Det skaper tillit å visa seg usikker
Nakstad, Stoltenberg og Høie er blitt ein rimeleg samspelt og truverdig trio.
Fungerande assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad (t.v.), direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg og helseminister Bent Høie (H) har stilt opp på tallause pressekonferansar om koronaviruset.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
hompland@online.no
I normale tider handlar mykje av kvardagen om å gjera oppgåvene sine skikkeleg og fylla dei rollene ein har. Same leveregel gjeld i unormale tider, under andre vilkår. Den overarbeidde dokter Rieux i Pesten av Albert Camus ville ikkje høyra tale om heltemot: «I mitt tilfelle består det i at jeg gjennomfører min gjerning.»
Men unormale tider krev at somme grip situasjonen og gjer det som må til, også når det bryt med normal oppskrift og prosedyre. Slikt følgjer slett ikkje automatisk formell posisjon. Autoritære ordrar i skråsikker kommandostil kan vekka mistru, illojalitet og motstand. Alvoret må fram og uroa gripast utan at det skaper frykt og resignasjon. Rette ord og tilpassa tiltak til rett tid bygger tillit.
WINSTON CHURCHILL hadde vore ein omvandrande politisk skandale i fleire tiår då han sa og gjorde det som skulle til for å setja mot og kampvilje i det britiske folket. Etter krigen blei han ikkje attvald, men fekk Nobelprisen i litteratur.
I New York har guvernør Andrew Cuomo stått fram med ei handlekraftig røyst som inngir respekt og manar til kollektivt krisealvor, mens den øvstkommanderande krigspresidenten driv eit egosentrisk spel på sin eigen bane. Den personlege advokaten hans, Rudy Giuliani, som har drive merkelege operasjonar i Ukraina og brukt mafiose metodar i amerikansk politikk, var stor som ordførar i New York 11. september 2001. Dei som stig i éin situasjon, kan falla i andre.
PÅ VINDFULLE DAGAR har Erna Solberg som leveregel at det gjeld å pusta med magen, halda hovudet kaldt og sitta stille i båten, for det vil gå over. Då det ikkje gjorde det, slo ho om i ord og gjerning, synte traust tale- og handlekraft, stilte til dugnad på suppekjøkken, gjekk på tur med avstand, formante og appellerte og fekk respekt for det.
Men det er Bent Høie som har vakse mest, utan å bli høg på seg sjølv, som mangen ville ha blitt. Den godslege homsen frå Randaberg som skal bli amtmann i Rogaland, er ingen storslagen og karismatisk orator; han snakkar lågt og empatisk, men også i klartekst, når «det blir krevet».
Helsedirektør Guldvog og FHI-direktør Stoltenberg var i karantene og kom skeivt ut. Dei blei hakkande og haltande på teknisk tvilsame skjermar på veggen i TV-studio. Posisjonane var heller ikkje klare før Bent Høie sette ansvarsfordelinga på plass: Me har ulike roller, derfor taler me ikkje med éi røyst: Folkehelstutte samlar kunnskap, produserer prognosar og gir forskingsbaserte faglege råd; direktoratet forvaltar lovar og reglar, legg planar og set vedtak ut i livet; men det er eg, regjeringa, som har politisk og utøvande ansvar og bestemmer leia i ruskete farvatn.
ESPEN ROSTRUP NAKSTAD blei kalla inn som fungerande assisterande helsedirektør. Fungassen snakkar så folk forstår, med stort truverd fordi han kommuniserer ærleg på usikkert grunnlag. Han demonstrerer at når det ligg ein grunnleggande tillit i botn, er nyansisme og open og resonnerande tvil forståeleg og truverdig.
Nakstad skal ha vore eit stort langrennstalent og vann fleire landsrenn i guteklassen. Om han hadde halda fram, hadde han neppe blitt ein storsnuta Northug.
Fungassen har i praksis overtatt som direktoratets røyst, og Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet har tatt seg inn. Begge vågar å seia: «Det er mye vi ikke vet.» Saman med Bent Høie er dei ein rimeleg samspelt og truverdig trio.
BYRÅSJEFEN meiner alle skulle påleggast å lesa Pesten som ein del av krisepakkane. Han gir til beste to sitat: «Ærlighet og redelighet er det eneste middel en kan bekjempe pesten med.» «Det viktigste er ikke om denne måten å resonnere på er fornuftig, men at den fører til ettertanke.»
Han minner om smittens ransakelege vegar her i landet. Det begynte med skituristar på sosial og udistansert vinterferie i Alpane. Det var ikkje ski, men after-ski som var syndaren. Det første episenteret var ein godt vaksen gutegjeng frå Sel kommune i Gudbrandsdalen. I hovudstaden begynte det i dei høge bydelane i vest.
I DEN POLITISKE KLASSEN spreidde smitten seg i ei klynge som i mange år har brunne for borgarleg samhald og lukkast med å bygga ned immunforsvaret mot Framstegspartiet.
Kristin Clemets tenketank Civita har vore ein suksess. Dei har pløgd i overflata, harva den ideologiske åkeren, sådd nyliberalt tankegods, gjødsla med norske modellar og dyrka fram redusert stat og styring, mindre nasjonalstat, meir privat drift og opnare globaløkonomi.
Sjølv om Civita har flytta kvikke lunsjar til meir fornemme forsamlingsstader etter at Jeppes kro i Clemets nabolag på Vinderen brann ned, ber nettverket framleis namnet «Jeppe», og mange av deltakarane har kome i baronens seng.
Då ein av dei koronasmitta rådgjevarane til Erna kom ut av karantene og ville tilbake til det normale livet i baronens seng, inviterte han kretsen rundt seg med som båtflyktningar til fredagspils på Nesodden. Då fekk han læra at denne samfunnskritiske funksjonen ikkje tolte medias lys, blei avlyst og lyst i bann.
SOMALISKE INNVANDRARAR i tenesteytande næringar er hardast ramma nå. Dei har det til felles med civitassane at dei har for tett omgang med kvarandre i tronge og lukka rom. Vertinna ser det som eit farleg teikn i tida. I Aukrust-året rår ho alle til å lytta til sin indre Ludvig: «Det er fali, det.»
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det viktigste er ikke om denne måten å resonnere på er fornuftig, men at den fører til ettertanke.
Dokter Rieux i Pesten av Albert Camus
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.