JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Det store spelet om Yngve og Gro

Yngve Hågensen blei LO-leiar mot alle odds. Han sette spor og enda som eit ikon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland då ho tok imot LOs første likestillingspris frå LO-leiar Yngve Haagensen i 1999.

Foto: Tomm W. Christiansen Foto: Tomm W. Christiansen / NTB

5527
20230623
5527
20230623

hompland@online.no

Yngve Helmer Johan Hågensen (13. juli 1938–17. juni 2023) blir hylla frå alle hald – av venner, forbundsfellar, politikarar og pressefolk, men også av institusjonelle motstandarar og uvenner.

Orda som blir brukte, er markant, ruvande, ryddig, uredd og fritalande. Han hadde engasjement og temperament, glød og humor, vilje, varme og energi. Det var rett-på-sak og rett fram. Han var ei klår og tydeleg røyst, både i overført tyding og i talestil og toneleie: lågt, intenst og manande, krydra med knyttneve og saftige bannord. Vertinna likte sjeldan det han meinte, men ho likte måten han sa det på.

Også dei han var usamd med og kunne skjella ut, kallar han ein vennleg og grei kar, ein som kunne tilgje og kunne tilgjevast. Han var lett å lika, for han brydde seg om folk. Etter friske fråspark var han raus og fleksibel. Han var prinsipiell, men også pragmatisk.

Yngve blir hugsa med to norske heidersuttrykk: Han var heil ved; han var seg sjølv.

DET VAR EIN AURA av arbeidarklasse over Hågensen, men han var også god på klassesamarbeid og klassekompromiss. Han samla ikkje på nederlag, men at han tapte EU-striden i LO og i folket i 1994, plaga han til det siste så sterkt at han tydde til bannord.

Han heldt LO-familien samla og fekk utvida Gro-dagen til ei femte ferieveke. Han stod som ein påle i solidaritetsalternativet og trepartssamarbeidet i den norske arbeidslivsmodellen. Han var ei visjonær og jordnær kjempe som sette djupe spor.

BUKKESKJEGG-mannen er kalla den siste proletaren som LO-leiar (1989–2001). I Gjør din plikt, krev din rett! fortel han om vegen frå barneheimsbarn i Vardø, evakueringa frå Finnmark og barneheim i Bærum, visargut i Halden, til han i 1955 fekk jobb på Saugbrugsforeningen, der han blei i 14 år.

Frå aktivitet i idrett og speidarrørsla blei han rekruttert til fagforeiningsarbeid og avanserte til distriktssekretær og jobb i LO-sekretariat i 1977. Som løvetannbarn er han eit døme på fagrørsla som lyftestong for talent som ikkje hadde gått skulevegen, men kunne bruka «huet».

ETTER DET SAMSTEMTE og forsonande skrytet meiner Byråsjefen det høyrer med at Hågensens veg til LO-toppen ikkje var brulagd av etablissementet i LO og Arbeidarpartiet. Nokre snakka saman, og det var maktkamp i bøttekotta på Youngstorget for å stoppa den relativt unge Hågensen i 1989. Oppgjeret hadde ein ekstra vri fordi fleire opplagde kandidatar fall for LOs interne 60-årsgrense for toppverv.

THORBJØRN JAGLAND skreiv om den skitne kampen i memoarboka Du skal eie det selv. Det blei henta fram gammalt grums og motsetnader. Tunge karar av begge kjønn meinte Hågensen var for rabulistisk og hadde eit ustadig og hissig temperament. Det gjekk gjetord om heimturen med danskebåten etter ein arbeidarkongress i København.

Politisk var han for radikal: Han hadde vore Nato-motstandar og var ikkje til å stola på i tryggleikspolitikken. Dessutan var han kritisk til dommen over Arne Treholt, som han meinte var politisk motivert. Og han heldt fast på vennskapet, besøkte Treholt på Ila og inviterte han til 80-årsdagen sin.

NILS TOTLAND frå Statstjenestemannskartellet blei lansert som motkandidat. Jagland skriv: «Det var litt underlig å se at den gamle garde, som hadde indu­strien som rettesnor, plutselig ivret for en kandidat fra offentlig sektor. Det måtte ligge noe annet og viktigere under.»

Industrien og frontfaget, som var «gullstandarden» i arbeidarrørsla, vann likevel over offentleg sektor. Jagland meiner Hågensen blei vald fordi grasrota ville ha ein som ville og kunne seia ifrå, ein som ikkje stod for nær partileiinga, men kunne lesa dei ei lekse når det var nødvendig. Hågensen hadde legitimitet og respekt i rørsla og trong ikkje jatta med for å vera populær og respektert i regjeringskontora.

DEI TUNGE KARANE i LO og det djupe partiet fekk ikkje den dei ville ha. Partileiar og statsminister Gro Harlem Brundtland heldt seg rimeleg passiv i striden, for ho måtte samarbeida med den ho fekk.

Yngve og Gro var eit umake par – meir sosialt, språkleg, kulturelt og taktisk enn politisk. Det gjekk seg til etter eit forsoningsmøte på hytta Harlem-slekta har på Mylla, der også kona til Yngve, Astrid, var til stades. Med Hågensens eigne ord: «Jeg var faen ingen ulv overfor Gro. Selv om vi kunne være uenige, ble vi aldri uvenner.» Deretter levde dei i spent, men relativt fredeleg sameksistens etter mottoet: Partiet regjerer, og LO korrigerer.

I partikampane var Jagland Hågensens favoritt, mens Jens og seinare Jonas var Gros gutar. Heller ikkje i LO fekk Hågensen den han ville ha som etterfølgjar – han fekk Gerd-Liv Valla.

YNGVE HÅGENSEN kunne verka teatralsk, og han var ein av Trond Kirkvaags parodifavorittar. Men det var ikkje noko tilgjort over han, sjølv om han visste kva som funka offentleg og mellom fagorganiserte.

Då det skulle lagast eit teaterstykke om livet hans frå barneheimen til LO-toppen, var han var skeptisk og truga med eit helvetes bråk, men bøygde seg for jævla gode argument. Dennis Storhøi og Anette Hoff briljerte i rollene som Yngve og Gro – med begge i salen.

Etter framsyninga i Folkets hus blei ein tårevåt Yngve hylla med blomar og trampeklapp. Han hadde jaggu fortent det.

Yngve Hågensen var ein stribukk, men også ein lettrørt, varm og kjenslevar mann.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei levde i spent sameksistens etter mottoet: Partiet regjerer, og LO korrigerer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis