Den kinesiske flaggermuseffekten
Liberale verdiar taper for det totalitære når alarmistar og kritisk intellektuelle vil læra av Kina.
Ei kvinne som vernar seg mot koronaviruset i Shanghai, passerer ein plakat med president Xi Jinping rett etter det store utbrotet i Kina.
Foto: Aly Song / Reuters / NTB scanpix
hompland@online.no
Den kinesiske statsministeren Chou En-lai (1898–1976), som nå skal skrivast Zhou Enlai, var ein forstandig og tilpassingsdyktig mann i maoismens tyranniske tid. Han overlevde den lange marsjen, det store spranget, kulturrevolusjonen og dei fire moderniseringane. Då president Nixon vitja Kina i 1972, i bordtennisdiplomatiets dagar, skal utanriksminister Kissinger ha spurt kommunistveteranen kva han meinte om den franske revolusjonen i 1789. På språkleg pingpongvis svarte Chou: «Det er for tidleg å seia.»
KINESARANE er grunnleggande konfutsianske og patriotiske, har historisk tid og er flest og sterkast. Folk flest bur i Kina.
Då keisaren melde Midtens rike ut av verda og gjekk i isolasjon på 1500-talet, overtok dei europeiske sjøfararnasjonane hegemoniet. Dei imperialistiske kolonimaktene delte verda mellom seg og boksa seg imellom og med Japan og Russland for å kuva Kina. Kapitalismen og industrialismen gjekk Kina hus forbi.
Etter verdskrigane blei USA hegemonisk og held seg nå med ein uberekneleg president som skal gjera Amerika stort igjen. Kina er hovudfienden, for dei har utbytt Sambandsstatane og undergrev den gode og frie verdsordenen.
Det har vore nokre uheldige hundreår for Kina, men dei veit at Midtens rike vil rista av seg skamma og vinna att sin normale og dominerande posisjon i verda – økonomisk, organisatorisk og geopolitisk. Det har tatt tid, men nå er dei på oppløpssida, og hemnen kan bli hard.
«DET KINESISKE VIRUSET» er Trumps siste og iherdige påfunn i skuldflyttinga. Det passar i hans verdsbilete og er som hand i hanske for den som vil vaska hendene sine. Og det er jo ein flik av sanning i det, som å seia at den globale fedmepandemien er smitte frå Amerika, for kinesarane har også underlege etevanar.
Då koronaviruset dukka opp på ein villdyrmarknad i millionbyen Wuhan, gjorde det maktfullkomne kommunistpartiet som dei plar gjera: fornekta det trugande og ubehagelege, dikta konspirasjonar og setja munnkorg på ytringar frå varslarar.
Då smitten spreidde seg eksponentielt, tusenvis døydde og alvoret seig inn, slo dei drastisk om og mobiliserte det normale og drakoniske informasjons-, kontroll- og valdsmonopolet. Heile provinsar blei isolerte, folk blei bura inne i husa sine og mange hamna i ledige konsentrasjonsleirar. Uheldigvis har dei ennå ikkje fått operert inn chip i alle, slik at overvakinga er fullkomen. Singapore har følgt same spor, med mildare tiltak, for der er dei lenger framme i elektronisk personkontroll.
OM DET KINESISKE regimet faktisk har klart å stagga koronaen med tiltak som berre eit totalitært kontroll- og straffesystem kan gjennomføra, er dei dobbelt farlege, slik konspiratorikarar ser på viruskrigføring. Det kostar dei lite å ofra nokre titusen, slik at smitten blir spreidd globalt og skaper kaos og samanbrot i resten av verda, når dei kan få kontroll att på heimebane – og stå igjen med produksjonsmiddel for forbruksvarer og ingrediensar til det meste av verdas medisinar.
I mellomtida driv dei symbolsk modelleksport og sender medisinsk naudhjelp til Italia og Serbia etter at EU sa nei. Snart vil vel Kina (eller Trumps gode venn i Nord-Korea, som er endå betre til å vaska statistikk) tilby seg å hjelpa USA gjennom krisa som den øvstkommanderande har mista grepet om.
ALARMISTAR her heime og i resten av det liberale Vesten messar om å sjå til Kina og læra av kinesarane. Fleire enn hamstrarar, hyttefolk og joggarar må tas hardare. Frosta er eit ideal etter at frostingane stengde tunnelen inn til kommunen.
Bodskapen er farleg, for det tærer på tillitskapitalen dersom det ikkje er samsvar mellom mål og middel. Det er skilnad på å mobilisera til dugnad og føra krig når det er uklart kva som er sanning. Kritisk og opplyst tillit må ligga i botnen for lojalitet. For det som er mellombels i krisetider i risikosamfunnet, har ein farleg tendens til å bli konstant.
BYRÅSJEFEN meiner Forvaltninga, som elles blir skulda for å vera formalistisk, sidrumpa og seinvoren, gjorde ein god jobb med å dempa panikken og laga ei unntakslov i full fart. I krisetider treng regjeringa Elverumsfullmakter som naudanker når Stortinget nøler i farens stund.
Hadde det berre ikkje vore for desse usual suspects mellom jussprofessorar som rotar det til og ikkje har tillit til Erna Solbergs demokratiske sinnelag! Då begynte stortingsrepresentantar og den korrekte embetsmannen Jonas Gahr Støre å rota det til og leika C.J. Hambro. Det gjekk så langt at dei avvæpna Solberg, som måtte forsikra at ho ikkje hadde tenkt å gjera konstitusjonelt statskupp.
ALT HENG SAMAN med alt, overalt, i ei globalisert verd, og det er uråd å spå kva effektane blir. Den teoretiske og kaotiske sommarfugleffekten har nå synt seg som ein røynleg flaggermuseffekt. Dersom den kinesiske forteljinga vinn fram og får overtak, kan det kinesiske viruset endra verda varig, med mindre overnasjonalt samarbeid, meir nasjonalstatleg kontroll og tøffare og meir avansert personovervaking. Slike storebrør vil me ikkje ha.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som er mellombels i krisetider, har ein stygg tendens til å bli konstant.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB