Sideblikk

Det fragmenterte Framstegspartiet

Politikken heng ikkje på greip. Nokre i partieliten hoppar av, andre blir dolka i ryggen.

Carl I. Hagen står på førsteplass på stortingslista til Oppland Frp, men han vil òg ha tredjeplassen i Oslo. Her frå landsmøtet til Framstegspartiet på Gardermoen i oktober i år.
Carl I. Hagen står på førsteplass på stortingslista til Oppland Frp, men han vil òg ha tredjeplassen i Oslo. Her frå landsmøtet til Framstegspartiet på Gardermoen i oktober i år.
Publisert

Å forvandla protestpartiet til regjeringsparti utan at det fall frå kvarandre, var ei bragd av Siv Jensen. Eitt av knepa var å nøytralisera strigla biljardkuler og rufsete rabulistar ved å gjera dei til statsrådar. Mykje av sjela gjekk med på kjøpet, og det ikkje er lett å finna henne att, for Senterpartiet stal mange av gevanta då Framstegspartiet var inne og bada i regjeringsmakt.

Å omstilla eit regjeringsparti med styringserfaring til opposisjonstilvære etter eit valnederlag tar si tid – det har Arbeidarpartiet demonstrert under Støre. Men for eit langtidsfengsla regjeringsparti å finna seg til rette i opposisjon mot ei regjering dei frivillig har brote ut av, og samtidig er støtteparti for, er endå vanskelegare.

DEN FOLKELIBERALISTISKE Sylvi Listhaug har rett nok god røynsle i dobbelkommunikasjon med lygekors, talepunkt og same, usårlege smil, men også den kvotekristne kronprinsessa kjem til kort. Under budsjettforhandlingane bytte ho bort 3000 kvoteflyktningar mot 10 prosent lågare avgift på sprit, snus og snop. Ho sa det prova at Framstegspartiet styrte ballet, og «det viser at vi får mer til på utsida enn vi gjorde i regjering». På same tid er ambisjonen å koma i regjering att, utan dei to små tullepartia, men gjerne med eit re-borgarleggjort Senterpartiet.

Det heng ikkje på staur, sjølv om møkkagreipa blir forkledd som spade. Reknestykket går ikkje opp, gallupen går ned og forvirringa er stor.

NÅR KRYBBA TØMMEST, bitest dei i Framstegspartiet, særleg når det kan gjerast med anonyme tastetrykk utanfor partielitens fysiske og sosiale kontroll. Klimaet er oppheta, og fryktkulturen smeltar. Det raknar i standpunkt og posisjonar og nominasjonar.

Etter partiets kvalitetsmål er to av dei dyktigaste vraka: Den innfødde Åshild Bruun-Gundersen, som vann ein gjørmebrytekamp i Aust-Agder for fire år sidan, blei danka ut av ein innflyttar i Grimstad; Jon Engen-Helgheim tapte i øvre Buskerud fordi han er ein framandkulturell frå Drammen. I tillegg har to av dei siviliserande elementa i partieliten trekt seg: den sunnmørske kjøtskjeraren Jon Georg Dale og den familiære Ketil Solvik-Olsen, som rett nok kan tenka seg å bli nestleiar att, for der er det ledig plass etter ein moralsk fallen og den politisk fråfalne persaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement