JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Arbeidarpartiet regjerer i mindretal

Stabile fleirtal er eit unntak. Senterpartiet trivst best når dei kan hestehandla med fleire.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter valet i 2005 gjekk Arbeidarpartiet for første gong inn i ei koalisjonsregjering. Partileiarane Liv Signe Navarsete (Sp), Jens Stoltenberg (Ap) og Kristin Halvorsen (SV) summerte opp dei fire første regjeringsåra før ferien i 2009.

Foto: Knut Falch / NTB

5553
20210409
5553
20210409

hompland@online.no

Politiske kannestøyparar legg kabalar med ulike konstellasjonar dersom regjeringa Solberg fell etter valet til hausten. Det skjer dersom Høgre og juniorpartnarane ikkje lenger har fleirtal på Stortinget saman med Framstegspartiet som slit i nasjonalkonservativ motbakke utan innvandring.

Mange av kabalane er ikkje eingong alternative fakta, men hypotetiske spekulasjonar for å skremma veljarar med kaos på den andre sida, med kommunisme, veganisme, fossilisme og sylvilisme.

Slik det ser ut nå, går det mot regjeringsskifte, men det er uklart kva som kjem i staden for Solberg, også før ein har rekna inn lagnaden for småpartia på sperregrensas gravkant.

FOR BYRÅSJEFEN er det eitt feitt kva valresultatet blir, berre det kjem ei fleirtalsregjering ut av kaoset. Stabile fleirtalsregjeringar er alltid det beste for land og folk, og ikkje minst for Forvaltninga. Då er sakene i boks når departementa har gjort sitt og fått det konfirmert i regjeringa. Då vinn det langsiktige utan at det blir rota til i Stortinget.

Byråsjefen kunne for så vidt ha skrive under på det ein kommentator målbar i Aftenposten: «Av og til kan man ønske seg at Arbeiderpartiet og Høyre gikk i koalisjonsregjering sammen så det kunne bli litt vei i vellingen. En styringsdyktig og økonomisk ansvarlig koalisjon, uten konsesjoner i øst og vest, det hadde vært noe. De to partiene er jo dessuten enig om det meste.»

For Forvaltninga hadde det vore ei god løysing, men Byrå­sjefen er politisk realist og ikkje utopist, så han innser at ein kommentator som skriv slik, må ein avskriva.

STABIL FLEIRTALSREGJERING er uvanleg i norsk politisk historie. Den siste med eitt parti aleine var Gerhardsen før 1961. Sidan har det vore nokre koalisjonsregjeringar med fleirtal og innebygd sjølvmordsavtale om EU-saka blei aktuell. Den lengstlevande var Stoltenberg (2005–2013); den siste var Solbergs kortliva draumeregjering frå det aborterte Kristeleg Folkeparti gjekk inn til det fengsla Framstegspartiet braut ut.

Mindretalsregjeringar har vore det normale etter 1971 – anten som borgarlege koalisjonar eller med Arbeidarpartiet aleine. Dei har hatt vekslande støtte i Stortinget og i periodar vore freda. Dei har falle ved val eller når dei irriterte støttepartia ved å oppføra seg som om dei hadde fleirtal.

Kjell Magne Bondeviks smale sentrumsregjering (1997–2000), der Venstre hadde fleire statsrådar (tre) enn representantar på Stortinget (to), blei felt på ei miljøsak. I Bondeviks eksegese var regjeringa så farleg populær at Høgre og Arbeidarpartiet måtte finna ei sak dei kunne gå saman om å kasta henne på: Det blei på «sterkt forurensende gasskraftverk».

ARBEIDARPARTIET GJORDE eit for dei dramatisk lineskifte i 2005: Då gjekk dei til val på å regjera saman med Sp og SV. Før det hadde partiet aldri vore med i ei koalisjonsregjering (bortsett frå Gerhardsens nasjonale samlingsregjering i 1945).

Støres alternativ er ei trepartiregjering som under Stoltenberg. SV seier det same, men ville ikkje ha noko mot å sleppa å vera i seng med det stadig meir fossile Senterpartiet.

Vedum tek opp att og opp att mantraet sitt: Det eine salige er ei arbeidarparti- og senterpartibasert regjering. Basepolitikken synest å ha blitt stramma inn til berre dei to, utan SV. Det kunne vera ein grei posisjon, også i ei mindretalsregjering, for det ville opna for hestehandlar over heile spekteret mellom SV og Framstegspartiet. Men ein veit jo aldri: Senterpartiet har gjort kuvendingar før.

SPALTISTENS SPÅDOM er at om det blir regjeringsskifte etter valet, kjem ikkje Arbeidarpartiet til å gå inn i ei mindretalskoalisjonsregjering – ikkje med Senterpartiet og ikkje med SV. Begge delar er skrekkscenario for Støre. Då må dei først kompromissa seg fram med ein koalisjonspartnar, og så manøvrera for å få fleirtal i Stortinget. Å ha bindande og faste avtalar med støtteparti utanfor regjeringa er like lite lokkande.

Det er meir sannsynleg at Arbeidarpartiet, som det reelle sentrumspartiet i norsk politikk, finn tilbake til arven frå Gro Harlem Brundtland som blei «landsmoder» og fekk ein epoke kalla opp etter seg. Ho var statsminister tre gonger og sat i til saman ti år, men alltid med ei mindretalsregjering som køyrde slalåm og ikkje utfor, manøvrerte frå sak til sak og budsjett til budsjett, samarbeidde nokre gonger med SV, men mest med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Og satsa elles på langsiktige og breie forlik i ein konsensusklump der også Høgre var med.

I den tradisjonen er det ikkje vanskeleg å innlemma Jonas Gahr Støre. Han er Gros politiske læresvein, og han glir lettare inn i ei rolle som samlande riksmeklar enn som beinhard opposisjonsførar eller som kjempande regjeringssjef for ein politikk ingen veit heilt kva er.

VERTINNA tykkjer dette preiket til Byråsjefen og Spaltisten er høgttråvande og forvirrande. Slik ho ser det, handlar valet i haust om éin ting: å bli kvitt Erna Solberg. Vertinna hadde lenge sans for den runde og romslege bergensaren, men nå har stjerna bleikna, mista grepet og virra seg bort i tomme ord og sushi. Det kunne jo ha vore moro om den flirande Vedum tok opp arven etter den underfundige Per Borten, men Vertinna trur at når alt kjem til alt, blir nok Støre større og vil rigga betre i statsministerstolen.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jonas Gahr Støre er Gros politiske læresvein, men vil rigga betre i rolla som samlande riksmeklar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis