Sideblikk
Den norske statens jernbaneverk
Uansett spørsmål er svaret ein høgt lønt direktør, helst med kjønnsnøytral yrkestittel.
Toget har gått for Norges Statsbaner som er slakta og delt opp.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
Regjeringas vy for den kroniske jernbaneverken har vore å splitta opp Norges Statsbaner. Det er blitt så komplisert at verken Wikipedia eller større leksikon klarer å henga med, men det ligg fast at Staten ved Samferdselsdepartementet framleis eig heile sulamitten. Her er nokre grove trekk i konglomeratet:
NORSKE TOG AS eig rullande materiell som dei leiger ut til «persontrafikkoperatører» som målar om tog som skal go ahead etter ha vunne anbod. Det som var jernbaneverkstader, er nå rigga som Mantena AS og konkurrerer med private selskap om vedlikehald. Billettar med ugjennomtrengelege rabattordningar kan ein av og til få kjøpt hos Entur AS. Restane av NSB BA blei i fjor døypte om til Vy (Vygruppen AS), og uniformene fekk ny farge. Der Jernbaneskolen heldt til i marienlystige bygg i Oslo, har Teologisk fakultet flytta inn.
JERNBANEVERKET (JBV) blei noko for seg sjølv i 1989. Det bytta namn til Bane NOR og blei delt i to i 2017: Jernbanedirektoratet skal ta seg av overordna planlegging og styring, medan Bane NOR SF har ansvar for skjener og signal slik at det alltid skal kunna gå eit tog. Dei overtok også Rom Eiendom AS med stasjonsbygningane og skal driva eigedomsutvikling under namnet NOR Eiendom AS.
«Hva er det viktigste grepet som nå tas i Bane Nor?»
Det spurde Aftenposten direktør Gorm Frimannslund om. Svaret var:
«Vi får én egen direktør og avdeling for utbygging, én for punktlighet og én som har kontakt med passasjerene og togselskapene.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.