Dugnadspålegget blir frivillig i år
Det er typisk norsk å ha tillit til sosio-terapeutisk monarki og fellesskapt sosialdemokrati.
Tradisjonen tru heldt kong Harald nyttårstale på Slottet.
Foto: Lise Åserud / NTB
hompland@online.no
Det klassiske bildet på eit nytt år er ein gebrekkeleg olding som gir stafettpinnen vidare til eit nyfødd barn. I år er det intensivpasientar og trippelvaksinerte som er målestokken. Vona er at covid-19 muterer til ein sesonginfluensa som er til å leva med og kan stikkast bort i flokkimmunitet – i rekka av tuberkulose og polio, hongkonginfluensa og asiasjuke.
ØYSTEIN OLSEN, som syng på siste verset som gjennomsnittleg stolt sentralbanksjef, «hensyntar» mykje og angrar ingenting. I diverse nyttårsintervju bruker han denne innøvde frasen om utsiktene for det nye året: «Bare vi kommer gjennom denne vinteren, da kommer solen tilbake.» Det er eit glansnummer i den inflaterte retorikken som samfunnsøkonomar har å rutta med når dei stig ned frå berget og meddeler seg til vanlege folk.
KONGE OG STATSMINISTER har også tala til folket – ikkje som undersåttar eller kameratar, og ikkje høgstemt, men med det intimiserande «kjære alle sammen».
Dei to utfyller kvarandre: eit sosio-terapeutisk monarki og eit fellesskapt sosialdemokrati for vanlege folk. Spaltisten kom ut av teljinga på kor mange gonger statsministeren brukte ordet fellesskap, brodert med samhald og tillit, «som er det beste vi har». Han skremde med den demonstrerande tilstanden i EU, som han elles har stor tillit til. Han tydde til «annleislandet» og «slik er ikke vi». Der var han i samklang med nyttårstalen til sin politiske mentor, Gro Harlem Brundtland, og han kunne ha ordlagt seg slik: «Det er typisk norsk å ha tillit.»
ORD OG ORDTAK, slagord og metaforar kan bli evige ved intens bruk, men dei kan også bli brukte opp, og då kan fenomenet bli devaluert på kjøpet. Slik har det dessverre gått med dugnad, som i 2004 blei kåra til Noregs nasjonalord. Etter at politikarar og styremakter har slite det ut som moralsk pålegg, har folk flest fått det så opp i halsen at det er sett i karantene.
Men me klarer oss vel gjennom ein koronavinter til, så lenge me får lov til å vera ute i naturen. Portforbod er over grensa for eit turfolk.
SPRÅKRÅDET kåra sportsvaske til fjorårets nyord. I år fell det oss naturleg lett å bruka det om fotball-VM i Qatar. Verre er det med vinter-OL i Beijing, for der skal me føra vidare oppsummeringa av OL i Oslo 1952: «Vi viste verden vinterveien.»
Nyttårshelga har vore full av tevlingar i smittefarlege strok i Alpane, men det blir tryggare i det autoritære Kina. Nå ventar me på at Heidi Weng skal slutta å bøya seg, men koma i storform og klatra til nye hattehøgder med nyskapande språkperler, til dømes «jeg tar av meg støvet».
«FRIVILLIGHETENS ÅR» er merkelappen for 2022. Kongen knytte håp og tru til det, men han minte om at normalitet treng tid på å koma tilbake. Det har synt seg rimeleg lett å forby det normale, men problematisk å vedta å innføra det att utan at det fløymer over og fører til ny nedstenging. Helseministeren har sitt å stri med. Etter ei heilskapsvurdering skjenker eg Ingvild Kjerkol ein medynksam tanke.
Vertinna har skjerpa det mistenksame covid-19-blikket. Ho har radaren på heile tida og saumfer omgivnadene for manglande munnbind og brot på meteren. Ho liker det ikkje, og ho ser fram til at det går over, men ho gjer det, for det har sett seg fast i kroppen.
MANGE HAR GRUNN til å angra på mykje dei gjorde og sa i peståret 2021: Scatecs sørafrikanske julebord på Aker brygge, Erna Solberg med sushi på Geilo og dobbel lovnad om normal jul, Jonas Støres løfte om at det ville ha vore mindre smitte med han som statsminister, Bent Høies opning for one-night-
stand for alle legningar, men mest av alle overlege Preben Aavitsland i Arendal, Froland og Folkehelseinstituttet, som 6. juni i fjor twitra: «Det var den pandemien.»
Byråsjefen vonar at Aavitsland kan retta opp att feilen frå i fjor i det nye året. Den passande datoen ville i så fall vera 7. juni: frigjeringsdagen frå Sverige i 1905, og datoen i 1945 då normaliteten var tilbake fordi kongen kom heim og norske statsmakter overtok sivil makt frå dei allierte.
***
RETTINGAR. Bjørnstjerne Bjørnson har vore ein gjengangar, men etter å ha kvittert ut nokre bjørnsonianske fotnøtter, lovar Spaltisten at diktarhøvdingen skal få kvila fram til 200 årsdagen om ni år.
Ei retting er at det ikkje var på storgarden By i Steinkjer han ville slå seg ned for å dikta. Det var på den nærliggande og like gjæve Gjeving i Egge, som også var bestyrt av statsraadinde Qvam.
Ei anna påminning er hatet hans til landsmålet. I eit brev til Arne Garborg i 1879 skreiv han om «disse endnu lodne Folk, disse Huleboere, lad dem raute på Målet».
BJØRNSTJERNE BJØRNSON meinte mykje om det meste og passa ikkje inn i andre parti enn sitt eige. Det var Venstre, og der såg han seg som ein sjølvutnemnd personleg og ustoppeleg vaktar.
Spaltisten kan ikkje løyna at han har ei lang fortid i Dagbladet, og derfor også eit forhold til den mangfaldige redaktør Hagbart Emanuel Berner, som mellom mykje anna også grunnla Det Norske Samlaget og Norsk Ligbrændingsforening. Han gav Bjørnson dette rådet: «Du skulle (...) gjort som Vor Herre; hvilet Dig og seet at det var godt gjort. Du maa give Folk Tid til at fordøie. Du er for urolig, kjære Bjørnson. Gi andre Raad og Vink: men skriv ikke saa meget selv!»
DET KAN JO VERA eit godt råd for det nye året – til talsmenn for helsestyresmaktene som me har på nakken, men også til kommentariatet og oss skrivekarar som dyrkar kårteigane våre.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Folk flest har fått Noregs nasjonalord så opp i halsen at det er sett i karantene.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.