knekker nøttene.

ALF PRØYSENS «Tango for to» er grei å ty til når det bruser i blodet og ein snublar lite grann i høghæla sko. Det gjeld å ta ein tangosving med eit trinn fort og eit trinn dit, og eit trinn bort og eit trinn hit, men passa på og verja seg med både nebb og klo når det kjem spørsmål om å bli med heilt heim:

Je får snu meg rundt

og gjøra som je itte hørte noen ting

og det lyt skje fort!

og så syng je litt og svinge meg

og ser ut som om ittno’ er gjort.

BYRÅSJEFEN ler av denne runddansen. Han er glad for at det har blitt meir kvile og ro i forvaltninga utan korttidsstatsrådar frå Framstegspartiet. Men på den andre sida var dei greie å ha, for dei likte best å listhauga og brukte så mykje tid på å dela med folk flest at dei lét forvaltninga halda på med sitt.

Vertinna rotar litt i veska si. Ho synest Erna er staut og robust, og at Siv svingar seg godt. Berre Siv ikkje blir større enn Erna, trur ho dei kan koma til å greia det som ingen ting, for ho har sett Jonas Gahr Støre dansa.

***

RETTINGAR. Desse påhenga er eit sjangerlån frå Dølen. Der la Vinje inn alt frå korrekturfeil og svar på klager om sein levering av bladet, til utdjupingar, bortforklaringar og polemiske fintar. Nå har Spaltisten fått eit nytt føredøme: distrikts-, digitaliserings- og dopingminister Linda Cathrine Hofstad Helleland. Under streken i Aftenposten kallar dei praksisen «Korrigering av retting».

På kort tid har LCHH produsert to minneverdige. Først skreiv ho brev til Stortinget om at «det ved en inkurie var kommet inn en feil i lovforslaget». Veka etter hadde ho dette å melda: «Vi ber Stortinget se bort fra dette brevet, da det dette brevet dessverre også inneholdt en feil.»

Om 3 prosent-minister LCHH held fram som ho stemnar, kan det bli titusenvis. Men ho har sitt på det tørre, for som departementsråd Eivind Dale svarte då han blei spurd om det var noko Kommunal- og moderniseringsdepartementet angra på i Terra-saka: «Et departement har ikke følelser og kan derfor ikke angre.»

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Et departement har ikke følelser og kan derfor ikke angre.

Departementsråd Eivind Dale

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis