Dei skadeskotne regjeringspartia
Det er stadig større skilnad mellom lokale og nasjonale val, men ordførareffekten er liten.
Ola Borten Moe er dømd til to års tvangsarbeid på Stortinget etter at han har brutt habilitetsreglane.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
hompland@online.no
Det er ikkje unormalt at ei sitjande regjering taper val. Ho blir halden til ansvar for brageløfte før valet, alt som går gale, og alt som utolmodige veljarar er misnøgde med. Styringsfrådraget er som oftast større enn styringstillegget i dagens omskiftelege politiske landskap der veljarar vandrar kvilelaust.
Men det er sjeldan det går så raskt nedover som det har gjort for Støres regjering. Mange synest synd på den sympatiske Jonas. Han har vore uheldig med ytre omstende på si vakt, men har også rota det til for seg sjølv. Han har ikkje hatt godt nok mannskap, men har heller ikkje imponert som stødig styringsmann, til dømes i energipolitikken.
Regjeringa har vore i ein negativ spiral i opinionen. Senterpartiet lova meir i opposisjon enn dei kunne halda, då dei blei innlemma i styringseliten og let seg omfamna av hertuginnene. Plussar i den politiske resultatrekneskapen er nulla ut av pendlarbustader og habilitetsgranskingar. Håndbok for politisk ledelse har erstatta Gerhardsens Tillitsmannen som obligatorisk pensum.
Norsk politikk er blitt særleg hendingsrik på personalplanet, med strid mellom kongsemne og sjølvpåførte banesår. I Trøndelag og Nidaros har jarlar hatt lyst på makt og ymist anna. Ein treng ikkje forsking og høgare utdanning for å ana at det måtte skjera seg.
I Arbeidarpartiet har vennskapsband ført til kvinnefall. Ola Borten Moe fall på mistenkelege aksjetransaksjonar og er dømd til to års tvangsarbeid på Stortinget. Hans tid som signa kongsemne er over; det gler dei seg over i Sogn.
Erna Solberg er sjølvsikker og tilbakelent der ho bussar rundt og briskar seg. Vertinna har sans for at denne bergensaren ter seg folkeleg, men ho tykkjer det blir for mange selfies og merkelege påfunn.
Solberg kan sjølvsagt vera nøgd med at Høgre tronar aleine på toppen av meiningsmålingane, men ho passar på å seia at det ikkje er ei naturlov at det vil halda fram. Der er ho ukledeleg smålåten, for mykje tyder på at Høgre ikkje er på ein tilfeldig bølgjetopp, men at vasstanden er blitt varig høgare.
Når partileiarane samlar seg ved kanalen i Arendal, og den korte valkampen blir dratt i gang for alvor, er stoda nedslåande for dei baserte regjeringspartia. Støre ber staur og må sparka inhabile statsrådar. Tidlegare trufaste arbeidarpartiveljarar har sett seg på gjerdet, men mange har klatra ned til enten høgre og venstre, men ikkje lenger til Senterpartiet.
Venstresida stiller med nye kostar frå Finnmark etter at dei mangeårige bossane har gitt seg, og MDG har fått éin leiar.
SV forsyner seg av nedfallsfrukter i Støres vanskjøtta hage. Dersom Raudt klarer å bli kvitt solbrillene, kan også dei stela fleire A-veljarar. Likevel kan Raudt få svakare tal enn ved riksval, for dei stiller ikkje liste i alle kommunar.
Byråsjefen minner om at det ikkje er berre kommuneval; det er val i ferdig reverserte fylke også. For veljarar flest er det eit val av tredje orden, etter stortingsval og kommuneval. Færre røystar ved dei «hemmelege» fylkestingsvala, men ikkje så mange færre som ein skulle tru. Og det skjer ikkje automatisk: Kvar fjerde veljar bruker ei anna partiliste enn ved kommunevalet.
Valforskaren Hilmar Rommetvedt har i Altinget analysert kva som påverkar stemmegjevinga i lokalval og stortingsval: Følgjer kommunevala rikstendensen? Kor stor er den lokale variasjonen? Og kor viktig er ordførareffekten?
Dei lokale valresultata svingar i takt med riksvala, men den lokale variasjonen mellom kommunane er stor. Ordførareffekten er eit tviegga sverd. Å ha ordføraren, gjerne ein som har sete lenge, kan trekka både opp og ned: tradisjon og tilstivning står mot ønske om nye kostar. Men med få og sterke unntak er ordførareffekten mindre enn mange vil tru.
Mang ein ordførar frå regjeringspartia lever i frykt for å gå med i det rikspolitiske dragsuget. Derfor har dei bede om å sleppa besøk av upopulære statsrådar i sin kommune i valkampen.
Det blir klaga over at rikspolitikarane og TV-valkampen stel stadig meir av showet, slik at dei lokale sakene kjem i skuggen. Sjølv om det er vanleg å røysta på same parti lokalt og nasjonalt, viser Rommetvedt at lokale stridsspørsmål har større effekt enn mange vil tru: Lokale val blir faktisk stadig meir lokale.
Det meiner Byråsjefen er ein god grunn til å la vera å slå saman kommune-, fylkes- og stortingsval kvart fjerde år, slik ein rådgjevar i Civiten argumenterer for. Då ville rikspolitisk krangel og dagsorden kjøva det lokale engasjementet og undergrava den demokratiske verdien av lokalt sjølvstyre.
Det kan koma til å bli mindre stygt for regjeringspartia enn det har sett ut, for Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjer det betre i lokale meiningsmålingar enn i dei nasjonale. Men det er ei von i hengande snøre.
Kommunevalet kan bli eit stygt frampeik til stortingsvalet om to år, sjølv om folk flest då ikkje lenger blir flådde av prisen på bensin, straum og matvarer, og renta sluttar å stiga. Det er eit langt stykke frå at klaginga forstummar, til at regjeringa får ros og røyster for fast styring.
Det ligg mykje paradoksal visdom i ordtaket: Gjev vinden ville snu til eg skal heim att, sa kjerringa, ho rodde i motvind.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Støre har ikkje imponert som
styringsmann for eit inhabilt mannskap.
Fleire artiklar
Festivalsommaren
Korleis klappar eg med ein øl i eine handa?
Terje Lie (t.v.) etter å ha vunne eit av sine mange NM-gull, saman med makkeren Nils Kåre Kvangraven.
Foto: Norsk bridgeforbund
Frå Bridgeverda: Berre det beste
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB