JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ser ikkje grunn til kritikk

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) avviser skuldingar om at dei skal ha brote støyretningsliner i vindkraftsaker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4151
20200327
4151
20200327

eva@dagogtid.no

I regjeringa sine retningsliner for handsaming av støy i arealplanlegging frå 2012 står det at støyutrekningar som skal leggjast til grunn ved etablering av støyande verksemd, «bør ta høyde for utvikling anslagsvis 10–20 år fram i tid». I 2014 gav NVE Vardafjellet Vindkraft AS konsesjon til eit vindkraftverk med effekt på 30 megawatt i Sandnes kommune. Støyutrekningane som låg til grunn for konsesjonen, var derimot baserte på turbinar med samla effekt på 20,7 megawatt, og sa ingenting om utvikling fram i tid.

Rune Flatby, som er direktør for konsesjonsavdelinga i NVE, meiner likevel at direktoratet har alt på det reine.

– Det vart utført worst case-utrekningar for støy, og det vart vurdert som ein solid tryggingsmargin i handsaminga av konsesjonssaka i 2014, svarar han i e-post til Dag og Tid.

– Kvifor vart det ikkje sett krav om å greie ut støykonsekvensar av den samla effekten konsesjonen gjaldt?

– Samla installert effekt har inga direkte kopling til støykonsekvensar. I konsesjonshandsaminga skal konsekvensane av éi eller fleire konkrete utbyggingsløysingar greiast ut. Vert utbyggingsløysinga endra, må det gjerast nye støyutrekningar i detaljplanen, slik det er gjort på Vardafjellet, svarar han.

– Kva vurderingar av støyutvikling fram i tid baserte NVE seg på i konsesjonsvedtaket?

– Formuleringa «10–20 år fram i tid» frå støyrettleiaren syner til at støy frå enkelte kjelder kan variere med åra, og at det difor skal takast utgangspunkt i situasjonen med mest støy. Trafikkstøy frå vegar der ein kan vente meir trafikk om ti år, kan vere eit typisk døme. Dette er lite relevant i vindkraftsaker.

Vil ha avstandskrav

Ifølgje Flatby har direktoratet halde seg til dei til kvar tid gjeldande retningslinene for støy i alle vindkraftsaker. Det same har OED, ifølgje kommunikasjonsrådgjevar Peder Qvale i departementet.

– Grenseverdien for støy er ei tilråding, ikkje eit bindande krav, og grenseverdien for vindkraft er strengare enn for andre støykjelder, nett fordi støy frå vindturbinar kan opplevast som meir irriterande enn til dømes vegtrafikkstøy, seier Flatby.

Han syner til at NVE likevel har tilrådd at det vert innført krav til minsteavstand på fire gonger turbinhøgda mellom tubinar og bustader, som «ekstra sikkerhet i tillegg til støykravet».

NVE har òg føreslege at det vert innført nye rutinar for nabovarsling ved planlegging av vindkraftverk.

– Gjeld få

Det har ikkje lukkast Dag og Tid å få svar på kor mange av vindkraftverka NVE har godkjent så langt, som inneber at bustader kan få støynivå på over 45 desibel i snitt, men Flatby meiner det gjeld få etter 2012, då denne støygrensa vart sett. Og skal vi tru han, kjem naboane til Vardafjellet ikkje til å vere blant dei.

Han syner til at NVE no har kravd at worst case-støynivå skal vere på under 45 desibel i snitt hjå alle naboane ved Vardafjellet. Innstramminga følgjer av ei endring i støyrettleiaren frå Miljødirektoratet, ifølgje Flatby. Utbyggjaren av vindkraftverket har klaga på innstramminga.

NVE har òg sett krav om at det skal gjerast støymålingar når vindturbinane er i drift. Syner det seg at støygrensa vert overstigen, må vindkraftverket utføre nye støydempande tiltak.

Kor lett nett det vil vere, er derimot eit ope spørsmål:

Miljødirektoratet påpeikar i den nyaste støyrettleiaren at det er utfordrande å redusere støy frå eit vindkraftverk når det fyrst er etablert. «Flytting av turbiner er vanligvis uaktuelt. Drift av vindturbiner i støymodus eller periodevis stans av driften kan redusere støyvirkninger, men dette kan gi store produksjonstap. Etterisolering av berørt bebyggelse, utskifting av vinduer, skjerming av uteplasser med mere kan redusere støyvirkninger for berørt bebyggelse, men effekten av slike tiltak vurderes i mange tilfeller å ha begrenset virkning», heiter det i rettleiaren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Grenseverdien for støy er ei tilråding, ikkje eit bindande krav.

Rune Flatby, direktør for konsesjonsavdelinga i NVE

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis