🎧 Nå er det by og land, parti mot parti
Kommunevalet sette bom for dei breie styringspartia som vil femna breitt og ha alle med.
Partiet til distriktspsykopat og ordførar Alfred Bjørlo på Nordfjordeid fekk 36,1 prosent av røystene i nye Stad kommune.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
hompland@online.no
VALVINNARANE har sjeldan noko interessant å melda. Dei har nok med å jubla og skryta av alle som har stått på, og innsatsen i valkampen blir ofte forveksla med tidsånd, valvind og politiske klimaendringar.
Det er meir forvitneleg å følgja taparane i jakta på noko å gle seg over. Erna Solberg fann trøyst i positive enkeltresultat som braut med tapet i storbyane og det svakaste valet på 40 år. Jon Georg Dale trøysta seg med at Framstegspartiet gjekk minst tilbake på borgarleg side. Siv Jensen var kontrollert nøgd med at dei hadde løfta seg litt etter den varsla bomkatastrofen, og ho truga med at eit tydelegare og tøffare Frp skal gå den lange vegen og utgjera ein forskjell mot skattar, avgifter og offentlege inngrep.
Ein sjølvkritisk Jonas Gahr Støre meinte at det historisk dårlege valet gjekk relativt bra fordi det kunne gått endå verre. Han trøysta seg med at «vår side i politikken» gjorde at Arbeidarpartiet tapte seg til ordførarar i fleire storbyar. Dei satsa på skulemat, men klarte ikkje å fanga frustrasjonen og stemninga i folket. For Kamerat Støre var det ekstra sårt å tapa i nord, for han kan sin Rolf Jacobsen: «Det er langt, dette landet. Det meste er nord.»
BYRÅSJEFEN gler seg over veljarvandringane, for i by og bygd er det parti med tru på ein tung offentleg sektor som har gått fram. Det gir forvaltninga mange oppgåver og trygge arbeidsvilkår. Rett nok har Senterpartiet vore tøffe i kjeften mot sentralisering og fjernstyre, men det tar ikkje Byråsjefen så tungt, for ordførarar frå det partiet er praktiske og pragmatiske folk som veit å tilpassa seg situasjonen. Dessutan har ikkje lokalpolitikarane så stort slingringsmonn når det kjem til stykket. Nokre små sprell kan dei gjera, men handlingsrommet er gjerda inn av lovar og reglar, føringar og pålegg, tilsyn og revisjon frå sentralt hald. Forvaltninga har både pisk og gulrot til rådvelde.
Dei såkalla frie midlane er langt på veg bundne opp i lovpålagde oppgåver og standardar med kommunane som utførande organ. Likevel meiner Byråsjefen at meir av kommunemilliardane burde øyremerkast, og skattar og avgifter vera standardiserte, slik at nasjonale prioriteringar får endå større gjennomslag. Då ville innbyggarane i heile landet vera sikra dei same goda og byrdene uansett kva kommune dei bur i.
VERTINNA tykkjer Byråsjefen ikjøtar grunnlaget for mistrua til den politiske klassen og styringseliten i sentrum som har sveipa over landets periferi og løfta fram Senterpartiet der ingen skulle tru at nokon ville finna på slikt. Ho misliker også at Spaltisten er opphengd i nasjonale trendar og les lokalvalet som ei slags folkerøysting om regjeringa og ei temperaturmåling for neste stortingsval.
Sjølv har ho større glede av å finna resultat som syner at personar, lokale saker og lister spelar ei viktig rolle – ikkje minst i nye storkommunar som er pinte og plaga og tvinga fram. Og slik skal det vera, for det er jo eit kommunestyreval. (Valet i dei vanskapte nye fylka bryr ikkje Vertinna seg om; der trur ho det blir rot, reveflåing og reversering.)
Kristeleg Folkeparti sukkar letta over at dei overlevde årelatinga, og i det gamle bibelbeltet gjekk det ikkje så verst. Vertinna har merkt seg at i ein valkrins Spaltisten kjenner svært godt, fekk Kristeleg Folkeparti 43,1 prosent av røystene, men så heiter då også ordføraren det same som valkrinsen. I Sokndal fekk dei 26,4 prosent av røystene og landets yngste ordførar, Jonas Andersen Sayed (21). I Evje og Hornnes, der det blei minus 17,6 prosent, var grunnen at far til partileiar Ropstad trekte seg som ordførar for å satsa på fylkespolitikken.
Etter striden om privatisering av Nordkapp-platået nådde SV det klassiske Jagland-talet 36,9 i Nordkapp kommune. I Røyrvik (Raavihke) i aller inste Trøndelag, der frammøtet var 75 prosent, fekk Samarbeidslista reint fleirtal.
Den Vertinna verkeleg vil gratulera med godt nytt på nytt, er distriktspsykopaten Alfred Bjørlo på Nordfjordeid, som nå er blitt cruisehamn. Medan Venstre slikkar sine grande sår, fekk ordførar Bjørlos parti 36,1 prosent av røystene i den nye og forunderlege Stad kommune.
SPALTISTEN tar reprimanden frå Vertinna, men minner om at ho har det med å kjefta på det meste kommunepolitikarane gjer. Ho vedgår det, men er glad for at dei stiller opp, slik at ho og andre idiotar har nokon kjende å klaga til. Dei er jo ikkje heilt utan sunt vit, og det er mykje lenger til rådmannen og dei andre framande som driv sitt firkanta kontorstyre.
Sjølv vil Spaltisten heilt uironisk legga til at det vel ikkje alltid er bygdenes og byanes beste kvinner og menn som stiller til val. Men me får ikkje dei politikarane me fortener, me får mykje betre politikarar enn me har fortent – elles ville det ha vore ille.
Samvitsfulle er dei også, og dei tar kommunale verv på alvor. Sjølv om ikkje alle kan måla seg i byrgskap med landhandlaren som kom seint heim frå valtinget, men måtte vekka kona: «Veit du kven du ligg saman med i natt? Første suppleant!»
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Me får mykje betre lokalpolitikarar enn me har fortent.
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.