JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Den truga norske idrettsmodellen

Gullgutane blir hylla av kongen, folket og lokalsamfunnet, og takken er gjensidig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Warholm og Alnes saman med Kongen i hagen på Bygdøy.

Foto: Skjermdump frå NRK.

5652
20210813
5652
20210813

hompland@online.no

La oss sjå bort frå OL som eit vågestykke i pandemisk unntakstilstand, utsett frå i fjor, arrangert i ei japansk boble. La oss sjå bort frå at festen var utan tilskodarar og med minimal forbrødring mellom utøvarar frå ulike land og kulturar, som jo er éi side av den olympiske sjølvpresentasjonen, og som CIO meiner dei fortener Nobels fredspris for. La oss sjå bort frå at me sportsidiotar banna over at betalingskanalen Discovery kuppa TV-sendingane, som ein forsmak på ei framtid der allmennkringkastarar har tapt sin rett.

Då står me i vinterlandet att med formidable prestasjonar i verdsidrettar utan ski på beina. Karsten Warholms 45,94 på langhekken er i Beamon-klasse (8,90 i lengde); det meiner sjølvaste Usain Bolt (9,58 på 100 meter), som tilfeldigvis også har kontrakt med skomerket Puma.

Jakob Ingebrigtsen var lurast og best i trettande forsøk på ein distanse der det har vore opplese og vedteke at austafrikanarane er uslåelege. Legg så til triatlon og – av alt – strandvolleyball.

Frå desse gullvinnarane er det meir i vente, og dei kan dra andre med seg. Også kvinner, som heng etter for tida.

VINNARANE BLIR HYLLA av folket, og det er gjensidig. Dei som vinn heider, deler vakkert og programmatisk med familie, klubb, trenar, lokalsamfunn og sponsorar. Den andre sida av medaljen er at lokalsamfunnet og det lokale idrettslaget står opp for sine heltar og tar litt av æra for prestasjonen.

Når det regnar på Team Ingebrigtsen, stiller ordførar Stanley Wirak i Sandnes seg slik at det dryp litt på han. På heimebane i Ulsteinvik fylte dei Hareidhallen og sette Dimna på kartet. I strandvolley er det by og land, ball i ball. Storsenteret er vesle Strandvik i Fusa der Mol-klanen held til, og dit Sørum-foreldra drog, frå Oslo, for å sjå den store finalen. Den fjerde vestlendingen, Kristian Blummenfelt frå Bergen, er meir av ein loner, med økonomisk kopling til sportsvasking i Bahrain.

Handballjentene tapte gullet, men kraftperlene tok seg inn att. Det kjennest trygt med bakspelarar som ein islending frå Jæren og handballpresident Lio, som på uforfalska tokkedialekt talar mot det internasjonale kravet om bikinitruser.

VINNARANE FÅR EI EKSTRA stjerne i boka når dei, som Warholm, i triumfens stund også takkar heile folket og den norske idrettsmodellen. Kjernen i glansbildet er ei frivillig og demokratisk sameining av topp og breidde, elite og masse, stjerner og slitarar – både organisatorisk, økonomisk og verdimessig. Alle dreg saman og vil kvarandre vel, dei beste lærer av kvarandre gjennom den tungt kompetente Olympiatoppen, og landslaga er som solidariske venneflokkar – men heile tida med den lokale klubben som basis, eldsjeler som drivkraft, kommunale idrettsanlegg med tippemidlar etter einerettsmodellen, og med staten attåt. På lasset følgjer ein overstadig kulturminister som medgangsupporter og linselus.

BAK FASADEN er idrettsmodellen meir mangfaldig, gjennomhola og spenningsfylt enn festtalane vil ha det til.

Ei grunnspenning er at norsk idrettsrørsle er bygd på to konkurrerande prinsipp: staden eller sporten. Det gir seg utslag i evig kiv om posisjonar og prioriteringar mellom idrettskretsar og særforbund. I tillegg kjem det særnorske fenomenet at den internasjonale olympiske komiteens representant i Norge sit i styret i idrettsforbundet.

Og når det kjem til stykket: Kor fri frå departementets føringar, pengesekk, lange arm og styringsvilje er den frivillige idrettsrørsla?

SUKSESSANE er i enkelte tilfelle individuelle entreprenørskap, men langt oftare reine familieføretak: foreldre som trenarar, inspiratorar og pådrivarar som ofrar tid og krefter og pengar på barnas idrettslege karriere, og som avkommet har tillit til og er avhengig av.

Når det er vellykka, lar ikkje familien seg overstyra av tilfeldige tillitsvalde eller konsulentar. Mol-familien er der. Den erketypiske er sjølvsagt Gjert Ingebrigtsen, som sjeldan har noko positivt å seia om kva den formaliserte idrettsorganisasjonen meiner er best for «guttane mine». Han er unik, så det kan gå ille om mange tar etter han.

Warholm balanserer betre mellom monomani, modell og media. Han har fått tildelt Leif Ove Alnes som ein slags sportsleg og humoristisk adoptivfar, men mora er manager og bestemora fører rekneskap.

DET STORE TRUGSMÅLET mot den ideelle norske idrettsmodellen er sjølvsagt pengane. Northug prøvde seg med eit skreddarsydd og ukooperativt opplegg, men det er mest påfallande i alpint. Dei store reklamepengane ligg i Red Bull og andre produkt som er på kant med landslagets avtalar. Eit høgdepunkt var då slalåmesset Henrik Kristoffersen, med far, bomma på portane og låg i rettssak med eige forbund.

Men dei største udetonerte bombene er i den hemningslause fotballtoppen, internasjonalt, men også på heimebane. Medlemsklubbane har mista makta til aksjeselskapa. Dei som kjem på bana som snille onklar, kan enda som grådige fetrar og kortsiktige investorar, mens trufaste supporterar fortvilar, og idrettsforbundet står på sidelina i gråsonene. Det er inga messe verd.

OG BAKOM SYNG pandemien og klimaendringane. Den organiserte idretten har lege i dvale, tribunane har vore tomme, treningsentera har vore stengde, og vinteren er i fare. Medlemstala i klubbane fell, og konkurranseidretten kan ha mista talent i fleire årskull. Kor mykje det har ramma folkehelsa, er ei anna sak. Men for den organiserte idrettsrørsla er det eit gult kort.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gjert Ingebrigtsen er unik, så det kan gå ille om mange tar etter han.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis