Sideblikk
Det eigedomslause arbeidarpartiet
Støre kan ikkje vera tydeleg fordi han leier ein koalisjon. Forlik ligg i partiets muterte DNA.
Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre under det digitale landsstyremøtet som vart halde i slutten av mars.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Arbeidsløysa er rekordhøg, løna er utrygg og folkehelsa er truga. Likevel strevar Arbeidarpartiet. Det er mot gamal normal, for i slike tider for land og folk har det nasjonale sysselsettings- og velferdspartiet vore ei trygg hamn for folk flest: «Arbeid for alle er jobb nummer éin.» Dei hadde eksklusiv politisk eigedomsrett til arbeid, inntekt og helse. Slik er det ikkje lenger.
PARTILEIAR STØRE er internasjonalist; han var medoppfinnar av EØS og stabssjef for Gro i Verdshelseorganisasjonen før han leia Raudekrossen og hadde si blømingstid som utanriksminister. Tidleg i koronakrisa sykla han eins ærend opp til Sognsvann for å møta Klassekampen og åtvara sju gonger om at Framstegspartiet, Raudt og Senterpartiet er på nasjonalistisk villspor: «Hvis vi opplever at økonomien lukker seg, så kommer vi ikke til å få en sterk velferdsstat.»
Partifolkets nestleiar Bjørnar Skjæran blir send ut i gallupkrigen med dette bortforklaringsresonnementet: Rett nok er oppslutninga 20 prosent lågare enn ho burde vera, men det er likevel ikkje så ille, for i desse koronatider står det endå verre til med søsterparti ute i Europa som er styringsparti i opposisjon når folket samlar seg under regjeringsflagga.
NORSK POLITIKK er blitt omskifteleg, og marginane er små. Den raudgrøne regjeringa overlevde valet i 2009, då den sosialistiske finansministeren Kristin Halvorsen redda kapitalismen under finanskrisa. I 2017 var Arbeidarpartiet uheldig med taiminga: Dei satsa på fallande sysselsettingsrate, men så fall arbeidsløysa. Og deretter Trond Giske.
Etter nederlaget fann havarikommisjonen ut at Partiet måtte bli tydelegare og ikkje velta seg i forlik med høgreregjeringa. Det har ikkje vore lett, for det er i strid med Partiets muterte DNA.
STØRE HAR VORE ei leiande kraft i krisedialogane på Stortinget. Han syner omsorg for at pakkane motverkar sosial forvitring og bidrar til fornying. Kritikken av regjeringa har vore ein retorisk spagat: På den eine sida rotar dei i den sosialdemokratiske verktøykassa og hermar arbeidarpartipolitikk; på den andre sida smuglar dei inn høgrepolitikk som aukar skilnadane i samfunnet. Begge delar er sannsynlegvis rett, men det har det også vore når Arbeidarpartiet har styrt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.