JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ser ikkje behovet
for ny læreplan

Ungdomsskulelærar Tora Høgenes meiner dagens læreplan for samfunnsfag gjev både handlingsrom og tydelegare retning enn forslaget til ny læreplan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3492
20181207
3492
20181207

Læreplan

eva@dagogtid.no

– Slik skissa ser ut no, likar eg den noverande læreplanen betre. Ja, nokre av måla i han kan kuttast ut, men i det store og heile er det lettare å forstå kva som krevst av elevane i denne.

Slik oppsummerte ungdomsskulelærar Tora Høgenes høyringsinnspelet sitt til skissa for ny læreplan for samfunnsfag som no er under utarbeiding.

Ho har aldri tidlegare skrive høyringsfråsegner, men etter å ha sett den førebelse læreplanskissa no såg ho det som ei plikt å protestere.

Innhaldet i dei nye kompetansemåla for elevane er altfor omfattande og vagt, meiner ho.

– Vert denne skissa ståande, har lærarar ein enorm jobb føre seg. Eg trur det vert ein stor jobb både for lærarar og skular å finne ut kva som eigentleg ligg i desse kompetansemåla.

Vanskelege mål

I læreplanskissa for ungdomsskulen står det mellom anna at elevane skal kunne «utvikle og vurdere berekraftige handlingsalternativ til samfunnsutfordringar lokalt, nasjonalt, i Sápmi/Sábme/Sáepmie og globalt», «utforske kontrafaktiske spørsmål» og «forstå seg sjølv og samfunnet i tid og rom og drøfte korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar».

Mange av kompetansemåla krev svært høgt mogningsnivå hjå eleven, og fleire av måla er vanskelege både å nå og å måle oppnåing av, meiner Høgenes.

Nokre av måla er òg vanskeleg å skjøne.

– Eg skjønar ikkje sjølv kva det betyr «å forstå seg sjølv og samfunnet i tid og rom», til dømes. Korleis skal ein ungdomsskuleelev klare det? Vi skal sjølvsagt ha høge ambisjonar på elevane sine vegner, men det er òg viktig at kompetansemåla er moglege å nå, seier ho.

Problematiske verb

Dei som lagar læreplanane, bør ifølgje Høgenes òg tenkje nøyare gjennom verbbruken i kompetansemåla.

– Verba verkar generelt lite gjennomtenkte, og det er eigentleg det mest problematiske. Eitt døme er verbet «å utforske». Eg trur ulike lærarar legg ulikt innhald i det. Ser vi på ordboksdefinisjonen kan det tyde «lære å kjenne fullstendig». Legg ein denne tolkinga til grunn, er fleire av kompetansemåla nær umoglege å nå, seier ho.

Ho tilrår læreplanmakarane å byte ut verb som «utforske» med «redegjøre for, diskutere, analysere, undersøke, sammenligne». I høyringsinnspelet bed ho òg om at måla må utformast slik at dei sikrar ein viss felles kunnskapsbase hjå alle, både i historie, samfunnskunnskap og geografi, og at dei vert gjorde handgripelege.

– Læreplanen no kan sjå mindre omfattande ut, sidan kompetansemåla er færre, men i røynda er kvart mål så omfattande at læreplanen er større enn før. Det er eigentleg hovudbodskapen min, seier ho.

Lettare å navigere

Høgenes jobbar i dag i ein mottaksklasse på Haugerud skule, men har nokre år bak seg som ungdomsskulelærar i samfunnsfag. Ho ser behovet for å redusere talet på kompetansemål i læreplanen i dag, men meiner det ikkje er grunn til å endre læreplanen utover det.

– Eg meiner at mykje ved læreplanen vi underviser etter i samfunnsfag i dag, er svært godt. Han gjer det lett for lærarane å navigere i det store faget, samstundes som han er open nok til at vi har handlingsrom og metodefridom i undervisninga. Han sikrar òg at elevane lærer mykje av dei same tinga, og at faget har substans, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I røynda er kvart mål så om­fattande at læreplanen er større enn før.

Tora Høgenes, lærar

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis