Sideblikk

Det er von i hangande derivasjon

Ei landeplage kjem sjeldan aleine. Alt heng saman med alt i desse tunge koronatider.

Ein kø av gutar og menn utanfor Oslo Arbeidskontor i trettiåra då arbeidsløysa rådde.
Ein kø av gutar og menn utanfor Oslo Arbeidskontor i trettiåra då arbeidsløysa rådde.
Publisert Sist oppdatert

Gladmeldinga er at koronaen er under nasjonal kontroll. Rett nok døyr stadig fleire av sjukdommen, men talet aukar berre smått og pent dag for dag, og dei fleste var nær slutten likevel, av alder eller andre underliggande årsaker.

Talet på innlagde på sjukehus går ned, og det blir færre i respirator. Folk som har vore sjuke, frisknar til og blir immune. Fleire blir testa, og færre enn venta er smittefarlege utan å vita om det. Rett nok blir fleire smitta, men det er helst i Oslo og det uforståelege Viken, og ettersom det er venta, tel det ikkje på same måte.

Nå etter påske skal nokre av stengslene lettast og sorgene sløkkast, ikkje til evig tid, men på prøve. Dersom me ikkje tar gledene på forskot, slik at viruset hemnar seg og slår tilbake.

VERTINNA vil gjerne vera positiv, men må minna seg sjølv på at det er negativt når prøver og testar gir positivt resultat. Så ugreitt er det også å tenka om livet i koronatider: å snu det negative til noko positivt.

Vertinna var gjestelaus, tapte kontantinntekter og heldt seg innandørs i påsken. Guds hus var stengt, men dit hadde ho ikkje tenkt seg likevel, sjølv om det kunne ha vore forvitneleg med prestar som dreiv yoga framfor alteret. Ho såg mykje fjernsyn og tolka koronabodskapen frå styresmaktene på same måte som DDE på skjærtorsdag: Åh! Åh! Åh! Det går likar’ no. Men så las ho om att Pesten av Camus og blei fælen ved tanken på svartedauden og andre landeplager.

KORONASTATISTIKK frå alle kontinent og land er godt lesestoff også etter den ekstra stille veka. Håpet er at tala skal slutta å stiga, og i beste fall begynna å falla. Frykta er at dei skal stiga raskare enn før og i verste fall eksplodera og veksa eksponentielt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement