Arbeidarpartiet utan vaktmeister
Støre er kvitt gnagsåret Giske, men har til gode å syna at han sjølv er styringsdyktig.
Trond Giske på veg inn til årsmøtet i Trøndelag Arbeiderparti i Trondheim laurdag. Dagen før vart det kjent at han trekte seg frå politikken.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
hompland@online.no
Trøndelag arbeidarparti minutt for minutt blei ikkje koseleg feel-good-TV; det var meir thriller og reality-show i sjangeren «kven skal ut» før den grande finalen. Det var meir spennande enn då fylkespartimøta i Kristeleg Folkeparti på manipulativt vis slost om partihjarta låg på høgre eller venstre side av perleporten.
Då «æ å» endeleg kom til Trøndelag, var det ikkje som ein avleggar av det den urbane metoo-eliten i oslobobla hadde halde på med og masa om. Den bossete og trakasserande partikulturen sprakk då han blei løfta ut av bøttekott og nachspiel med karsk og kåte karar. Då dramaturgien blei sosialt mediedriven og enda i sjølvpisking og gjørmebryting mellom gamal og ung, nord og sør i fylket og internt i Trondheim, gjekk den trønderske forsvararhæren i oppløysing, og partiets ukulturminister, trønderske edderkopp og nattas konge fall i slaget ikkje langt frå Stekksta. I smerte ligg det mange skamfulle, såra og politisk skuldige att på valen, medan somme av dei overlevande vaklar og varslar vidare.
Vertinna trur ikkje merket vil stå etter at mannen stupte. Ho tvilar også på om det vil stiga fram ein ny helgenkonge som får storslagne, samlande og transparente kjerker bygde til si ære.
Då den mytiske Jiske måtte innsjå at slaget var tapt, at han ikkje hadde krav på ein ny sjanse, at det ikkje blei ei ny oppstode, tok han det som ein kulturmann. Det gjorde godt for ettermælet at han heldt ein kjensleladd, retorisk velforma og forsonande avskilstale om kjærleiken til Partiet. Han skal ha honnør for å trekka fram eit vemodig vakkert dikt av den briljante, ambivalente, pessimistiske og suicidale Tor Ulven (1953-1998), som sjølv kalla tekstane i Søppelsolen (1989) «memorabilia»:
Sitt hos meg
kjære, fortell
om den tiden
da jeg ikke
finnes mer.
Trond Giske forsikra venner og fiendar om at han ville koma til å klara seg godt. Det trur Byråsjefen òg – dersom han ikkje prøver seg på comeback fleire gonger.
Byråsjefen minner elles om at Giske har opsjon på ei anonym stilling som har stått og venta på han sidan Kongepudler i 2006 – ein røvarroman om den norske eliten: vaktmeister på Rockheim i Trondheim, som han skaffa heimbyen då han var kulturminister. Men Byråsjefen reknar med at han får konkurranse, for det er fleire i den mafiose partinomenklaturen i Trøndelag som treng retrettstilling.
Jonas Gahr Støre kan pusta letta ut. Etter den trønderske borgarkrigen med nasjonale forgreiningar, der han offisielt var nøytral og dialogisk, er han kvitt gnagsåret Giske. Han har rett nok mange andre ømme og verkande punkt å bala med, både internt og eksternt, men han har eit tidsvindauge for å gripa roret og få alle til å ro i takt i ureint farvatn. Men det er ikkje snakk om status quo ante bellum. Han kan ikkje lenger skulda på illojalitet og stein i skoen; det må ein ny normalitet til. Dette krev at han har opparbeidd immunitet, klarer å vera tidsåndas forretningsførar og evnar å staka ut ein klarare og meir truverdig kurs mellom oljeriggar, sentralisering og velferdsrentenisme – i Gro-ruddalen, men også i Gulen, Gamvik, Gudbrandsdalen og andre grisgrendte strok.
I Stoltenbergs raudgrøne prosjekt var det aldri tvil om at Arbeidarpartiet hadde kjøttvekta på si side, for dei var større enn dei to andre regjeringspartia til saman. Under Støre er det flytande kven som kan styra saman: Arbeidarpartiet vil ha reprise med Senterpartiet og SV og halda Raudt og MDG på sidelina. Vedum messar på repeat om ei Ap-Sp-basert regjering. SV vil ha MDG og Raudt med på laget. MDG er ikkje bastant, men opnar for å samarbeida med Arbeidarpartiet og SV dersom Senterpartiet blir halde utanfor. Utanforpartiet Raudt krev uansett å få vera litt innanfor.
Etter tumultane i Trøndelag vil det ikkje overraska om Støres parti søkk til under 20 prosent. Då er ikkje Arbeidarpartiet lenger dobbelt så stort som det glupske Senterpartiet, som på si side er dobbelt så stort som SV. Det er ein ny situasjon som kan peika mot ei slalåmkøyrande mindretalsregjering, slik det var i alle år under Støres politiske mentor, Gro Harlem Brundtland, også då Framstegspartiet kasta Willoch og kåra henne til statsminister.
Det tilsynelatande sikre fleirtalet bak Støre kan gå tapt neste haust. Eitt scenario er at Høgre klarer å halda på korona-
styringstillegget, at Kristeleg Folkeparti ved eit mirakel kjem ut av dødsskuggens dal og klatrar over perleporten, at mange nok høgreveljarar igjen stemmer taktisk på Venstre, at Framstegspartiet held fram som eit motstrevande haleheng, og at Raudt eller MDG riv lista på fire prosent: Då kan Erna styra vidare og Støre gå inn i soga som den beste statsministeren landet aldri fekk.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den trakasserande partikulturen sprakk då han blei løfta ut av
bøttekott og nachspiel med karsk og kåte karar.
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.