JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ein hybrid og jordnær luftballong

Veljarar skal tru dei kjenner Senterpartiet, som er fast i ord, men uklart i handling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum ved bålet framfor gapahuken på garden sin på Ilseng i Stange kommune.

Foto: Heiko Junge / NTB

5365
20210212
5365
20210212

hompland@online.no

Senterpartiet kaprar veljarar frå alle, ikkje minst frå Framstegspartiet. Frå Arbeidarpartiet kjem solide og LO-organiserte vanlege arbeidsfolk – særleg i distrikta, men også ein og annan Bøhler-slengar mellom proletære urveljarar som misliker dei urbane modernistane.

DET JORDNÆRE Senterpartiet har svinga mykje i oppslutnad etter indre spenningar og politiske dagsordenar. I EU-saka har dei vore nær grasrota. Nå har dei oppdrift som ein varmluftballong og får mange med på bandwagon-effekten – «rævadiltereffekten» på statsvitskapeleg bergensk: Når toget rullar ut frå den nedleggingstruga stasjonen, må ein henga seg på eller bli ståande att på perrongen, elles blir ein overkøyrd.

Det veksande Senterpartiet er annleis og tar i bruk meir av seg sjølv, med ein annan visjon for heile Noreg enn den sentrale hovudstraumen i norsk politikk. Derfor leitar den kompakte konsensusen etter veike punkt og avslørande inkonsekvensar dei kan ta Senterpartiet på, både politiske motstandarar, kommentariatet i Oslo-bobla, PR-agentar og privatpraktiserande lobbyistar.

DET OSLOBASERTE kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese har for andre år på rad kåra Trygve Slagsvold Vedum til «årets tåkefyrste». Då den urban­arrogante Hans Geelmuyden blei sleppt laus i Dagsnytt 18, skulda han likevel ikkje Vedum for tåkeprat, men for å vera forførande enkel. Han brukte det importerte brexit- og Trump-knippet: nasjonalisme, populisme, løgner og alternative fakta, setta grupper opp mot kvarandre, sprenga bruer i staden for å bygga dei, ha som underliggande bodskap at alt var betre før, og assosiera seg på frekt vis med dei som lever i utanforskap.

Den folkelege Vedum kunne syna til folkestyret og folkeviljen og flira av «PR-eliten» på veg til neste meiningsmåling. Han er eit trugsmål mot hegemonar fordi han trivst godt i slagsmål som styrker bildet av Senterpartiet mot eliterøkla.

Dersom Byråsjefen hadde vore konspiratorisk, ville han trudd at Senterpartiets løynde våpen er at dei står på den hemmelege kundelista til Geelmuyden Kiese, som lever av slagordet «Vi flytter makt».

Å GÅ LAUS PÅ Senterpartiet er eit kinkig punkt også for alle som vil bli kvitt Solberg-regjeringa. Dei veit at utan ein Vedum som lokkar veljarar frå Framstegspartiet og dei to små regjeringspartia i dødsskuggens dal, spøker det for eit nytt fleirtal på Stortinget. Dei må ta med på kjøpet at når Senterpartiet blir større og meir hybrid, blir Arbeidarpartiet mindre.

Når Senterpartiet får tilsig frå ulike kjelder og vil femna stadig fleire utan å støyta nokon frå seg, aukar det interne spriket. Det er avansert staurbering å sameina grønkledde og oljesvarte, men så langt har partiet unngått å måtta kriseforlika seg med seg sjølv.

Dei heimesnikrande strategane veit at dei nye veljarane ikkje flokkar seg rundt Senterpartiet fordi dei er lokka av firkløver, men med desentralisering, distrikt og diesel. Det er færre å missa ved at nokon melder overgang til dei små grøne partia, enn det er å vinna på å vera på godfot med dei fossile.

SENTERPARTIET har ein raskt veksande bøling som dei ikkje har fått sett klave på – verken ideologisk eller pragmatisk. Og det er uklart kva den klaven i så fall skulle vera. Vedums vellykka retorikk mot sentralisering og avmakt kan koma til å sprekka når han kjem ut i sola og skal inn i regjering.

Senterpartiet har få klare meldingar om klimaet. Det har kosta lite å vera for måla i klima­politikken så lenge dei slapp å ta stilling til avgifter, kvotepris og andre verkemiddel. I lengda blir det tynt å satsa på skogplanting, raudt kjøtt og hets av syklande veganarar.

KLIMAFORNEKTAR er Trygve Slagsvold Vedum ikkje, men tiltaksskeptikar. Forureinaren skal framleis betala, men det må ikkje ramma sosialt og geografisk skeivt, slik at dei rike i byane får dei lettaste børene.

Partiet har snudd om vindkraft på land, i takt med folkemeininga på bygdene. Dei stør Framstegspartiets forslag om å opna for utbygging av freda vassdrag, men forkler det som flaum- og skredsikring. Og det må bli enklare for grunneigarar å bygga småkraftverk.

Det er mange rom i Vedums hybride hus. Senterungdommen vil ha nullvisjon for ulv av omsyn til husdyr og bygdefolk. Det er ei grei arbeidsdeling i senterfamilien: Den utolmodige ungdommen må få høve til å blåsa ut, medan moderpartiet får signalisert at trass i rovdyrforlika, er dei mest mot ulv, utan å stilla seg bak utryddinga.

VEDUM HAR SNAKKETØYET i orden. Han er dyktig til å dansa seg rundt tidlegare standpunkt og programformuleringar. Han er ein veljarfiskar med garn og trål, men også med kaffi med sukker og juksa med søkke.

Han kan seia noko på eit kvarter til morgonkaffien, prata det bort før kvelden, men halda seg til talepunkta og få det til å henga på greip. Han er dyktig til å tala med to tunger og få det til å høyrast samstemt ut for dei som lit på det dauve øyret.

Tilstrøymande veljarar skal tru dei veit kvar dei har Senterpartiet. Derfor må dei vera faste i ord, men passe uklare i konkret innhald og handling. Det er ikkje eit spørsmål om semantikk, men om politikk, og Senterpartiets førande prinsipp er pragmatikk.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Senterpartiet treng ennå ikkje
kriseforlika seg med seg sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis