Ser grønt på framtida
Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne står på same side i klimaspørsmålet, meiner Helga Pedersen.
Helga Pedersen på årsmøtet til Finnmark Ap i fjor. Årsmøtet sa nei til samanslåinga av Finnmark og Troms, men seinare tapte partiet truverd i denne saka, meiner Pedersen.
Foto: VIdar Ruud / NTB / scanpix
Arbeidarpartiet gjekk attende også i Tana i kommunevalet, men med 39,8 prosent av røystene var resultatet langt over landssnittet. Likevel er det uvisst om tidlegare Ap-nestleiar Helga Pedersen blir ordførar.
– Det viktigaste først: Blir du ordførar i Tana eller ikkje?
– Det skal vi forhandle om, og forhandlingane byrjar i dag.
– Senterpartiet har stilt seg på høgresida i Tana. Samelista er på vippen og avgjer ordførarkampen?
–?I mange år har Ap samarbeidd godt med SV og Samelista, og mange av veljarane våre gav slengarar til kandidatar på Samelista. Det er ingen tvil om at veljarane ser på Ap, SV og Samelista som ein allianse.
– Du er godt plassert for å forstå korleis Ap mista grepet om Nord-Noreg. Ap har dominert totalt i nord sidan krigen, no er Sp jamstore med dykk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.