JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Dårleg humør og bitande humor

Midt i det kaotiske maktspelet gjennomførte tunge karar saker i sosialdemokratisk orden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vaskekona er samarbeidsvillig og gjev maktmennene i 5. episode ein halvtime.

Foto: Skjermdump frå NRK

5502
20231124
5502
20231124

hompland@online.no

Fjernsynsserien Makta er ein hybrid sjanger. Det er fiksjon, løgn og vridde minne, men også fakta – når det passar seg slik. Mellom grovkorna satire og karikaturar av duglause, forvirra og trætte mænd stig den reinhårige heltinna Gro fram. «Det va’kke så gær’nt», meiner ho post festum om framstillinga.

Skodespelaren gjev Gro røyst slik at ho er endå meir Gro enn Gro. Kathrine Thorborg Johansen gestaltar henne med rimeleg godt humør, men utan humor. Å parodiera utslag av det, var eit glansnummer for Einar Førde – glattraka, med sognasnert i replikken og Høyanger-glimt i auga.

SOM TIDSVITNE har Spaltisten opplevd dette, også i personleg sanntid. Eg var ein gong hyra inn som morgonkåsør på den store Nidaroskongressen om sosialmedisin og folkehelse for allmennlækjarar og andre i primærhelsetenesta. Temaet var kva plass familie og nære pårørande hadde i førebyggande helsearbeid. Hovudtalar var Gro Harlem Brundtland, som hadde gått av som generaldirektør i WHO og flytta til Nice. Ho hadde problem med synet og sat på første benk med mørke solbriller. Med seg hadde ho ektemannen Arne Olav som koffertberar.

Eg lånte ein passasje frå eit intervju der ho fortalde at ho hadde vore hos bedriftslækjaren i WHO. Straks ho kom inn døra heime, ropte ho: «Olav, jeg har fått beskjed om å slanke meg! Du må gå mer tur!»

Salen tok poenget, og den godslege smålåtten breidde seg. Gro lo ikkje. Ikkje før Arne Olav kviskra henne noko i øyra, truleg à la: «Gro, dette er morosamt, du må le.» Så då låtten elles hadde stilna, braut ho ut i høge hikst.

BYRÅSJEFEN GRIP SEG i å mora seg over elleville påfunn i Makta. Men når han får tenkt etter, liker han ikkje det han ser og høyrer. Han trur ikkje Nordli var så utafor, eller at landet blei styrt med hammar og vaffelrøre på Jessheim. Det er greitt å spøka og framstilla Arbeidarpartiet på 1970-talet på uærbødig vis, men dei tunge karane fortener respekt. Dei fekk saker gjennomført på tampen av den sosialdemokratiske ordenen. Det er historieforfalsking om ettermælet blir at dei berre var intrigante, stakkarslege og drikkfeldige.

Slik Byråsjefen såg det på armlengds avstand, var det handlekraft på dei politiske verkstadane i departementa, og den fagleg solide ekspertisen i Forvaltninga var attåt. Dei bygde oljelandet vidare i vanskelege tider. Det var lite småleg og taktisk spel etter som vindane skifta frå meiningsmåling til meiningsmåling. Det var bjart at dei kunne sigra i kamp mot både grøne og konservative vindmøller.

EI AV DEI UBETALELEGE scenene i Makta er då den indre kretsen i regjeringa og partiet sit i krisemøte og statsministeren er martra av hovudverk. Då går det opp ei hemmeleg dør bak ei bokhylle på statsministerens kontor, og ut kjem ei vaskekone med den lakoniske meldinga: «Dere kan ikke være her nå; jeg skal vaske.» Men ho er samarbeidsvillig og gir dei ein halvtime før ho kjem tilbake, og då må dei vera ute. Arbeidslina rår, og det skal ikkje vera skilnad på folk. Alle må gjera si plikt og krevja sin rett, og ingen skal stå med lua i handa.

ERNA HAR TATT ein Lasarus. Ho fall ned som ein inhabil skinnfell, men har stått opp att som ei usårleg løve med Sindre i band. Dvergane som finnes rundt henne, har vaska henne snøkvit. Høgre satsar på stjerneopplyst einevelde.

Det er ei styreform den visjonære Jonas ikkje eingong vågar å drøyma om. Han møter kald motvind frå alle kantar, frå flyktande lillaveljarar, frå klasseopprørske veteranar, frå partiets klimasalt i AUF. Det kjem delegasjonar med batteri av arge ordførarar: frå sørvest klagar dei på straumprisar, frå nord på sjukehusplanar, frå vest på lakseskatt og manglande oljesatsing, frå aust på ulv og jernbane.

Støre har gjort store endringar i regjeringa, men det er tvilsamt om det bygger ny tillit. Det kan like gjerne gå som det gjorde for Nordli etter fredagsmassakren: det var eit endetidsteikn. Og med fallande oppslutning og utsikt til å tapa regjeringsmakt i 2025 ligg det an til harde nominasjonskampar, for det blir færre sikre mandat å fordela.

DOMEN FRÅ NIDAROS er at vanlege folk ikkje kjenner att sitt eige parti, mens dei globaliserte partitoppane har mønstra på Titanic ved reisas slutt. Tåka sig inn Trondheimsfjorden, sosialdemokratiet siglar i feil retning, og det er det verdt å kjempa mot.

Trond Giske har tatt mastergrad i statsvitskap, men saknar seg sjølv i storpolitikken. Han vil ta styringa tilbake, blankpussa ideologien, gjenreisa partiet – og seg sjølv på kjøpet. Han har nærveljarar i ryggen, men trønderhæren og leigesoldatane har ikkje styrke til å bygga det andre sentrum og gjera Støre til ein parentes i partisoga.

TANTE JORUNN, som Giske har mobilisert som politisk rådgjevar, er eit syskenbån av Vertinna. Dei to er usamde om den politiske stoda og kva som må gjerast. Vertinna er slett ikkje ideologisk sosialdemokrat i teorien, men ho lever greitt i den utvida båsen der alle parti er meir eller mindre sosialt mark­nadsøkonomiske i praksis, om ikkje i talemåtar.

I Makta har kusinene godhug for Odvar Nordli og andre som blir hengde ut, for det var nøkterne karar utan ekstravaganse. Når dei drakk, var det Old Brandy og gin frå firkanta flaske med Selters som blandevatn. I serien speglar det edruelege seg av i at dei går i dei same dressane i eit tiår; det er berre Gro­figuren som byter klesbunad.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis