Sideblikk
Å bli råka av den russiske røynda
Det er eit før og etter 24. februar, men det er fordummande å la vera å prøva å forstå.
Vladimir Putin held fram med det som han kallar ein «spesialoperasjon» i Ukraina.
Foto: Mikhail Metzel / Kreml / Sputnik / NTB
Spaltisten har ofte stukke fram ein antimilitaristisk hov, med Sideblikk på USA-imperialisme, Natos ekspansjon austover og krigar out-of-area, galskapen i Afghanistan, atomvåpen og «omforente område», som er nytale for amerikanske basar på norsk jord.
Men dette er på venteliste, nå som Russland fører ein bestialsk krig i Ukraina, som del av Putins ortodokse, revansjistiske og sjåvinistiske opplegg for å bøta på «den største geopolitiske tragedien» i førre hundreår: Sovjetunionens fall.
24. FEBRUAR kom overraskande på militære og andre profesjonelt analytiske miljø – ikkje at Russland kom til å markera seg, men ikkje med ein fullskala invasjon.
Somme hoverer, for i deira tilbakeskrivande historietolking har dei alltid hatt rett i at Sovjet og Russland er ein konstant, dødeleg fare for Vesten, frå tsarane via bolsjevikane til Putin. Det vonde imperiet har lurt oss, for dei tettar alltid dei små opningane i jernteppet og mellom folk og folk. Slik må det vera, for slik er bjørnen som med jamne mellomrom vaknar til villskap.
DET DUKKAR ALLTID opp ekspertkommentatorar når nokon har bruk for dei, til dømes sparka fotballtrenarar. Nå blir mange fagfolk som elles er offentleg usynlege, henta fram frå bunkersane på Lutvann og der omkring. Det er ein heil bransje med forskingsinstitutt, institutt for forsvarsstudiar, stabskule, krigsskule og forsvarsleiing. Nokre er militære, andre sivile, og nokre begge delar: sivile som forskarar, men på same tid offiserar i uniform.
Dei taleføre er blitt gjengangarar, og dyktige er dei, men slett ikkje alltid samde. Og dei som er kritiske til hovudforteljinga om det vonde mot det gode, har faktisk ikkje fått taleforbod, blitt omplasserte eller mista kappe, krage og stjerner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.