Sideblikk
Bannskap på den smale vegen
Kristeleg Folkepartis evige dilemma: kompromisslaus sekt eller nådelaus pragmatikk.
KrF-leiar Olaug Bollestad mellom nestleiarane Dag-Inge Ulstein og Ingelin Noresjø.
.Foto: Javad Parsa / NTB
Olaug Vervik Bollestad (60) blir framstilt som ein mjuk overgangsfigur mellom tre ungfolar: den ivrige, lett raudnande og taleføre Knut Arild Hareide, den falne Kjell Ingolf Ropstad frå guterommet på Evje og Hareide-kloninga Dag-Inge Ulstein, som sa nei denne gongen og ventar på at hans tid er inne før partiets tid er ute.
Han var også litt lyseraud før han fekk bistand i den blå regjeringa, er like ivrig og intens som Hareide, men utan same ambisjon om å vera ein spøkefugl.
VERTINNA SER ikkje bort frå at det er forhasta å spå at Bollestad blir ei overgangsløysing. Etter at partiet måtte nøya seg med henne, er tvilarane i ferd med å venda om og bli disiplar. Dei feira 60-årsdagen hennar så grundig at dei ikkje hadde høve til å meina noko om president Hansens pendling.
Bollestad kan syna seg å vera noko anna og meir enn ein god kristen, ei ikkje-kvotert og godt vaksen kvinne med ein koseleg dialekt frå kjernelandet langs kysten i sørvest og fjord- og dalstrøka innanfor. Då Ole Torp gjorde henne til fast gjest i studio, var det fordi ho har ein X-faktor som går gjennom skjermen.
Bollestad er ein intensiv og omfamnande klemmar, og mange har eit svakt punkt for slikt. Til og med hardbarka og kyniske reporterar som er eldre enn ho, kan oppfatta Bollestad som eit inkluderande og trøystande bestemorsfang med ein trygg barm.
BYRÅSJEFEN MINNER om at bak Mor Godhjertas glade versjon er det ein beinhard maktpolitikar – som då det ekstraordinære fylkesårsmøtet i Rogaland påla delegatar å svikta overtyding og samvit og røysta mot Hareides vegval. Alle som har gått på søndagsskule, veit at det ikkje er nokon søndagsskule: Der er det makta som rår, og på dommens dag er det rett tru som tel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.