JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Det falske medvitet vann valet

Arbeidarpartiet skyr k-ordet og skal slita med å reorientera seg og finna vegen vidare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
ETTER EIT VAL: Arbeidarpartiet heldt landsstyremøte i Samfunnssalen i Oslo 25. september: statsminister Jonas Gahr Støre, parti­sekretær Kjersti Stenseng og nest­leiarane Tonje Brenna og Jan Christian Vestre.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5367
20230929
5367
20230929

hompland@online.no

Arbeidarpartiet er i krise. Dei skal slikka sine sår og evaluera sine tapte slag. Dei når ikkje lenger ut til det partileiar Støre, med ei sosiolektisk omskriving av Gerhardsens «de breie lag av folket», kallar «det brede lag av befolkningen». Sjølv om dei prøver å trøysta seg med gode tal i enkelte kommunar, og at det såg endå verre ut nokre veker før valet, er 21,6 prosent så katastrofalt at Jaglands nedre smertegrense på 36,9 er blitt eit utopisk mål. Det skremmande scenariet som spøker i bakgrunnen, er dei sosialdemokratiske søster- og massepartia som forvitrar sørover i Europa.

Med spørjeskjema, veljarundersøkingar og rådslag i den skrantande partiorganisasjonen skal dei finna ut om dei forstår godt nok den tida me lever i. Dei skal snu alle steinar for å reorientera seg og bli ei betre utgåve av seg sjølv. Men med pratemaskina Vestre som repetitør gjekk dei først ein lang runde på om det er lov bruka k-ordet.

«HVA MÅ GJØRES?» Havarigranskinga har mykje å ta fatt på og rydda i, for forklaringane spriker i fleire og innbyrdes motsette retningar. Veteranen Martin Kolberg vil ha SV inn i regjeringa for å redda sosialdemokratiet; veteranen Thorbjørn Berntsen vil av same grunn ha ut Senterpartiet.

Fossil- og bilvennlege meiner partiet har lagt seg for nær dei grøne i MDG. Derfor kom INP, eit godteposeparti med blanda drops og noko for mange smakar, inn frå sidelinja og stal veljarar i Grenland og andre tunge olje- og industrisamfunn. I vest og i nord slo lakseskatten inn.

Lepper i Groruddalen har eit generasjonsminne om bønder som utsugarar. I dagens samrøre med Senterpartiet har det urbane Arbeidarpartiet tulla seg bort i reaksjonære reverseringar i distrikta. Dei meiner også at eit arbeidarparti ikkje kan ha ein mangemillionær frå Riis som leiar, og at det er eit feilspor å springa etter lilla veljarar.

VENSTREORIENTERTE og manifeste analytikarar grip til den dummaste av alle marxistisk-inspirerte forklaringar: falskt medvit. Selektiv feilpersepsjon gjer folk så subjektivt forvirra at dei ikkje forstår sitt eige objektivt beste. Når veljar­ane går til høgre, må Arbeidarpartiet bli klarare og gå til venstre, slik at veljarane skjønar at dei har gått til høgre fordi dei ikkje hadde eit tydeleg venstre å gå til.

DÅRLEG KOMMUNIKASJON er eit halmstrå. Den gode bodskapen drukna i skandalar om nepotisme og inhabil aksjehandel. Det demotiverte sofa- og blokkveljarar i gode Ap-krinsar. AUF-leiaren og partiets salt, Astrid Hoem, hadde dette naudropet i eit intervju i Dag og Tid: «No må heile Arbeidarpartiet ta ansvar for å finne ut korleis vi skal nå ut med dei gode løysingane som eg reelt meiner er dei beste for folk.»

Partileiar Støre var inne på det same i talen til landsstyret, men gjekk kanskje eit hakk djupare: Folk flest deler grunnverdiane våre, men vi hadde ikkje gode nok svar på kvardagsutfordringane deira.

SITUASJONEN KREV klarare tale, men det er jo også dilemmaet: Sjølv om Arbeidarpartiet blir mindre, blir det ikkje smalare. Som breitt folkeparti vil dei femna private næringsdrivande, veljarar i villa og blokk, trygda, marginaliserte unge menn, slitar­ar i tungindustrien og kvinner i offentleg sektor. Det er uråd å vera eit klart interesseparti når interessene spriker mellom grupper dei vil representera.

OBJEKTIVT SETT har landet godt av eit sosialt samlande og styringsdyktig sosialdemokrati, men den falne ørna kjem til å streva hardt med subjektiv sjelegransking og sjelesorg. Dei kan finna von i at ei krise kan vera ein katarsis og eit vendepunkt til noko betre.

Men det må minnast om ein tristesse av Nils-Fredrik Nielsen: «Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.» Eller like ille: at ein finn noko ein ikkje liker, eller noko ein ikkje kan gjera noko med.

HJELPESKRIVARANE vil ha eit ord med i laget om Ernagate, som både er ein politisk skandale og ein romantisk og komisk tragedie, men dei har heilt ulike syn på kva som er kjernen i spelstykket.

Byråsjefen er totalt uinteressert i scener fra et ekteskap der Høgres spinndoktorar prøver å kvitvaska Erna. Saka dreier seg om kva statsminister (h.v.) Solberg visste, når ho visste det, og kva ho hadde plikt til å vita. Byråsjefen held seg til Håndbok for politisk ledelse. Punktum. Der heiter det: «Ovenfor ektefelle eller andre man lever sammen med i et ekteskapslignende forhold, vil personen med det politiske vervet ha en plikt til å skaffe seg faktisk kunnskap om vedkommendes eierinteresser som eventuelt kan lede til inhabilitet for politikeren.»

VERTINNA BRYR SEG ikkje om det konstitusjonelle. Ho har aldri og kjem aldri til å røysta Høgre – det er genetisk. Men motvillig har ho fått godhug for den robuste og drustelege Erna med full oversikt og kontroll. Derfor blei ho lei seg og skuffa over at ei så gild dame så lett har late seg rundlura av den grådige og svikefulle @HandelSindre, som ho vil vandra vidare saman med.

Vertinna har sjølv røynsler med utkropne, ludomane og fordekte menn, så ho har eit solidarisk råd til Erna: Fjern Sindre frå innsida og kast han ut av stallen, utan påsminka tårer.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Faren med selvransakelse er at man risikerer å ikke finne noe.

Tristesse av Nils-Fredrik Nielsen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis