JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ser grønt på framtida

Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne står på same side i klimaspørsmålet, meiner Helga Pedersen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helga Pedersen på årsmøtet til Finnmark Ap i fjor. Årsmøtet sa nei til samanslåinga av Finnmark og Troms, men seinare tapte partiet truverd i denne saka, meiner Pedersen.

Foto: VIdar Ruud / NTB / scanpix

5156
20190913

Samtalen

Helga Pedersen

leiar i Tana Ap

Aktuell

Ap-fall i Nord-Noreg

5156
20190913

Samtalen

Helga Pedersen

leiar i Tana Ap

Aktuell

Ap-fall i Nord-Noreg

peranders@dagogtid.no

Arbeidarpartiet gjekk attende også i Tana i kommunevalet, men med 39,8 prosent av røystene var resultatet langt over landssnittet. Likevel er det uvisst om tidlegare Ap-nestleiar Helga Pedersen blir ordførar.

– Det viktigaste først: Blir du ordførar i Tana eller ikkje?

– Det skal vi forhandle om, og forhandlingane byrjar i dag.

– Senterpartiet har stilt seg på høgresida i Tana. Samelista er på vippen og avgjer ordførarkampen?

–?I mange år har Ap samarbeidd godt med SV og Samelista, og mange av veljarane våre gav slengarar til kandidatar på Samelista. Det er ingen tvil om at veljarane ser på Ap, SV og Samelista som ein allianse.

– Du er godt plassert for å forstå korleis Ap mista grepet om Nord-Noreg. Ap har dominert totalt i nord sidan krigen, no er Sp jamstore med dykk?

– Ulike saker er viktige i dei ulike fylka. I Finnmark er det éi sak, og det er tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms. Ap var tydeleg imot samanslåing. Men i desember i fjor vedtok styret i Finnmark Ap å gå inn i fellesnemnda for samanslåinga, utan ein grundig diskusjon i partiet først. Vi betalte prisen for det i valet. Folk mista tilliten til Ap i denne saka. På tampen av valkampen programfesta Ap i Troms og Finnmark å arbeide for å oppheve samanslåinga, men det kom for seint.

– Kva var det som gjorde folk i nord så lojale til Ap i så mange tiår?

– Vi har representert folket. Ap har vore folk i nord og har gjeve uttrykk for det folk har meint.

– Ap blir no assosiert med sentralisering og upopulære reformer. Å vere eit såkalla styringsparti er eit handikap for tida?

– Eg er ikkje samd i at vi står for sentralisering. Ap ønskjer å bevare hovudtrekka i busetjingsmønsteret. I dei åtte åra med raudgrøn regjering vart det skapt 2000 nye arbeidsplassar i Finnmark.

– Ap stod bak sjukehusreforma, og føretaksmodellen har gjeve meir sentralisering av helsetenestene?

– Den reforma har vore kontroversiell, og eg er samd i at det burde vore lagt inn fleire demokratiske element. Men reforma gjer òg at vi kan behandle fleire og gje betre behandling. Og samhandlingsreforma har bidrege til at fleire helsetenester er flytta nærare folk.

– Synest du Ap har vore eit tydeleg opposisjonsparti dei siste seks åra?

– Nei. Både leiinga og resten av partiet vil at vi skal vere eit tydelegare alternativ til Høgre og Frp, men vi har ikkje lukkast. Det handlar ikkje om å skru opp volumet eller bruke sterkare adjektiv, men om politisk innhald. Vi må vise at det er tydeleg skilnad på den samfunnsutviklinga vi vil ha, og den regjeringa vil ha.

– Du har teke til orde for at Ap skal byggje ein allianse med MDG, SV og Sp fram mot neste stortingsval. Kvifor det?

– Det store oppdraget vårt er å skape tryggleik for folk. Det handlar om tre ting: velferd, arbeidsplassar og miljø. Vi treng varige politiske alliansar, og eg meiner det er naturleg å inkludere MDG. Dei er på same side som oss i klimaspørsmålet. Og MDG er ikkje noko som går over, dei kjem til å vere ein faktor i norsk politikk i åra framover.

– Det blir ikkje lett. Senterpartiet og MDG er grøne på svært ulike måtar?

– Det ser eg, og det er lett å peike på problema det medfører å invitere inn MDG. Men eg vil heller diskutere dei sakene vi må løyse i fellesskap enn å dyrke usemja. Og miljø og klima er slett ikkje berre noko folk i storbyane er opptekne av. I Tana diskuterer folk dagleg kor det har blitt av krykkja, kvifor det er så lite humler og kva som skjer i fjorden. Desse tinga er viktige for oss. Og det finst elsyklar i Tana òg.

– LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen åtvarar skarpt mot at Ap skal nærme seg MDG?`

– Om utgangspunktet er at eit slikt samarbeid inneber å leggje ned olje- og gassverksemda i morgon, skjøner eg at Hans-Christian reagerer. Men i eit større perspektiv veit vi at framtidas industri må vere klimavenleg. Og misjonen for Ap er å sameine omsynet til arbeidsplassar og å redusere klimagassutsleppa.

– Om Ap nærmar seg MDG i oljepolitikken, må de seie adjø til mange veljarar på Vestlandet?

– Eg meiner at vi skal samarbeide med MDG, ikkje kopiere partiprogrammet deira. Kan hende vil det vise seg at avstanden mellom partia er for stor, men det er verdt å prøve.

– Du var i rikspolitikken i mange år og var statsråd og nestleiar. No er du lærar på Tana vidaregåande skule. Korleis har overgangen endra perspektivet ditt på politikken?

– Ikkje så mykje, heilt ærleg. Nokre av emna dei diskuterer i Stortinget, som skule, psykisk helse og kommuneøkonomi, kjem tettare på no. Men eg har ikkje endra meg så mykje.

– I Ap-leiinga og på toppen av stortingslistene dykkar er det fullt av folk som aldri har arbeidd med anna enn politikk og kommunikasjon. Er det ein fare for eit arbeidarparti?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det er utruleg mange flotte folk i partileiinga og på stortingslistene. Men det er viktig å representere breidda i befolkninga og ha med folk som har levd eit vanleg arbeidsliv.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det finst elsyklar i Tana òg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis