Sentrum er ikkje lenger i midtenDet går på tomgang i , der dei rører rundt i verdilaus ordvelling. ANDREAS HOMPLAND

Det går på tomgang i dagspolitikken, der dei rører rundt i verdilaus ordvelling.

Frå ein partileiardebatt i debattprogrammet Holmgang i TV 2 i 11990-åra.
Frå ein partileiardebatt i debattprogrammet Holmgang i TV 2 i 11990-åra.
Publisert

Sentrum er eit rørleg politisk mål. Der er det i ferd med å bli like folketomt, oppløyst og daudt som sentrum i ein norsk småby eller bygdeby etter at meieriet blei lagt ned, nyskulen bygd ved riksvegen, butikkane flytta ut til kjøpesentra i sentrumsperiferien og bensinstasjonen og andre samlingsstader flytta etter. Tilbake i sentrum er det småbutikkar for spesielt interesserte, ned-slitne bedehus og folkets hus og rotlaus ungdom på vandring i bil, medan folk flest heng ved gjerda og ikkje heilt veit kvar dei skal gjera av seg.

Politiske tenkarar har prøvd å meisla ut ein politisk sentrumsideologi som skil seg klart frå det raude og det blå. Men i praktisk dagspolitikk er det meir dekkande å tala om mellomparti i ein flytande posisjon midt mellom. Når høgre og venstre graviterer mot sentrum, blir det lite spelerom att i midten.

BYRÅSJEFEN er godt orientert om forviklingane i sentrum og vil gjerne rydda opp. Han har lese seg opp på den komplekse historia, men har også ei halvgløymd fortid i ungdomspolitikken. Kvar han stod, har han vakta som ein statsløyndom etter at han melde seg inn i forvaltninga.

Han trugar i tillegg med å ta på seg å rydda opp i kvar norske sentrumsparti står i høve til søsken og brør i grannelanda. Det er eit fortenestefullt prosjekt, men han får venta til eit passande høve – til dømes om det skulle bli nyval i Sverige når lauvet har falle frå greinene. Eller når Kristeleg Folkeparti skal halda domedag over seg sjølv den andre november, to dagar etter allehelgensdag.

VERTINNA har alltid hatt sin heim i sentrum, men sentrum er blitt annleis og har flytta seg så mykje at ho ikkje veit kvar det er blitt av. Ho vil i alle fall ikkje bu att der saman med berre innflytta sosialistar og kristenfolk og lesarar, sjølv om ho ikkje har noko mot bondevikingar som gode grannar.

Politisk er ho komen i villreie, for alle parti beitar på den same allmenningen, og det er ein tragedie, så ho græt med det eina auga og flirer med det andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement