Bunden av dei gode rådgivarane
Den politiske respekten for Forvaltninga skal vera stor, men er av og til overdriven.
Trygve Slagsvold Vedum på trappene i Finansdepartementet.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
hompland@online.no
Det er som det skal vera at regjeringa lyttar til den kunnige Forvaltninga, særleg det overordna Finansdepartementet (FIN). Partileiar Vedum måtte rimelegvis revidera seg då han blei finansminister og lét seg omfamna som urokkeleg talsmann for tal og prognosar frå hertuginnene i departementet.
STØRE OG VEDUM TOK tidleg på seg den politiske børa det var å vera føre var for å skapa krisestemning og dugnadsånd. Det ville bli ein kald vinter med stramt statsbudsjett, mindre oljepengar og innstramming over heile fjøla: Me står her og kan ikkje anna, for det er krig og dyrtid, og elles ville prisar og renter stiga endå meir. I Vedums bilde kunne folk flest falla ned frå den smale Besseggen dei må over.
Bodskapen blei spreidd som faste talepunkt og absolutt sanning til alle statsrådar og andre på uriaspostar som skulle forsvara eller tilpassa seg upopulære sparetiltak og nedskjeringar frå regjeringa. Det blei deira paradigme.
EIN DRYG MÅNAD etter at statsbudsjettet blei vedtatt, gjorde Vedum kuvending frå den kursen han hadde låst eg fast til for ikkje å la seg forvirra av sirenene: Verknaden av tilstrammingane blei kraftigare enn regjeringa hadde rekna med. I revidert statsbudsjett til våren, når Finansdepartementet har rekna inn lønnsoppgjer og faktisk prisstiging, kjem det derfor så mange ekstra milliardar at det ikkje blir mindre aktivitet enn tenkt.
Dette har vore ein lenge varsla bom, for andre kunnskapsbankar hadde andre inflasjonstal enn dei Finansdepartementet styrte etter i budsjettprosessen. Men det skal vaktsjef Vedum ha, der han manøvrerte i økonomisk ruskevêr og usikkert farvatn med forvirrande lys: I motsetnad til vaktsjefen på fregatten «Helge Ingstad» tok han nye signal og la om i siste liten.
Vedum har skaffa seg eit pusterom. Men det er vanskeleg å forstå at regjeringa ville seg så vondt og plaga så mange så lenge. Kan det vera overdriven tru på og respekt for Forvaltningas rytme og visdom? Og størst av alt: Kjærleiken til dei vise og einøygde i Finansdepartementet.
VERTINNA ER ALLTID ute etter noko å ta Byråsjefen for, særleg når betrevitande byråkratar prøver seg med løyndarvegar. Ettersom nokre klassiske gjester på pensjonatet er avhengige av Aftenposten, fekk ho med seg ei forvitneleg sak der sist laurdag. (Ei anna og stygg sak er at dei heilage gjestene har fått skipla døgnrytme og redusert livskvalitet etter at Aftenposten slutta å koma på papir på søndag.)
Saka er at det har skore seg totalt om arbeidsmåte og mandat i eit offentleg utval for velferdsstaten som SV pressa på regjeringa i eit budsjettforlik. Avkommersialiseringsutvalet blir leia av den særs røynde, lojale og ansvarlege, pensjonerte og levealdersjusterte statsvitaren Tor Saglie (73), departementsråd emeritus og tidlegare universitetsdirektør og Nav-direktør.
EIn KRANGLEVOREn og varslande medlem av utvalet, som konsekvent blir omtala som «hen», fekk refs av leiaren og blei kalla inn til oppvaskmøte i Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Då hen nekta å stilla før hen fekk vita meir om grunnlaget, fekk hen ein telefon frå ekspedisjonssjefen for forvaltningsavdelinga i KDD. Han førte frisk og direkte tale og kravde meir respekt og mindre «belærende tone overfor meg».Her er nokre utdrag:
Hva faen er dette her, da? Ikke prøv deg en gang. Det er faen ikke sånn vi opererer. Dette er jo en ren trussel.
Du, du, du. Nå må du høre grundig etter. Og nå mener jeg: Høre etter! Nå snakker du med en ekspedisjonssjef, og nå hører du etter!
Jeg sier ingenting ufint. Jeg sier klart og tydelig fra hva som er minimumskrav til å sitte i et utvalg og jobbe med et offentlig utredningsmandat.
BYRÅSJEFEN KUNNE sagt mangt om oppblåsne ekspedisjonssjefar og rolleforståing i Forvaltninga, men han held tann for tunge. For her er han på heimebane etter å ha vore med i sekretariatet for fleire offentlege utgreiingar. Derfor gir han Vertinna og Spaltisten ei innføring i korleis det eigentleg er:
Når ei politisk sak trugar med å trasla seg til, er det fornuftig, både for statsråden og Forvaltninga, å setja ned eit utval. Det kan jo koma med gode og nyttige innspel, men arbeidet vil i alle fall ta tid, slik at den akutte saka kolnar og fell nedover på den politiske og mediale dagsordenen.
Forvaltninga formulerer mandatet og plukkar ut medlemmer. For å sikra arbeidsro i og rundt utvalet er det avgjerande å unngå folk som ikkje forstår rammene for det spelet dei gir seg med i.
Sekretariatet blir fylt av folk frå Forvaltninga. Dei skal ikkje synast og ikkje ha klare røyster utetter og innetter. Dei skal spela med, rettleia og ta hand om innspel og utspel, slik at resultatet blir relevant for Forvaltningas saklege grep om situasjonen, uansett kven som er statsråd.
Om arbeidet i utvalet trugar med å gå i stå, er det rett og rimeleg at Forvaltninga grip inn, for departementet er jo oppdragsgjevar og utvalseigar. Men det er ikkje normalt at ekspedisjonssjefar syner menneskelege emosjonar, blæs ut og får munnkorg av departementsråden.
Om det er dissensar i utvalet når innstillinga blir send ut på høyring, har Forvaltninga sine metodar, for dei sorterer svar og tilbakemeldingar. Nokre blir lagde i skuffen, andre løfta fram og utgreidde vidare om den politiske leiinga ser mon i det.
OG SLIK GÅR NO DAGAN i verdas beste politiske system og forvaltningsapparat.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»