Sideblikk
Det som gjer statsrådane sterke
Ministrar har eit evig embetsverk til å passa på, men kan likevel møta seg sjølv i døra.
Utanriksministrane Sergej Lavror og Anniken Huitfelt på møtet i Barentsrådet i Tromsø tysdag.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Når Spaltisten vil legga ut om kva Forvaltninga tenker om nye statsrådar, er han «out-of-area». Derfor tar Byråsjefen over, og han kan vitna om at det er eit sentralt tema ved kaffimaskinane nå som stadig fleire av teama har kome ut av «gjemmekontora». Men ein er mistenksam og ser seg over skuldra, for i korridorane er det mange politiske rådgivarar og lojale hjelpeskrivarar som vil opp og fram til den politiske leiinga, så ein kan aldri vera forsiktig nok.
FORVALTNINGA VIL HA politisk sterke statsrådar. Dei må kunna det allmenne politiske spelet, vera nær partitoppen og ha statsministerens øyre. Dei treng ikkje gløda eller glitra retorisk, men må vera handlingskraftige og tilpassingsdyktige politiske handverkarar. Det er undergravande for respekten i regjeringskollegiet og gir mindre gjennomslag dersom dei er einspora og for ordentlege og berre tar ordet i «sine» saker.
Det er inga ulempe om statsrådane ikkje er spesielt fagleg sterke på feltet dei får ansvar for – snarare tvert imot. Då er det lettare å oppdra dei i perspektivet til Forvaltninga, og ein kan plukka av dei nykker og hjartesaker. Det går ikkje alltid utan slagsmål, det skal Vedum vita, for ikkje i noko departement er sniksosialiseringa så effektiv som i Finansdepartementet.
DET NEST BESTE er statsrådar som er mest opptekne av å bruka posisjonen som talarstol for partipolitiske utspel og markeringar. Det gjer ikkje så mykje at dei bruker utestemme offentleg, så lenge dei ikkje kortsluttar prosessar, men lar det indre livet i departementet gå sin gang.
Som oftast sigrar den departementale fornufta. Om ikkje i første omgang eller etter ordinær tid, så kjem det ekstraomgangar. Departement er trygda i Gjensidige og lever etter mottoet: Statsrådar kjem og går, men Forvaltninga består.
FORUNDRINGSPAKKAR som blir henta inn heilt utanfrå, er eit anna fenomen. Mest spektakulært var det under Thorbjørn Jaglands fredlause regime i det norske hus, sjølv om den trønderske godfoten Nils Arne Eggen sa nei til å bli oppvekstminister.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.