JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Saknar #MeToo-motrøyster

Gråsonene har fått for liten plass i mediedekkinga av #MeToo,
seier mediekritikar Anki Gerhardsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
#MeToo utfordrar tilliten til pressa, og mykje i mediedekkinga har ikkje vore lett å forstå, seier mediekritikar Anki Gerhardsen.

Foto: Eva Aalberg Undheim

4731
20180202

Samtalen

Anki
Gerhardsen

mediekritikar og journalist

Aktuell

Pressehandteringa av #MeToo-saker

4731
20180202

Samtalen

Anki
Gerhardsen

mediekritikar og journalist

Aktuell

Pressehandteringa av #MeToo-saker

eva@dagogtid.no

Denne veka fortalde tre av dei som varsla Arbeidarpartiet om ubehagelege opplevingar med Trond Giske, at medietrykket etter varslingane har vore ei ekstrabelastning. Dei anonyme varslarane skriv i Aftenposten at journalistar, ved å grave etter informasjon blant slekt og vener av dei, har vore med på å avsløre identiteten deira. Kommentatorar og presseetikarar har i ettertid kritisert arbeidsmetoden til journalistane. Mediekritikar Anki Gerhardsen meiner derimot ikkje at pressa har gått for langt.

­– Tvert om ville det pressefagleg vore ein glipp å ikkje grave grundig, særleg i denne saka der det er grunnlag for mistanke om interessekonfliktar. Sjølvsagt er det uhøveleg om det har bidrege til å gjere namna kjende, men å kontakte varslarane for å finne ut kva saka handlar om, graden av alvor, og å vurdere om det kan liggje føre ein skjult agenda, det er nødvendig for journalistane. Sjølv om alle har sterk sympati, omsorg og engasjement for varslarane, er det deira oppgåve å avdekkje, vurdere og opplyse om alle sider ved saka.

– Òg når det inneber å identifisere varslarane?

– Det er vanskeleg for meg å vurdere om dei har gjort det på ein god måte eller ikkje, men at dei gjer det, er viktig. Tenkjer vi oss det motsette, at pressa berre vidareformidlar alvorlege varslar utan å gå inn i dei sjølv, kva er då det journalistiske oppdraget? Her har vi å gjere med saker med alvorlege konsekvensar. Folk mistar jobb og stilling. Partia, organisasjonane og arbeidsgivarane skal ha vilkårslaus tillit til varslarane, men journalistane må finne ut mest mogleg. Det her er ei tid som òg utfordrar tilliten til pressa, og mykje i mediedekkinga har ikkje vore lett å forstå. Å syne publikum at ein har prøvd å finne ut kva varslingane inneheld, er difor òg viktig for tilliten til pressa.

–?Har publikum fått for lite informasjon totalt sett?

– Eg synest eg i lang tid hadde for lite informasjon til å vurdere sakene sjølvstendig. Journalistane gav for lite informasjon. Dei skreiv om varslingar, men kva dei inneheldt, visste eg ikkje. Var det snakk om overgrep eller uønskt merksemd? At dei har jobba med å finne ut meir, er viktig. Så må dei passe på kjeldevernet og at belastinga på personar ikkje vert større enn naudsynt, men pressa kan ikkje liggje i servilt sideleie heller.

– Kva synest du generelt om mediedekkinga av #MeToo?

– Mykje har vore bra, og pressa har vore med på å setje lys på ein tematikk vi ikkje har snakka mykje om før. Samstundes er eg samd med dei som meiner kommentatorane i for stor grad har opptredd som aktørar. Eg er òg uroa over at det er så få motrøyster, nyansar og ulike perspektiv som kjem til orde. Desse to tinga heng kanskje saman. Det eg har fanga opp når eg snakkar med folk, er at mange – særleg menn – oppfattar samtalerommet som eit farleg landskap å røre seg i, og at dei som har anna å seie enn at #MeToo-kampanjen er noko heilt fantastisk, risikerer følgjer både for eige omdøme og karriere. Om pressa ikkje klarar å lage rom, nyfikne og interesse for nyansar og ulike perspektiv, er det urovekkjande.

– Kva for perspektiv meiner du manglar?

– Det er mykje som kan diskuterast, mellom anna det at vi omtalar alt frå kleine situasjonar til faktiske overgrep med same alvor. Eg er òg nyfiken på kva forskinga seier om omfanget av seksuell trakassering, og om det er eit stort problem i samfunnet. Det handlar òg veldig ofte om gråsoner, der signal kan oppfattast på ulike måtar. No snakkar eg ikkje om Giske eller andre politikarar, men om mellommenneskelege relasjonar generelt. I media vert det framstilt som så klokkeklart, reint og enkelt kva som er seksuell trakassering og ikkje, som om den eine parten alltid er tydeleg og klar på manglande ønske og det er enkelt for den andre parten å fange opp. Feltet er meir komplekst, og gråsonene har ikkje fått mykje plass. Særleg med tanke på den yngre generasjonen er det eit presserande tema å snakke meir om.

– Norsk Presseforbund tek ikkje initiativ til drøfting av mediedekkinga av Giske-saka. Burde dei det?

– Det er viktig at saka vert diskutert grundig i etterkant, men eg synest diskusjonen bør gå føre seg i media. Det indremedisinske er éin ting, men å syne publikum at vi diskuterer, er usamde og kan ta sjølvkritikk innanfor journaliststanden, er òg viktig, og det har pressa alltid vore altfor dårleg på. Eg trur som nemnt mange slit med å skjøne presseetikk og -logikk i kjølvatnet av #MeToo-kampanjen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Pressa kan ikkje liggje i servilt

sideleie heller.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis