Sideblikk

Det normale er at det går seg til

I Søgne-saka kolliderer to perspektiv på lokalt demokrati, prinsipielt og vikarierande.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøkte ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap) måndag denne veka.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøkte ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland (Ap) måndag denne veka.
Publisert

Det var flest kommunar for hundre års tid sidan. Då blei mange sokn i same prestegjeld eigne kommunar, drivne nærast på dugnad. Greipstad blei skild ut frå Søgne i 1913, men framleis har dei sparebank saman.

Den store omteikninga av kommunekartet skjedde midt på 1960-talet etter at Schei-komiteen hadde gjort eit grundig førearbeid. Større generalistkommunar skulle vera grunnlaget i det framveksande velferdssamfunnet. Forvaltning, planlegging, helse og niårig skule var kjerneargument.

PÅ SØRLANDET og i dalstrøka innanfor blei grannekommunar slått saman. Mange protesterte, og bygdelistene florerte ved nokre val. Men det gjekk seg til, slik at tvangssamanslåtte kommunar frå 1965 meinte dei var naturlege einingar og nekta å slå seg saman med andre 50 år seinare.

Slik oppstod Songdalen, med namn etter elva Songa, av Greipstad, Finsland og ein del av Øvrebø, men Søgne var ikkje med. Kommunesenteret var jernbanestasjonen Nodeland på Sørlandsbanen, men tyngdepunktet har sige nedover til Brennåsen ved E18 mellom Søgne og Kristiansand.

Då Solberg og Sanner skulle skapa meir robuste kommunar, brann Gaute Heivolls heimkommune ned og blei innlemma i Kristiansand saman med Søgne, mot deira felles vilje. Ei tid var også Lillesand og Birkeland med i fusjonsplanen.

INNESTENGDE BYAR var eit anna problem, for dei hadde vakse seg inn i omlandskommunar. Kristiansand slukte Oddernes og fekk nokre andre småkommunar med på kjøpet. Men ikkje Søgne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement