JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Denne medievridde valkampen

Kritikk av Støre-regjeringa er ein grunntone, sjølv om journalistane er venstrevridde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiarar møtte journalistar etter partileiardebatten frå Bergen i TV 2 tysdag denne veka.

Foto: Tuva Åserud / NTB / POOL

5497
20230901
5497
20230901

hompland@online.no

Kvar valkamp har sin eigen dynamikk, men den nye medierøyndomen har endra logikken. Fleire aktørar er konstant på ballen i sosiale og usosiale medium, i redaktørstyrte og ustyrlege kanalar. Gjennomstrøymingstempoet aukar med medieflaumen. Partiapparat og politikarar mistar kontroll over den skiftande og mediestyrte politiske dagsordenen. For partia er stort oppslåtte skandalesaker distraksjonar som avsporar debatten om program og sentrale spørsmål i kommunevalet.

Takt og tone skiftar stadig, planar må leggast om frå gjennombrotshissige angrep til vaklande forsvar og omvendt. «Saker» som kjem og går, får stor merksemd og dominerer nyhendebildet og ordskiftet nokre dagar. Dei kan forsvinna raskt, men om dei treffer ein nerve, kan dei gjera inntrykk heilt fram til valurnene. Derfor må partia henga seg på stemningsbølgjene for ikkje å hamna i bakevja.

FLEIRTALET AV NORSKE journalistar er venstrevridde, frå det grøne sentrum og utover mot venstre. Mange av dei har vore aktive i politiske ungdomsrørsler, særleg dei som skriv om politikk. Det er ein ståande spøk på mediesamlingar at det burde kvoterast inn Frp-sympatisørar i politisk journalistikk og underhaldningsprogram ­– om dei kan finnast.

Men det ideologiske opphavet er ikkje lett å spora i klare sympatiar og antipatiar som gir seg utslag i journalistikken. Dei aller fleste konverterer til den dominerande og einaste akseptable ismen: journalismen. Samfunnsoppdraget er å vera kritisk til makta og avsløra tvilsam praksis som rammar enkeltmenneske. Verkemidla er å overraska og skapa temperatur ved å spissa til, personfokusera og polarisera. Og lauget jagar i flokk, når dei er mange nok, for å grava fram fleire såra.

Dette er ekstra tydeleg når det handlar om den til kvar tid sitjande regjering. Då skal nokon i posisjon stillast til ansvar og gjerne måtta gå av.

DETTE LANDSKAPET er så forvirrande at sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten har funne det turvande å senda ut ei fråsegn til tingarane over temaet: «Har Aftenposten en politisk agenda når vi velger saker og vinklinger?»

Svaret er nei på nyhendeplass, men ja på meiningsplass i leiarartiklar og friare kommentarar. Dette er smakebitar av Eilertsens truvedkjenning om Aftenpostens politiske habitus:

«Utgangspunktet er ikke programmet til noe politisk parti. Aftenpostens meninger tar utgangspunkt i en blanding av avisens tradisjon og etablerte prinsipper. Vi kommer fra en borgerlig tradisjon, men må hele tiden diskutere hva det innebærer.

Den politiske nyhetsjournalistikkens oppgave er ikke å mene eller å fremme bestemte løsninger. Vurderingen av hva som tas med, skal være uavhengig av om informasjonen styrker eller svekker et politisk standpunkt. Når Aftenposten på lederplass mener om valget, gjør vi det i trygg forvissing om at leserne er godt i stand til å gjøre nettopp det: Gjøre seg opp sin egen mening.»

BYRÅSJEFEN GRIP seg i å sakna dei politisk klare og meiningsberande partiavisene som var ei agiterande og forsvarande forlenging av partikontora – personifisert av Olav Brunvand og kaninane i Arbeidernes Pressekontor, og av Egil Sundar og staben hans i Aftenposten, som gav solid bakgrunn for Høgres meiningar.

Dei visste ein kvar ein hadde, og kva som var deira agenda. Då var det enklare å vurdera, sortera og ta til motmæle. Nå forkler etterfølgjarane seg i nøytralitet, men det kjøper ikkje Byråsjefen: Der du står og det du står for, spelar ei avgjerande rolle for kva du ser, vel ut og har meiningar om.

Vertinna aksepterer heller ikkje Eilertsens agendalause avis. Med politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim som frontfigur køyrer Aftenposten ein konsekvent, vedvarande og raljerande kampanje for å gjera Senterpartiet til eit komisk og reverserande låtteløye. Det sannkjenner periferipartiets grunnforteljing om eliten i Oslo og hovudstadspressa som ikkje forstår kva som skjer i distrikta utanfor sentrum.

RASKT SKIFTANDE og mediehaussa stemningar er ein motsats til valforskingas bakgrunnsfaktorar og lange liner i klasse, interesser, demografi og motkulturar. Det er blitt mindre kjennskap til og mindre sosial kontroll over kva familiemedlemmer, nabolag og kollegaer røystar. Hemmelege val er ein faktisk realitet ved valurna, dit du i løyndom går.

Å røysta er blitt meir av ei individuell enn ei kollektiv handling, som ein ikkje treng å stå til rette for. I eit sosialt mobilt samfunn spelar det mindre rolle kva og kvar ein kjem frå, enn kvar ein står, og kvar ein har tenkt seg hen.

Trulause veljarar og store svingingar frå val til val er den nye normalen. I bevegelse heiter Jonas Gahr Støres politiske og sjølvbiografiske hovudverk. Det er også eit fenomen som gir Arbeidarpartiet hovudverk.

***

RETTINGAR. I førre Sideblikk stod det om tidlegare statsminister Erna Solberg at «berre Gerhardsen har vart lenger i nyare tid». Det blir litt rettare dersom ein legg til «samanhengande». Då tangerer ho Jens Stoltenbergs åtte år (2005–2013), men han fekk også eit halvt år med den første regjeringa si i 2000. Gro sat ni og eit halvt år i tre omgangar, lengst i 1990–1996. Gerhardsen varte i totalt 16 år med tre regjeringar, men ein gløymer lett at Oscar Torp
«vikarierte» i fire år (1951­–1955) då landsfaderen var sliten. Elles var Gunnar Knudsen (Venstre) statsminister i totalt ni år (1908–1910 og 1913–1920).

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis