JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Brotsverk og straff på Stortinget

Carl I. Hagen har eit mangslunge politisk liv. På overtid har han stått opp frå dei skindaude.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mazyar Keshvari (t.v.), Carl I. Hagen og Sylvi Listhaug under fylkesårsmøtet i Oslo Frp på Håndverkeren i Oslo i 2014.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5302
20191101
5302
20191101

hompland@online.no

CARL I. HAGEN er ryddig på forretningsorden og prinsipp så lenge han har føremon av det. Etter at han lét seg pensjonera med 66 prosent av stortingslønna, gjekk han til sak mot staten om pensjonsreforma fordi også stortingspensjonen blei regulert i takt med den allmenne lønnsauken, minus 0,75 prosent. Han hevda at det var grunnlovsstridig å gje ei lov tilbakeverkande kraft ut frå såkalla samfunnsmessige heilskapsvurderingar, men han tapte heilt opp til Høgsterett.

Då Hagen sakna seg sjølv i politikken, stilte han som ordførarkandidat i Oslo. Då han ikkje nådde fram, fekk han dei trufaste til å plassera seg så høgt på Framstegspartiets liste at han blei andre vara til Stortinget. Men eldrestatsråd blei han ikkje.

Då han ønskte seg plass i Nobelkomiteen, ville han ofra vervet som vararepresentant, men fekk ikkje fritak. Det er vanskeleg dersom ein ikkje blir diplomat eller går i teneste for ei framand makt utan samtykke frå regjeringa, eller som det heiter i Grunnlova paragraf 85: «Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.»

PÅ OVERTID har gamlekongen i Framstegspartiet, som hadde innstilt seg på Nav-finansiert langtidsopphald i Torrevika i Spania, likevel hamna på Stortinget att, som vara for den bedrageridømde Mazyar Keshvari, som er vara for Siv Jensen så lenge ho er statsråd.

Hagen blir sitjande på Stortinget så lenge Keshvari står sjukemeld i soningskø eller sit inne. Han får ikkje stortingslønn i soningstida – det har presidentskapet salomonisk bestemt. Byråsjefen lurer forresten på om Stortinget har same ordning som staten og universiteta: Dei som har gått av med pensjon, kan halda fram med å ta oppdrag, men då til samordna og vesal pensjonistbetaling.

Når Keshvari kjem ut att, har han rett og plikt til å møta på Stortinget. Ettersom han som angrande syndar har blitt pressa til å melda seg ut av Framstegspartiet frivillig, blir det som uavhengig representant. Då får Stortinget to einmannsgrupper med krav på ein halv million i støtte: Den andre er Ulf Leirstein som hoppa av Framstegspartiet etter lugubre seksuelle initiativ.

BYRÅSJEFEN FORSTÅR at folk flest finn det urimeleg at ein bedragar som har svikta tilliten, skal kunna halda fram som stortingsrepresentant. Men han minner om at den som har gjort opp for seg og sona ferdig, er ein fri mann og ikkje skal straffast dobbelt. Og kvar skulle grensa gå for å tapa rett og plikt til å møta på Stortinget: 21 dagar eller eit år i fengsel, drap, vald, seksuell trakassering, skattesnyteri, trygdesvindel, promillekøyring, juks med avstanden mellom Haugesund og Oslo? Den politiske lagnaden er opp til nominasjonsnemnda og veljarane ved neste val.

BYRÅSJEFEN MINNEST at Carl I. Hagen var andre varamann til Stortinget frå Oslo etter å ha blitt frelst på eit massemøte i Saga kino. Men han braut ut av det eineveldige ALP (Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep) og skipa Reformpartiet i 1974. Då Anders Lange døydde like etter, var Erik Gjems-Onstad første vara frå Oslo, men ettersom han også var valt frå Akershus, kunne Hagen jubla: «Jeg er stortingsmann! Jeg er stortingsmann!» Han forsona seg med ALP, som etter dansk føredøme endra namn til Fremskrittspartiet, og så tok han til med å skriva program og driva partibygging.

Byråsjefen morar seg over desse kalamitetane, men han har sans for Carl I. Hagens seinare forslag om at ein stortingsrepresentant som melder seg ut eller blir ekskludert av partiet, må vika setet for ein partitrugen vara. Han forstår at det kan vera eit maktmiddel i interne partikampar, men det er jo i praksis partia som har plukka ut og nominert dei til vervet. Dei er valde fordi dei har tillit som talsmenn for partiet, ikkje på grunn av tillit til personlege kvalifikasjonar – det er noko som heng att i Grunnlovas bokstav frå tida før partivesenet.

RETTINGAR. Førre veke stod det i denne spalta at den raude Bjørnar Moxnes ikkje fekk nokon med seg i kampen mot Hanne Harlem som sivilombod(smann). Det medfører ikke riktighet. Den eine grøne på Stortinget var samd, så til saman var dei to.

Men dette går ikkje fram av det offisielle referatet, for det var kluss i voteringa. Sju røysta for framlegget frå Moxnes om å lysa ut stillinga på ny. Det var openbert feil, så voteringa blei tatt om att. Då var det tre for, men første visepresident Eva Kristin Hansen (Ap, Sør-Trøndelag) lét det passera, for det var ikkje usannsynleg at det var ho sjølv som hadde trykt på feil knapp. Det er masete å prøva å retta opp at alle feil ifrå i går; det er enklare å få ein morgondag med «blanke ark og farjestifter tel».

Då det blei votert over valet av Harlem, var det også tre røyster mot. Den tredje mann ville i tidlegare tider ha vore den prinsipielle Georg Apenes (H, Østfold), men nå var det Jonny Finstad (H, Nordland) som trykte feil. Det passerte utan den klassiske replikken då det elektroniske voteringssystemet var nytt: «Herr President. Det er ikkje lys i lampa mi.»

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den som har sona sin dom,
skal ikkje ha ekstra straff.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis