Sideblikk

¿ EØS-elefanten er navet i skandalen

Nokre må tapa for at arbeidslina skal sigra. Vegen er kort frå trygdekjeltring til systemoffer.

Tysdag var arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) var i Stortinget for å gjera greie for trygdeskandalen som har sendt uskuldige i fengsel. Statsminister Erna Solberg seier at ho framleis har tillit til Hauglie.
Tysdag var arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) var i Stortinget for å gjera greie for trygdeskandalen som har sendt uskuldige i fengsel. Statsminister Erna Solberg seier at ho framleis har tillit til Hauglie.
Publisert

Lytt til artikkelen:

OFFISIELT SKAL NAV skrivast med store bokstavar, men også namnet har dei mista kontroll over: Det blir forveksla med logoen som har små bokstavar, og det vanlege i pressa er blitt Nav, som i Nav-skandalen.

Nav står ikkje for noko. Opphavleg var det eit akronym for slitet med å stabla på beina Ny arbeids- og velferdsforvaltning. Så blei det eit eigennamn og registrert varemerke. Men den underliggande konnotasjonen held: Denne mastodonten av ein arbeids- og velferdsetat er sjølve navet som får den norske velferdsstaten til å gå rundt – så lenge det blir smurt.

BYRÅSJEFEN innser at Nav har vore for nidkjær i jakta på trygdesnyltarar. Det har ramma sjuke og ressurssvake som har mista det vesle dei kunne få. Straffene har vore drakoniske, og rettstryggleik er som alltid skeivt sosialt fordelt.

På den andre sida er Byråsjefen sikker på at forvaltninga har handla i god tru og gjort sitt beste for å ta politiske signal om den heilage arbeidslina og den trugande trygdelekkasjen. Dei har late anden i det norske folkets trygdelov vega tyngre enn EØS-bokstavane. Forvaltninga har vilja verna den moralske kjernen i den norske velferdskontrakten mot Brochmann-utvala og den frie flyten av direktiv og pålegg frå dei europeiske overhusa. Ein kan ha ant at den slags har forrang, men når ein ikkje liker det, er det best å ikkje vita. Og korleis skal det gå her i landet dersom ein ikkje kan lita på systemet, Folketrygdlova og rundskriv frå forvaltninga?

Byråsjefen meiner det er grov aktløyse når politi, advokatar, domstolar, departement, Stortinget og den fjerde statsmakta har svikta kontrollansvaret sitt, men det kan ikkje forvaltninga ta ansvaret for: Heile systemet har kollektivt lukka seg inne i same paradigme og funne seg godt til rette der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement