JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

«Driving Home for Christmas»

Kommersen har slukt det kristne innhaldet, men kyrkjene prøver å henga seg på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Julestemning på Karl Johan med julemarknad i Spikersuppa.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

5597
20231222
5597
20231222

hompland@online.no

Legenda vil ha alle heim til jul, kvar frå sin stad. Det kan vera langt, det kan vera dårleg føre, fulle tog og fly, men ein går seg over sjø og land for å møta ein gamal mann som høyrer heime. Jul er der flokken samlar seg.

Jul er barnas høgtid. På julekvelden skal alle saman vera glade, også dei arme små. Barna skal gle seg til pakkane; dei vaksne til drikke og tradisjonsmat. Sauer er ålreite dyr, men også ribbe, torsk og julegraut med mandel og marsipangris. Akevitt blir eit stadig edlare norsk landbruksprodukt.

Alt skal vera som det plar vera. «Christmas as usual». Det passar dei unge godt, for dei er så tradisjonelle og vil at prosedyrane skal vera dei same i alle år. Tider skal komme, tider skal henrulle; slekt skal følge slekters gang.

SLIK ER SJØLVSAGT ikkje «My Norwegian Holiday» for alle. Stadig fleire har ikkje jula som kulturell arv eller som falma religiøst bakteppe. Det er lettare å samla seg om Sankta Lucia og Sankt Nikolas i Coca-Cola-utgåve med flygande reinsdyr og snille barn.

Dei einsame blir meir einsame i kjernefamiliseringa av jula. I storfamilien er det alltid nokon som ikkje toler kvarandre, så ein må velja: å feira selektiv og verna eller å leva i otte for dårleg stemning, ovdrykk, kranglar og dørsmelling.

Love Actually er kansellert som romantisk julekomedie. Det er meir personleg og sosial pine og plage i Maria Menas nyklassikar:

I wanna go home for Christmas

Let me go home this year

KYRKJEFORSKARAR (Aagedal og Kloster, Aftenposten 16. desember) peikar på «julekveldifisering» av den kyrkjelege julefeiringa. Ho startar tidlegare og varer kortare. Jula begynte tradisjonelt med høgmesse om Ordet første juledag, og ho varte til Olav Åsteson vakna av draumen og kvad trettande dag. Det var det ikkje gudsteneste på julekvelden, for det kolliderte med fjøsstellet. Nå dominerer nedkorta og liturgisk uformelle barne- og familiegudstenester med julekrybbe og -spel, gjerne fleire på rad for å dekka etterspurnaden.

Jula med midtvintersblot er eldre enn kristendommen i Noreg. Det kommersielle og folkelege har for lengst slukt det kristelege, men kyrkjene henger seg på så godt dei kan. Dei har akseptert skikken med lystenning på gravene. Nokre prøver seg med adventgudstenester på kjøpesenter. Popartistar har ei god årsinntekt på å tura jula inn med konsertar i stemningsfulle kyrkjerom.

I’M DREAMING of a white Christmas er amerikanisert julenostalgi. «He dokke snø i år», var det faste spørsmålet i dei korte og dyre rikstelefonane med slektningar i Brooklyn, mens Sølvguttene skapte julestemning og klokkene kima jula inn. Og i nyare tid like før Tage Danielsson og Karl-Bertil Johnssons jul.

Det er sjeldan kvit jul på kysten av Skagerrak og i dalstrøka like innafor. Rett nok kan det koma masse snø om nedbøren er kvit tidleg i advent. Men så slår det om, og etter kakelinna held det fram med regn.

NÅR ME KØYRER heim til jul, kjem me alltid seint av garde, også for å unngå kø og kaos med Chris Rea. Deadline er å koma i mål før Grevinnen og hovmesteren. Derfor har me køyrt i mørket med tindrande ljos i kvelden.

Det lyser ikkje lenger i stille grender. Dei einbølte husa i skogen er fråflytta. Grautlause fjøsnissar har svolte i hel. Fødetilbodet er sentralisert, og stova til Jordmor-Matja står til nedfalls.

Dei små grendesivilisasjonane er gøymde bak støy- og innsynsskjermar. Om ein skimtar byggefelt, vitnar dei om konkurranse om flest lyslekkjer og oppblåsne julefigurar i forhagane.

Nye veier er ikkje julekoselege der dei skjer seg langs fjellsider og gjennom tunellar, mellom bommar, langt frå folk. Men dei er bra for alle som skal køyra raskt heim til jul, og for å plaga folk som heile livet har budd tett på ein trafikkfarleg landsveg med store vogntog.

DET BLIR SUNGE og spelt i den fullpakka bilen til nokon legg ned forbod mot forsøk på å koma på høgd med Jussi Björling i «O helga natt». Favoritten er Astow Ericsons «Julekveld i skogen» i mange versjonar – med juletårer, amerikakoffert, nye gebiss og jul allikevel.

Gud og Jesusbarnet følgjer med på kjøpet i pilegrimsgangen og -songen, inkludert vriane med englar med små armar som daler ned i vedskjulet, og tre kongar i Chevrolet som krasja i eit morbærtre. I så måte er Erik Hillestads meir autentiske tekst ein nedtur etter glade jul, hellige jul. Men ein kan jo spe på med Øverland: Stille natt, hellige natt, far har statspolitiet tatt.

ET BARN ER FØDT i Betlehem, i Betlehem; thi gleder sig Jerusalem. Halleluja, halleluja.

Barn blir fødde i den palestinske kjøt- og brødbyen Bayt Lahm, på dei okkuperte markene på Vestbreidda, og i slaktehus Gaza. Tusenvis er drepne av vilkårlege israelske bomber og rakettar. Det skaper hallelujastemning i Jerusalem: «Nu all vår nød og sorg er bøtt; oss er i dag en frelser født». Han kan heita Benjamin, for som ein frispråkleg israelsk offiser har sagt: Det er best å ta dei ut når dei er små, før dei veks opp og blir terroristar.

DET KJENNEST TUNGT å håpa på fred. Det einaste som gjer jula leveleg, er å tenkja på ein ung Jon Fosse og den unge jenta Ales som skulle ha barn med ein annan mann. Dei leita etter ein stad der ho kunne føda. I Septologien fann dei inga grotte eller akademisk herberge som ville dei hysa; dei måtte ta til takke med ei løe i Bjørgvin. Men aderton stjernetydarar og vismenn i Stockholm skulle koma til å koma med gull, medalje og rike gåver til den nynorske nobelprisvinnaren frå Strandebarm.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis