Sideblikk
Det normale er ennå ikkje vanleg
Erna Solbergs avskilsgåve til folket er ei total og forhasta gjenopning etter pandemien.
Helseminister Bent Høie la tommestokken i innerlomma og gav statsminister Erna Solberg ein klem på pressekonferansen som avslørte gjenopninga av landet laurdag 25. september kl. 16.00.
Foto: Javad Parsa / NTB
Det er eit rasjonelt og praktisk effektiviseringstiltak å slå saman jubileumsdagar som unionsoppløysinga 7. juni 1905 og kongens godt taima heimkome 7. juni 1945. 17. mai er freda, men bots- og bededagen er flytta til næraste søndag, og frigjeringsdagen 8. mai er gradvis blitt okkupert av veteranar frå krigar langtvekkistan.
Siste tilskot er fridomsdagen 25. september, datoen for nei til EF i folkerøystinga i 1972 og sigeren over pandemien etter vellykka nasjonalt bestemte tiltak i ein internasjonalisert økonomi. Me fortener det i verdas rikaste og beste land, etter å ha vore gjennom fleire smittebølger og tung tids tale, men halde ut unntakstilstanden, synt tillit, praktisert janteloven, drive aktiv sosial kontroll og late oss munnbinda i 561 dagar og høyrt på 208 pressekonferansar i Christiania Sparebanks marmorsal i Kvadraturen i hovudstaden.
Det er passande å seia «Aldri meir 12. mars», plukka fram Dag Solstad og døypa 7. juni-plassen om til 25. september-plassen.
DET BLEI FRIGJERING på norsk etter det festlege underskotet, med fyll og dansing i gatene, grundigast for ungdom i Oslo. Det ligg nær Framstegspartiets oppskrift på å vera kronisk norsk: drikka alkohol, eta grisekjøt og syna andlet. Men i tillegg kjem handtrykk og kroppsleg nærleik som er kulturelt appropriert frå Syden og innvandrarar.
Vertinna tykkjer opninga kom altfor brått. Ho har vore glad for å sleppa innpåsliten handhelsing og klemming. Om folk ikkje sansar seg, viser varsemd og held passe avstand framover, finn ho fram munnbindet for å avskrekka og sikra grensene sine.
GJENOPNINGA BLEI offentleg kuppa av ein hysterisk dansande Abid Raja og ein litt meir enn normalt oppskrudd Petter Stordalen, for han fekk tilbake «livene sine» – og dine pengar på kjøpet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.