Kommentar
Seigliva skepsis
Kjernekraft gjev ikkje billeg straum, men har andre fordelar.
Nabo Jens Johansen og barnebarna står og «beundrer», skal me tru teksten som følgjer dette historiske biletet frå bladet Aktuell, den nye Haldenreaktoren i 1959.
Foto: Børretzen / Aktuell / NTB
For ei lita æva sidan, i 2009, bestilte Abu Dhabi fire kjernereaktorar frå sørkoreanske Kepco. Bygginga starta i 2011. Det tok lengre tid og vart dyrare enn venta, men frå mars 2024 har den siste reaktoren levert straum inn på det nettet til Dei sameinte arabiske emirata.
Atomkraftverket i Barakah leverer no 40 TWh straum i året. Kraftverket skal ha kosta om lag 250 milliardar kroner. Kostnaden for denne kjernekrafta er truleg kring 100 øre per kWh, kanskje noko lågare.
Kjernekraft har tvillaust store fordelar som heng saman med den høge energitettleiken. I 1 kilo uran er det like mykje energi som i 15 tonn kol eller 25 tonn ved. Dimed er arealbehovet til kjernekraft bagatellmessig, samanlikna med vindkraft og særleg bioenergi. Kjernekraft produserer stabil energi, i motsetning til sol- og vindkraft. I tillegg er denne kraftproduksjonen karbonfri, og påverkar altså ikkje klimaet, slik utsleppa frå fossile energikjelder gjer.
Samtidig som Abu Dhabi bestilte reaktorar, arbeidde Statkraft i Noreg med ein idé om å byggje kjernekraftverk i Grenland. Men energiministeren var skeptisk til atomkraft, og arbeidet vart avslutta.
I takt med at klimaspørsmålet har vorte stadig viktigare, har kjernekraftdiskusjonen teke seg opp att dei siste åra. Bergensmilliardæren og filantropen Trond Mohn har skipa selskapet Norsk Kjernekraft og rekruttert atomkraftprofilane Jonny Hesthammer og Sunniva Rose. Likevel sit skepsisen i, særleg på det øvste politiske nivået i Noreg. I Energikommisjonens rapport frå 2023, Mer av alt – raskere, fekk kjernekraft nokre små avsnitt, mykje mindre enn solkraft. Kommisjonen konkluderte med at kjernekraft ikkje er aktuelt i Noreg no.
Skepsisen kviler særleg på fire motførestillingar. Den første er prisen. Det er det vanskeleg å vurdere for ein amatør. Anslaget frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er at kjernekraft i Noreg vil koste mellom 140 og 180 øre per kWh, som er langt frå billeg. Det offentleg eigde energiselskapet i Ontario i Canada teikna nyleg avtale med GE Hitachi om å byggje eit kjernekraftverk i Darlington. Prisen ser ut til å bli noko lågare enn NVE vurderer for Noreg, kanskje ned mot 100 øre per kWh, for ein årsproduksjon på 10 TWh.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.