Sideblikk
Det er alvor i annleislandet også
Det som skal vera mellombels, blir gjerne konstant. Det gjeld både koronaliv og trumpisme.
På ein pressekonferanse måndag denne veka viste helse- og omsorgsminister Bent Høie til smittetal frå Belgia og ei mogleg utvikling av smitten her i landet.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Noreg har vore annleislandet: ei øy i eit europeisk koronahav. Det har me rosa oss sjølve, dugnaden og styresmaktene for. Men etter sommarpausen aukar smitten både der og her, og men akkurat nå minkar han litt i Danmark. I andre omgang er det same stigingstakt i Noreg som i land me stygdest ved og derfor likte å samanlikna oss med. Trøysta er at smitten aukar frå eit lågare nivå, så det er von i hangande smittetal. Men dersom situasjonen kjem ut av kontroll, har FHI skremmande verstefallscenario for eittårsjubileet ved påsketider.
RESEPTEN ER TØFF, med skjerpa karantenereglar, steng-de skjenkestover og andre pustehol, harde straffetiltak og meir negativ sosial kontroll. Det strenge regimet skal vara i tre veker, men det som er førebels, blir gjerne varig: «konstant midlertidighet».
Bent Høie er ferdigtenkt og seier til ungdommen at i november må dei la vera å kyssa froskar, ligga unna gøy og kos, klining og tilfeldig sex.
«Man må holde seg på matta», seier Gro frå WHO. «Hold dere hjemme», formaner statsministeren. Nå gjeld det å halda saman, men kvar for oss. Og det gjeld å halda kjeft og akseptera pålegg. Dersom alle er ansvarlege og lydige, lever i små sosiale bobler, følgjer restriksjonar og forbod, vaskar hendene, bruker munnmaske, hostar i lovotten og bruker meterstokken, lovar Solberg at alle skal få koma heim til ei normal jul.
VERTINNA ER SKEPTISK. Altruisme og dugnad kan ikkje vara evig, veit du, og slett ikkje skippertak. Tillit er og blir avgjerande, om ein stavar det framlengs eller baklengs. Når Narvestad tillyser endå ein dugnad, vil somme risikovillige lura seg unna til det er over. Dei som overoppfyller tilrådingar og held seg mest isolert, kan unngå smitte, men blir sjuke av sosial underernæring og deprimerte av einsemd.
Vertinna minnest folkeeventyret om kjerringa som køyrde staur og lasta på etter moralen: «Dreg du den, så dreg du vel den med.» Det enda med at hesten ikkje klarte å dra lasset.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.