Sideblikk
Å eta saman er å høyra saman
Fagert er landet, særleg når som Noreg i sølvkåpa glimar og juleborda bognar.
I nattverden er dette Jesu lekam og Jesu blod.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
PÅ JULEBORDET med Hjelpeskrivarane, nokre dagar før skoltesøndag, åt me tradisjonsmat. Vertinna diska opp med smalahove og rabbestappe, heimebrygga sterkøl og kjøpeakevitt. Ho ser dette måltidet som eit reinsande ritual, på grensa til ei heilag handling.
Slik er det med julemiddagen også. Det skal vera same meny med same tilbehøyr, på same tid etter klokkeklangen og før pakkane, med dei same folka som fortel dei same historiene om dei same hendingane i den integrerte familiekrinsen. Dei som et saman, høyrer saman, og dei skil seg frå dei som et noko anna. Svin er sjølve smykket i folkehelseminister (hev vore) Listhaugs norske olje- og energiverdiar. (Med etnisk fritak for oss pinnekjøtarar.) Med alkohol til kjem folk flest også nærare idealet om å visa andlet.
NATTVERD er den kristne utgåva av symposium i antikken og Mithra-kulten i Romarriket. Slikt styrker sakramental samkjensle mellom dei innvigde. Kristendomens communion kjem rimelegvis av same latinske rot som kommune.
Realpresens er nøkkelordet i kristen nattverdsmystikk, og desse nøttene kan leggast til: transsubstansiasjon, inkarnasjon, ikjøting, ubikvitet. Poenget er at brødet og vinen ikkje er symbol, men etter å ha vore signa til føremålet, er det faktisk Jesu lekam og blod. Det er ei kroppsleg form for gudsdyrking.
Dette er dei fleste kristne kyrkjer og sekter samde om, men dei skil lag på så mange teologiske og liturgiske detaljar at det er forbode for katolikkar å gå til nattverd saman med protestantar og reformerte. Medan den lutherske nattverden er open for alle barnedøypte, praktiserer den katolske kyrkja nattverdsnekt for gjengifte og moralsk uverdige som ikkje har skrifta for kleresiet. Dei har også eit heilt anna nivå på den liturgiske staffasjen og linjegymnastikken under messa.
DET NORSKE kristenfolket har sine nattverdkontroversar: Kor små barn kan koma til meg? Kan vinen vera alkoholfri? Kan brødet vera glutenfritt eller erstattast med riskaker? Må nattverdsgjestene bøya kne, eller kan dei stå? Kan kjeksen dyppast i vinen? Må nattverden rammast inn av ei gudsteneste, eller kan han gjennomførast som drop-in?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.