Sanksjonar i hytt og vêr

Denne veka gav Putin opp å forsvara den russiske rubelen, og dimed gjekk det norske folketrygdbudsjettet framom det russiske forsvarsbudsjettet i storleik. Men det betrar neppe stoda for Ukraina.

Publisert Sist oppdatert

«Om ein vil undergrava det kapitalistiske systemet i eit land, svekk verdien av valutaen deira!» sa Vladimir Lenin. I så måte må Vladimir Putin snart stå føre ein kommunistisk revolusjon. I august kosta 100 rublar over 17 kroner; no må vi nordmenn berre betala 14,50 for den same. Mot dollaren har rubelen falle over 30 prosent så langt i år, berre i førre veke ramla han 8 prosent. Denne veka gav difor Den russiske sentralbanken opp å forsvara rubelen. Den fallande oljeprisen og dei stadig stramare sanksjonane gjorde det uråd å halda kursen opp.

Kva tyder dette, har det noko å seia? Ja, det får konsekvensar, til dels store konsekvensar. Om vi til dømes måler det russiske forsvarsbudsjettet i norske kroner, så var det ved inngangen av året på vel 400 milliardar kroner. Det norske folketrygdbudsjettet var på si side om lag 380 milliardar. Folketrygdbudsjettet er framleis på 380 milliardar, medan det russiske forsvarsbudsjettet no er kome under 360 milliardar.

Ja, de las rett: Den norske folketrygda målt både i norske kroner, euro og amerikanske dollar har eit større budsjett enn det russiske forsvaret. Det tyder sjølvsagt ikkje så mykje i rein makt; ein russisk soldat slår nok ein norsk uføretrygda i open strid, men det seier noko om kva lei russisk økonomi no går i.

Fast kurs

Kva er så dei konkrete mekanismane som fører til at rubelen går ned i verdi? Det finst i praksis berre to typar valutasystem, flytande og faste. I mesteparten av den moderne historia har dei utvikla landa hatt fastkurssystem, det Russland har prøvt ha dei seinaste åra. Det tyder at verdien av ulike valutaer målt mot kvarandre, ligg fast. Dei av oss som er litt opp i åra, hugsar at dollaren fram til ut i 1970-åra alltid kosta 7 kroner og 14 øre, som vi kvar dag vart fortalde av NRK.

Fram til 1914 vart alle valutaer målte opp mot kvarandre via det britiske pundet, og verdas penge­system vart langt på veg regulert frå London. Mellom 1945 og 1973 hadde USA det same ansvaret, og dollaren var måleininga. Men USA nytta reguleringsmakta til å trykkja altfor mange dollar, og slik fekk dei ein stor økonomisk føremon og ein unaturleg høg levestandard samanlikna med andre land. Fastkurssystemet, Bretton Woods som det var kalla, braut difor saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement