Seier Europa må bidra meir

Dei europeiske landa må bidra med meir pengar og ta imot fleire kvoteflyktningar, for å løyse situasjonen på grensa mellom Tyrkia og Hellas, meiner migrasjonsforskar Thomas Gammeltoft-Hansen.

Moria-leiren på Lesvos er bygd for eit par tusen personar. No husar han over 20.000.
Moria-leiren på Lesvos er bygd for eit par tusen personar. No husar han over 20.000.
Publisert Sist oppdatert

Fleire tusen flyktningar og migrantar var på veg frå Tyrkia mot grensa til Hellas og Bulgaria. Hellas tok i bruk tåregass for å stoppe dei. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan drog til Brussel og fekk EU-leiarane med på å diskutere EU-Tyrkia-avtalen frå 2016, og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel opna for å løyve nye milliardar frå EU. Så kom koronaviruset til Europa, og det vart stille om situasjonen.

Thomas Gammeltoft-Hansen er migrasjonsforskar og professor ved Universitetet i København og følgjer utviklinga på grensa mellom Hellas og Tyrkia.

– Forhandlingane det no er opna for, er slik eg ser det, eit uttrykk for at Erdogans strategi fungerte. Tyrkia har lenge kravd å reforhandle avtalane med EU, og no har han fått til møte.

– Korleis er situasjonen på grensa, kjem det stadig nye flyktningar og migrantar mot Europa?

– EU prøver å gå meir hardhendt til verks for å sperre grensene. Det kan dei gjere ved landegrensene, men dei klarar ikkje hindre at det kjem folk sjøvegen. Etter det eg veit, har det inntil vidare halde fram å kome folk til øyane. Hellas har òg bede om hjelp, men juridisk er situasjonen vanskeleg når landet samstundes har suspendert asylretten og dermed rokka ved rettsgrunnlaget. Difor er det eit ope spørsmål om dei andre landa kjem til å vilje stille med personell.

– Førre veke vart det meldt om fleire åtak på migrantar og flyktningar på øyane i Egearhavet. Er situasjonen like spent i dag?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement