JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Alt var betre før i Arbeidarpartiet

Søndagsskule har alltid vore eit dårleg bilde på det indre partilivet. Det er makta som rår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den vaklande makta som rådde i 1975: Frå venstre partisekretær Ivar Leveraas, miljøvernminister og nestleiar Gro Harlem Brundtland, partileiar Reiulf Steen, parlamentarisk leiar Odvar Nordli og statsminister Trygve Bratteli.

Foto: Erik Thorberg / NTB

5687
20231103
5687
20231103

hompland@online.no

Arbeidarpartiet er i krise og slikkar sine sår etter val­tapet. Ein del av krisa er at dei manglar ei felles kriseforståing. Ulike fløyer har kvar sine faktafornektingar og forklaringar på kva og kven som har skulda. Mens Støre er sinna på Dagbladet som bruker anonyme kjelder om intern krangling.

Største felles mål i sjølvdiagnosane er at partiet har eit godt program og fører ein rett politikk, men i dyrtid og krig strøymer det på med uheldige omstende. Derfor sviktar vanlege folk. Utfordringa er ikkje å endra politikken, men å kommunisera betre.

JONAS HAR FORMIDABLE oppgåver framfor seg. Bakgrunnen er metoo, Giske og Tajik, pendlarhyblar, reiserekningar, inhabilitet, dyrtid, Senterpartiet, vindmøller og prisdrivande straumkablar.

Han kan ikkje halda fram med business as usual og bauta seg fram motstraums, for det går berre nedover. Han må hindra at partiet forvitrar. Han må fornya velferdspolitikken når Brenna står opp om morran til den nye arbeidsdagen. Han må visa omsorg for miljø og klimamål, men også for landbruk og olje.

Då han kom til det som har vore hans eigne i Fellesforbundet, tok dei ikkje vel imot han. Og kvar gong Jagland skriv memoarar, strør han salt i partisåra. Sjølv om det er Stoltenberg han vil ramma, går det også ut over turkamerat Støre i nordvestre Aker. Gro går heller ikkje fri, for då ho hadde makta, ala ho opp begge sine politiske adoptivsøner til statsministrar.

Ho (84) er elles kumulert inn i bystyret i Oslo frå pynteplassen aller sist på lista. Mens alle dei tunge kadrane inntar politisk kvilestilling etter at vestkantbyrådet tok over; Raymond har gått til folkehjelpa.

ETTER UTREINSKINGAR og omstokkingar utan postkasse har Støre fått sitt eige førstelag. Han takka dei avsette for å ha stått på arbeidslina og gjort ein god og lojal jobb, men dei nye andleta er yngre og minst like arbeidsame og lojale. Det mest markante bytet er Barth-Eide for Huitfeldt. Ho var neppe Støres førsteval som utanriksminister, men partinomenklarturen ville ha henne. Med Barth-Eide får Støre ein klona førstereserve for seg sjølv på internasjonale scener. Som del av rokaden kom det inn ein equinorsk oljemann frå Stavanger som klimaminister, ein som «hensyntar helheten» og er i stand til å para­frasera landsmoderen: Alt må henge sammen med alt.

Byråsjefen noterer at Støre har droppa Solberg-regjeringas inkluderingsdugnad, der 5 prosent av nytilsette i staten skulle ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Dei satsar vel på at det lar seg løysa gjennom naturlege statsrådskifte.

DETTE SPELAR SEG UT med TV-serien Makta som bakteppe. Den viser at alt slett ikkje var betre før i partifamiliens indre liv – snarare tvert imot. I samanlikning har dagens tumultar meir av litt småbråkete søndagsskule over seg.

Støre har ikkje som Bratteli varsla sin avgang som partileiar fordi han ikkje orkar meir, men kan tenka seg å halda fram som statsminister. Ingen kongs- eller dronningemne står klare. Partiet er dømt til å fylka seg lojalt bak Støre. Etter sparkinga av Huitfeldt står han friare til å angripa Solberg for inhabilt skjønn og bli kvitt ein formidabel konkurrent om to år.

SOSIALISTISK VALFORBUND gjorde eit brakval i 1973, i etterkant av Brattelis kabinettsspørsmål til folket og neiet ved folkerøystinga om EF i 1972. Trass i nederlaget var Arbeidarpartiets ytre fasade nokolunde intakt, Gerhardsen var levande, den tids katastrofeprosent var 35,3, og den slitne Bratteli kom baklengs tilbake til regjeringsmakt.

I skuggen av dette rusta og fylka kongsemna og kongema­karane seg til strid, den gamle og så den nye tid, det som skulle veksa mot det som skulle siga, det som skulle falla mot det som skulle stiga. Merket skulle standa, om mannen måtte stupa.

Fru BRUNDTLANDS tid var i emning. I TV-serien er Gudmund Harlems dotter det einaste reinhårige mannfolket som var i stand til å rydda opp: både prinsipiell og pragmatisk, både kjenslevar og kald maskin, med lytefri sosialpolitisk slektstavle, sjølv om ho var fullstudert akademikar og gift med ein Høgre-mann.

Samanlikna med karikeringsvennlege trætte mænd og grå gubbar i parti og regjering var ho så ung og vakker at Dagbladets eminente og grovt satiriske handteiknar Hans Normann Dahl aldri fekk tak på henne, bortsett frå dei halvhøge hælane.

DEN TRAGISKE KOMEDIEN er basert på fakta og fiksjon, sanning, løgn og dårleg minne. Men mykje er ikkje langt frå røyndomen, sjølv om figurane også er reindyrka og overtydelege idealtypar. Saman med Reiulf, Odvar, Ronald, Tor med hammaren og den bjarte Gro, er det ein mørkare fyrste: «Ditta piggsvinet syjnna Larsnes», som kåsøren Arthur Klæbo kalla samsunnmøringen Bjartmar Gjerde. Han trakta ikkje etter statsministertaburetten, for han var ein rev som heller ville få noko gjort, først som kyrkje- og undervisningsminister med berre folkeskule og kurs på Sørmarka, og så som energisk og handlekraftig tamburmajor for olje og industri.

Det var strid om politikk og posisjonar mellom personar med personlege problem og sviktande ryggrad. Med ein viss møbelhandlar på Jessheim som intrigant bakspelar på telefon og kassett; han kunne fortena eit eige Sideblikk.

DET ER GRUNN TIL å ha forventingar til framhaldet, både TV-serien, eksterne hendingar og intern strid om personalpolitikken i Arbeidarpartiet. Mange er tilsynelatande ute av dansen, og éin er plassert som politisk død på vanærekyrkjegarden i Nidaros. Men det er slett ikkje sikkert at dei blir liggande nede når arven etter Støre skal gjerast opp.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis