JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Arbeidarpartiets tapte forteljing

Støre har problem med personalpolitikken og mistar eigarskap til stadig fleire saksfelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiar Jonas Gahr Støre og partisekretær Kjersti Stenseng på pressekonferansen framfor landsmøtet i Arbeidarpartiet denne helga.

Foto: Lise Åserud / NTB

5496
20230505
5496
20230505

hompland@online.no

I ei autorisert helsing kalla arbeidarklasseleiaren Jonas Gahr Støre 1. mai «dagen for rake rygger, stolthet og framtidstro. Og en dag for takknemlighet overfor dem som brøytet vei i et samfunn med enorme forskjeller – i makt, økonomi og muligheter».

Han brukte ikkje ChatGPT og kunstig intelligens, som Thomas Seltzer i Fredrikstad. Utan ordet «narrativ» talte han om Arbeidarpartiet som historisk fenomen og førestilling: «Skritt for skritt har arbeiderbevegelsen skapt og preget fortellingen om Norge. Et land med små forskjeller, store muligheter og sterke fellesskap.» Og så vidare om arbeidslinja framover.

Å VERA OVER eller under 20 prosent, det er spørsmålet. Vona er å nå opp til dei historisk dårlegaste vala. Meiningsmålingar tyder på at partiet kan gjera det betre i kommuneval enn når spørsmålet er kva folk ville røysta ved stortingsval.

Det er noko nytt at det nasjonale styringspartiet står sterkare lokalt enn sentralt. Ordførarar synest å vera meir slitesterke og berekraftige enn statsrådar som går til sitt arbeid, viljeløst vimrende, vet ei hvorhen.

NILS ARNE EGGEN, fotballtrenaren som Thorbjørn Jagland ville gjera til oppvekstminister, hadde suksess med dikt i garderoben, godfoten og samhandling for å spela kvarandre gode. Alle blei skulerte i det heilage 4–3–3-systemet med velorganisert soneforsvar, ballsikker midtbane og full gass i kontringar, særleg heime på Lerkendal.

I fotballen er det slik at om spelarane ikkje er gode nok, ikkje er lojale mot kampplanen og driv solospel som fører til balltap i trengde posisjonar, kjem laget inn i ein vond sirkel og taper kampar dei burde ha vunne. Då får trenaren sparken og konverterer til ekspertkommentator.

PÅ SØNDAGSSKULEN i Arbeidarpartiet er det omvendt: Der fredar dei den øvste ansvarlege og assistenttrenaren, men rokerer på støtteapparatet.

Få vil nekta for at Jonas er dyktig på internasjonale scener, men han har ikkje vore nokon suksess som partileiar og statsminister. Han er uheldig med ytre omstende på si vakt, med kraftkrise og krig i Europa. Men han har heller ikkje hatt ei heldig og autoritativ hand i partigarderoben og med dei trufaste supporterane.

Det blir sagt at den tilsynelatande milde landsfaderen Einar Gerhardsen lét partisekretær Haakon Lie ta seg av busemannjobbane med å rydda opp i Partiet, men at han kunne skyta når ein statsråd måtte døy. Jonas Gahr Støre blir skulda for å mangla veljartekke, vera valen på hendene og la ubehagelege konfliktar ulma til dei tar full fyr. Det blir jamra om han blir hamra eller prøver å hamra.

Partifolk klagar over at det er så mykje støy at Partiet ikkje får fram alle sakene dei har levert på ein god måte. Når dei slit med å bli kjende att på klar og tydeleg politikk, taper dei truverd og eigarskap til sak etter sak.

PARTIET HAR PROBLEM med strategi, taktikk og spelestil, men også med laguttaket og reservebenken, altså personalpolitikken. Utbrytarrepublikken Nidaros vil reversera Giske-historia. Den detroniserte Tajik vil inn att på A-laget.

Andre vil rehabilitera Helga Pedersen som er ein ungdom på 50 frå Tanabredden. Ho har samisk bakgrunn, er fransktalande og cand.mag. frå Bergen. Ho var fylkesordførar i Finnmark, fiskeriminister, parlamentarisk leiar og nestleiar i partiet i åtte år (2007–2015). Ho skulle byggast opp som ei ny Gro, men slo aldri gjennom. Jonas overtok etter Jens. Ho flytta heim til Tana og blei ordførar, men også ein av fem riksrevisorar.

VALKOMITEEN BLEI FØLGD minutt for minutt, frå lekkasje til lekkasje. Media flyg i flokk når dei er mange nok. Til debattar var det lett å finna kritiske kadrar på ulike nivå og i alle aldrar.

Den streikande LO-leiaren gjorde eit stykke arbeid og la fram ein følsam og samrøystes kabal, som synte seg å vera eit tilslørande korthus.

Partileiaren tok ein rikstelefon til Tana og hadde ein «god samtale» med benkeforslagskandidat Pedersen. Ho meiner partiet er i krise; han meiner det er ei krisetid. Han mana vel til støtte til valkomiteen og ro i partiet; ho tolka det som eit klart signal om at «det ikke er grunnlag for et tillitsfullt og godt samarbeid med de sentrale miljøene i partiet». Derfor trekte ho seg utan finteljing.

I det høgdramatiserte kaoset etter telefonmysteriet er dei ivrigaste støttespelarane hennar nå ute etter Støres hovud på eit fat. Slikt blir det omkampar og ikkje lagbyggande og mobiliserande forteljingar av.

VERTINNA TYKKJER synd på Arbeidarpartiet. Ho røystar ikkje på dei, men ho er av husmannsslekt og har eit sosialdemokratisk gen. Ho har sans for janitsjarkorps og kor og viser og kampsongar når partikameratar er samla, sjølv om songen er blitt spakare etter at han ikkje lenger kjem inn med morsmjølka. Tekstane minner om de unge slekter og frihetens forpost her nord, om samhald, solidaritet og styrke. Dei skal halda ved like forteljinga om røtene og at verdiane er dei same som før.

VERTINNA HAR eit forslag til ein song som fangar opp den aktuelle stoda for Arbeidarpartiet: «Fedraminne» av Aasmund Olavsson Vinje. Det er gildt å vera fødd av godtfolk og ha støtte i den gjæve farsarven, men så kjem fjerde vers:

Min store fader døydde,

- sjå det me alle må -

og arven bort dei øydde;

men sumt eg att’ kan få.

Her gjeng eg stundom sliten

og leitar etter ord.

Skal tru eg er so liten

for det han var so stor?

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis