Ser ikkje behovet for ny læreplan Ungdomsskulelærar Tora Høgenes meiner dagens læreplan for samfunnsfag gjev både
Ungdomsskulelærar Tora Høgenes meiner dagens læreplan for samfunnsfag gjev både handlingsrom og tydelegare retning enn forslaget til ny læreplan.
– Slik skissa ser ut no, likar eg den noverande læreplanen betre. Ja, nokre av måla i han kan kuttast ut, men i det store og heile er det lettare å forstå kva som krevst av elevane i denne.
Slik oppsummerte ungdomsskulelærar Tora Høgenes høyringsinnspelet sitt til skissa for ny læreplan for samfunnsfag som no er under utarbeiding.
Ho har aldri tidlegare skrive høyringsfråsegner, men etter å ha sett den førebelse læreplanskissa no såg ho det som ei plikt å protestere.
Innhaldet i dei nye kompetansemåla for elevane er altfor omfattande og vagt, meiner ho.
– Vert denne skissa ståande, har lærarar ein enorm jobb føre seg. Eg trur det vert ein stor jobb både for lærarar og skular å finne ut kva som eigentleg ligg i desse kompetansemåla.
Vanskelege mål
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.