JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Dramatisk splitting

Den russisk-ortodokse kyrkja har brote med patriarken i Konstantinopel. Professor Pål Kolstø trekkjer parallell til kyrkjesplittinga i 1054 for å forklare kva det inneber.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det kjende Holeklosteret i Kiev er blant dei mange kyrkjebygningane og kyrkjelydane i Ukraina som høyrer til Moskva-patriarkatet.

Foto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB scanpix

4844
20181019

Samtalen

Pål Kolstø

Professor i russlands-
studiar ved Universitetet
i Oslo

Aktuell

Splittinga i den ortodokse kyrkja

4844
20181019

Samtalen

Pål Kolstø

Professor i russlands-
studiar ved Universitetet
i Oslo

Aktuell

Splittinga i den ortodokse kyrkja

Religion

eva@dagogtid.no

Det skjer store endringar i den ortodokse verda. Patriarken i Konstantinopel har godteke den ortodokse kyrkja i Ukraina som sjølvstendig og oppheva avhengnaden kyrkja har hatt til patriarken i Moskva. Som svar har den russiske-ortodokse kyrkja brote kontakten med patriarken i Konstantinopel.

Pål Kolstø, som er professor i russlandsstudiar ved Universitetet i Oslo, seier splittinga er dramatisk.

– Moskva og Konstantinopel er dei to gigantane i den ortodokse verda, og dei har rivalisert om leiarrolla i lang tid, utan at det har kome til noko formelt brot. Moskva-patriarkatet er suverent størst, medan Konstantinopel-patriarkatet er bitte lite. Gjennom alle hundreår har Konstantinopel likevel vore rekna som primus inter pares, det vil seie «den fremste blant likemenn», blant patriarkane.

– Kva følgjer kjem brotet til å ha i praksis?

– Det er vanskeleg å seie. Dei har ikkje hatt mykje samkvem før heller. Då Konstantinopel kalla saman til eit pan-ortodokst kyrkjemøte på Kreta for to år sidan, nekta russarane å kome. Nokre meiner det var fordi dei var redde for at Ukraina-spørsmålet skulle kome opp. Så dei konkrete indrekyrkjelege konsekvensane vert kanskje ikkje så synlege utanfrå. Verre kan det verte om sekulære politikarar brukar striden til å utdjupe konflikten mellom Russland og Ukraina.

– Kor dramatisk er dette kyrkjehistorisk?

– Det kjem heilt sikkert til å gå inn i historiebøkene. Det er kanskje ikkje like stort som då aust- og vestkyrkja braut med kvarandre i 1054, men likevel. Og for å vere i parallellen til 1054, tok det den gong lang tid før ein skjøna at det hadde vore eit ugjenkalleleg brot. Truleg kjem det til å gå lang tid før vi ser dei langsiktige praktiske konsekvensane no òg.

– Den ukrainske kyrkja har ønskt lausriving lenge. Kvifor seier patriarken i Konstantinopel ja no?

– Nett det er litt uklart for meg. Det kan vere eit trekk i maktkampen med Moskva, men òg noko som har modna over tid. Det kan òg grunngjevast prinsipielt. Her er det to prinsipp som står mot kvarandre. Det eine er at inga kyrkje som sorterer under eit gjeve patriarkat, kan verte autokefal, som vil seie sjølvstyrande, utan at moderkyrkja godtek det, noko Moskva altså ikkje gjer. Det andre er at det òg er hevdvunnen praksis i den ortodokse verda at alle nasjonar kan ha si eiga ortodokse kyrkje, og Ukraina har jo vore eigen stat sidan 1991.

– Kva betyr det som no skjer, for Russlands rolle i den ortodokse verda?

– Det er avhengig av kor mange andre kyrkjer som følgjer Konstantinopel i godkjenninga. Eg vil tru det gjeld dei fleste, med unntak av den serbiske og kanskje den georgiske, og at det kjem til å føre til ei kraftig svekking. Òg fordi om lag halvparten av alle kyrkjebygg og kyrkjelydar som Moskva-patriarkatet har, av historiske grunnar faktisk ligg i Ukraina. Til no har nokre av kyrkjelydane meldt overgang til Kiev-patriarkatet, men ikkje mange. No når kyrkja vert internasjonalt godteken, kan det ventast eit skred av slike overgangar.

– Kva for kyrkjebygg og eigedomar er det snakk om?

– Store og til dels svært symboltunge eigedomar som til dømes Holeklosteret i Kiev, som er ein gigantisk turistattraksjon. Det finst ikkje éi, men to ortodokse ukrainske kyrkjer. Det er Den ukrainsk-ortodokse kyrkja – Kiev-patriarkatet som braut med Moskva-patriarkatet under perestrojkaen – og Den ukrainske autokefale ortodokse kyrkja med røter i eksilkyrkja i sovjettida. Kva patriarken i Konstantinopel har godteke, er difor tvitydig. Sidan Kiev-patriarkatet er størst av dei to, er det truleg det det vert sikta til, men no vert det lagt sterkt press på dei to om å gå saman. Fleire i Moskva har ymta om at det kan verte basketak og blodbad om nokon prøver å ta eigedomar frå den Moskva-lojale kyrkja i Ukraina. Kyrkjelydane mange stader vil utan tvil vere delte i synet, og krefter utanfrå, både russiske og ukrainske nasjonalistar, ikkje alltid spesielt truande, vil kunne blande seg inn og fiske i rørt vatn.

– Er det som no skjer, ei oppskrift på storkrig?

– Nei, neppe, men derimot kan det føre til lokale valdshandlingar.

– Kva følgjer vil det ha i Ukraina?

– Ukrainske politikarar frå nesten alle parti har pressa hardt på for å oppnå godtaking av den ukrainske kyrkja, òg ut frå reint maktpolitiske omsyn. Særleg etter 2014 og annekteringa av Krim har det vore utoleleg for dei at brorparten av alle ortodokse kyrkjelydar i landet har lege under Moskva.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Truleg kjem det til å gå lang tid
før vi ser dei langsiktige praktiske konsekvensane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis