JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

– Eit demokratisk opprør

I Kasakhstan gav presidenten sist veke hæren ordre om å skyte på demonstrantar. Forfattar Erika Fatland meiner det syner kor autoritært regimet er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Styresmaktene i Kasakhstan har slått brutalt ned på opptøyane i landet den siste tida. Her frå ein demonstrasjon i landets største by Almaty.

Foto: Pavel Mikheyev / Reuters / NTB

5394
20220114

Samtalen

Erika Fatland

forfattar

Aktuell

protestar i Kasakhstan

5394
20220114

Samtalen

Erika Fatland

forfattar

Aktuell

protestar i Kasakhstan

jesper@dagogtid.no

Den 2. januar gjekk folk i Kasakhstan ut i gatene i det som skulle utvikle seg til dei valdelegaste protestane sidan fridommen frå Sovjetunionen i 1991. I tre tiår etter murens fall styrte president Nursultan Nawzarbajev landet i eit brutalt regime. Då han gjekk av for tre år sidan, fekk han innsett ein handplukka etterfølgjar: Kassym-Jomart Tokajev.

Sist fredag oppfordra Tokajev styrkar til å skyte på demonstrantane for å få ein slutt på demonstrasjonane. Etter at 10.000 menneske er vortne pågripne og 164 drepne, har styresmaktene igjen fått kontroll på situasjonen.

Erika Fatland er forfattar og har skrive om reisene sine i Kasakhstan.

– Kva er det som skjer i Kasakhstan?

– Den siste veka syner konturane av eit svært autoritært regime som ikkje skyr noko middel. Det byrja med at galopperande gassprisar førte til opptøyar vest i landet. Over natta vart prisane på drivstoff dobla, noko som er alvorleg i eit land med så store avstandar som Kasakhstan. Det er neppe tilfeldig at protestane starta nettopp vest i landet. Alt i 2011 slo styresmaktene brutalt ned ein oljearbeidarstreik i byen Zjanaozen. Offisielt er det forbod mot å spekulere rundt det, men rundt 14 menneske vart drepne der. Så det sit nok igjen ein del agg frå den gongen.

– Men det handlar vel ikkje berre om økonomi?

– Overraskande fort spreidde protestane seg til større byar og vart eit breiare demokratisk opprør. Det er i stor grad ein protest mot ein politisk klasse som sikrar eiga makt og rikdom. Kasakhstan er eit rikt land, der dei økonomiske forskjellane er store. Då eg reiste rundt i Kasakhstan, møtte eg difor fleire som sa dei sakna sovjettida. Då var folk like og styret stabilt, seier dei.

– Den tidlegare presidenten Nazarbajev sa alltid at han prioriterer økonomi over demokrati, likevel veit dei fleste at familien hans lever i sus og dus. Landet har heller aldri hatt reelle demokratiske val. Presidenten vert kvar gong vald på nytt med ei oppslutning på nivå med det ein finn i Nord-Korea. Dei fleste eg snakka med på mine reiser i Kasakhstan, gidd difor ikkje å velje eingong, fordi dei meiner det ikkje nyttar. Samstundes har ein ny generasjon vakse opp som er lei av «dei gamle gubbane» frå sovjettida.

– I internasjonale medium er det snakk om ein intern maktkamp. Har nokon i maktapparatet kapra protestane?

– Det er for tidleg å seie, men eg trur det er lite sannsynleg. Her har nok raseriet til folk tatt full fyr. Likevel har president Tukajev nytta opprøret til å konsolidere eiga makt og fjerna ein del av Nazarbajevs støttespelarar frå regjeringa. Tukajev har i ein TV-tale etter opptøyane lova å gjere noko med dei økonomiske forskjellane. Han sa at nokre få har vorte rike, sjølv etter vestleg standard – det kan ein lese som eit stikk til Nazarbajev.

– Kasakhstan har bede om hjelp frå Den kollektive tryggingspakta (CSTO) – med Russland spissen. Er dette ei gåvepakke til Putin?

– I Kreml er det nok god stemning for tida, ja. Dei fleste hadde jo gløymt at pakta eksisterer. Under konflikten i Nagorno-Karabakh freista Armenia å få hjelp frå henne, utan hell. Og så må ein hugse på at ikkje eingong Lukasjenko påkalla tryggleikspakta under protestane i Kviterussland. For Putin er det berre positivt. Han kan no vise seg fram på heimebane som han som fekk orden på situasjonen.

– Men kvifor bad president Tukajev om hjelp så raskt?

– Det syner berre kor usikker Tukajev må ha vore på situasjonen. Eg har to teoriar om kvifor han så raskt bad om hjelp. For det første kom det meldingar om at politiet nekta å bruke vald mot demonstrantane i enkelte byar. Kan hende var Tukajev redd for at protestane skulle komme ut av kontroll. I tillegg vil ikkje Russland kunne leve med kaos i nabolandet. Så Tukajev kan ha komme Russland i forkjøpet ved sjølv å utløyse tryggingspakta.

– Korleis er forholdet til Russland?

– Kasakhstan er heilt klart veslebror. For å skjøne det må ein berre ta ein titt på geografien. Ingen har lengre grense til Russland enn Kasakhstan, og den kan ikkje Kasakhstan forsvare militært. Difor er dei avhengige av å ha eit venleg og godt forhold til landet. Likevel har dei ganske diskret sett i gang økonomiske insentiv for å få folk til å flytte til grenseområda i nord, der den russiske befolkninga er stor.

– Kva gjer opptøyane med stabiliteten i regionen?

– Det er vanskeleg å sjå nokon smitteeffekt. Sentral-Asia er i det heile ein trygg og stabil region, men er for det meste styrt av autoritære leiarar. No har folk i Kasakhstan sett kor langt styresmaktene er viljuge til å gå. Å skyte på eigne borgarar er eit ekstremt tiltak. Protestane er slått ned no, men det er som å legge lokk på ein kokande kjele.

– Kva synest du om at norske tidlegare politikarar har teikna eit glansbilete av Kasakhstan?

– Kasakhstan har lenge jobba med å styrke imaget til landet, spesielt i Vesten. Det har etter kvart breidd seg eit bilete av Kasakhstan som eit vellykka demokrati. At ein tidlegare norsk statsminister som Kjell Magne Bondevik hyllar Kasakhstan som eit vellykka demokrati, er ei skam.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Protestane er slått ned no, men det er som å legge lokk på ein kokande kjele.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.

Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
Ordskifte

Studieopptak og skulifisering

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis