Sideblikk
Den retoriske og russiske faren
«Omforente områder» for Willochs metode: å forstå motpartens situasjon og tenkemåte.
Kåre Willoch forstod ikkje berre motparten, men var også godt informert om tenkjemåten til allierte han møtte som statsminister, til dømes i Nato-hovudkvarteret i 1985.
Foto: Scott Stewart / AP / NTB
Kampen om å vera mest antirussisk er beinhard. Hårek Elvenes, forsvarspolitisk talsperson for Høgre, overgår alle i orwellsk nytale. I normale tider ville tolkingane hans av norsk basepolitikk ha vore retoriske sjølvmordsaksjonar (til dømes i Klassekampen 11. desember). Nå er han berre ein tapper og avskrekkande frontsoldat for det utanriks- og militærpolitiske etablissementet.
Utanriksminister Huitfeldt har nyleg vore i Washington og sikra bindingane til USA, men dei er ikkje stramme og pålitelege nok, meiner forgjengaren Søreide. Huitfeldt kontrar: «Selv om de politiske verdiene til tider spriker, vil det geopolitiske interessefellesskapet fortsatt ligge der. Forsvaret av Norge er nemlig også forsvaret av USA.»
TRE FLYBASAR og ein marinebase er omskrive til «omforente områder». Der skal storebror rå. Vilkår om norsk lov, suverenitet og folkerett er neppe verde papiret dei er skrivne på, for det heiter også at «USA ikke anser denne forpliktelsen som gjeldende der det ikke er forenelig med amerikanske tjenestelige behov».
Amerikanske soldatar må kunna senda postkort og få seg ein Big Mac etter original oppskrift utan at norske styresmakter blandar seg inn, noko anna er antiamerikanske ryggmergsrefleksar, meiner Nupi-forskar Karsten Friis. Kollega Julie Wilhelmsen ser det på ein annan måte, for ho analyserer stoda også frå russisk side, både i Noreg og Ukraina og andre grenseland, og då ser det ut som innringing.
Dei har vel heimekontor på Nupi, elles kunne det blitt høg temperatur i lunsjen.
DEN USA-STYRTE jobbsøkaren Stoltenberg forsvarer det gode mot «ondsinnede aktiviteter» i Russlands mjuke buk – der Napoleon og Hitler fann vegen. Det militærindustrielle komplekset i USA pøsar på med våpen, og Nato-døra står på gløtt for Ukraina. Der har dei ein komikarpresident som varsla statskupp 1. desember, men nå har utsett den russiske invasjonen til månadsskiftet januar–februar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.