Sideblikk

Det var ein gong arbeidsfolks tur

Når staten ikkje kan kontrollera rammevilkåra, må han kompensera for ekstra utgifter.

Finansminister Per Kleppe (Ap) fotografert med om lag 10 millionar kroner i tusenlappar som eit symbol på den såkalla Kleppe- pakken på 2 milliardar som skulle gå til ekstraordinære sysselsettingstiltak i 1975.
Finansminister Per Kleppe (Ap) fotografert med om lag 10 millionar kroner i tusenlappar som eit symbol på den såkalla Kleppe- pakken på 2 milliardar som skulle gå til ekstraordinære sysselsettingstiltak i 1975.
Publisert

Det er ikkje vårens vakraste eventyr, men dei viktigaste: lønnsforhand­lingane. Det er både substans og spel for galleriet. Avstanden mellom partane blir dramatisert og streikevestane funne fram, men som oftast kjem dei i hamn med ein ferdigmekla avtale på overtid.

I år er jordbruksoppgjeret ei ekstra vanskeleg nøtt å knekka, for det er krig og dyrtid, og bøndenes utgifter til såkorn, kraftfôr, gjødsel, straum og diesel har eksplodert. Og bakteppet er at AS-regjeringa i Hurdal vågalt nok lova bøndene både kompensasjon og eit kraftig inntektshopp. Om det ikkje skjer, kan endå fleire matprodusentar gå frå gard og grunn.

Dette er eit eksistensielt trugsmål også for Senterpartiet, som har statsrådane for finans, mat og landbruk. Dei kjenner bønders kvardagsliv og har fingra ned i grauten til vanlege folk, som Per Olaf Lundteigen har formulert det, så dei må syna grasrota at dei kan handla og levera. Om partiet, som er bøndenes redningsplanke, kjem til kort, kan dei enda med eventyrformuleringa «det var ein gong».

I JORDBRUKSOPPGJERET er regjeringa direkte ansvarleg for resultatet, for det er statens departement som er bøndenes motpart.

Andre lønnsforhandlingar er mellom organisasjonane til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, og det tar alltid til med «frontfaga», etter tradisjon eksportkonkurrerande industri som jobbar med jern og smeltar metall. Staten er ikkje direkte involvert, men alle veit at det staten gjer og ikkje gjer, er ganske avgjerande for om det faktisk blir auka kjøpekraft for vanlege folk i dyrtider. Sosialøkonomen Odd Aukrust («Bror min») omsette fagspråkets «realdisponibel inntekt etter skatter, avgifter og stønader» til det meir folkelege «det ein har å rutta med».

Etter diverse frislepp, privatisering, marknad, globalisert økonomi og internasjonale bindingar har staten færre kort å spela med. Men det staten ikkje kan kontrollera, kan staten kompensera for; det er den nye varianten av trepartssamarbeid i pandemiens, straumprisens, dieselens og oljefondets tid. Derfor meiner nokre av partane og mange samfunnsøkonomar at tida er inne for å henta fram att Kleppe-pakkane frå historias skraphaug og sjå kva som kan gjenbrukast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement